[Tidender.] Fraa Eidanger.


(Brev til Fedrah.).

Her i Eidanger hev me eit Skjotarlag som heiter Einar Tambeskjelvar. No nyst bad me inn fleire Skjotarlag og heldt ein større Skjotarfest. Der møtte fram inkje so faa helder, og etterpaa Skjotinga hadde me ein gild Fest. Den velkjende Spilemann Ola Kruke møtte som vanlegt fram og heldt oss med Spil; det er ogso ein Spilemann som er verdt aa høyra paa, og so er han so forunderleg morosam. Medlemarne av Skjotarlaget hev au anskaffa seg Luvur paalag som dei Politiemennerne brukar, og dei tek seg plent fint ut.

Skjotar-hus hev me og kostat upp, og eg treng vel inkje um aa nemna, at det reine Flaket stend og vaiar paa Plassen. Her er ein Skjotar, som eg vist kann setja øvst for Bratsbergs Amt; han heiter Olaus Landgangen. Den Tid, han var Soldater, var han og beste Skjotaren paa Moen. _ Nedi Kista hans finn Du svært mange Præmiar. Skjotarlagsstyret driv det vitugt, det stend soleids paa goe Bein.

A.


Porsgrunds Blad ber eg om aa upptake dette.

E. S. Den beste Skjotaren paa Eksecerpladsen Graatenmoen iaar var Furer Myr, han er ogso Lundherads beste Bjørneskjotar. A