1184-1884


(Del 6 av 7. Fyrste delen.)
 
(Framhald.)


Dei politiske Sjøarne hev gjenget høgt i den seinaste Tidi, men dei hev ikkje komet av seg sjølv. Der er andre Magter, som hev reist dei. Skal me retteleg skyna, kvat som hev hendt, lyt me sjaa etter, kvat detta er fyr Magter, kvat det er fyr eit Straumdrag i Lufti, som hev reist desse Sjøarne, kor sterkt det er, kor det kjem fraa, og kor det ber av.

Til aa finna ut detta, lyt me taka eit djupt Tak inn i Norigs Soga att.

I Millomalderen, i Norigs Stortid, hadde Nordmennerne mykje Samferdsel med England, Skotland, Irland og Frankrike; yver Nordsjøen var ikkje Vegen so lang dit, og derfraa kom den europæiske Kulturen til Norig og gav rikare Vokster aat dei nationale norske Kultur-Emne. Daa Norig sidan kom i Vanmagt, og Skipsferdi tok av, vart Vegen lang til Vesteuropa og litet Samkvæm. Tyskararne fekk Handelen med Norig og vart Mynsterlandet fyr alle tri Nordlandi. Danmark laag næmast Tyskland; difyr kom den tyske Kultur-Straumen fyrst dit, so til Sverige, og so fyrste kom han til Norig. Nordmennerne, som fyrr hadde fenget Gusti fraa Livet ute i Europa paa fyrste Hand, vart no liksom med eit Slag flutt ut til ein Utkant av Europa. So vaks Folket alle dei høgre Samfundslag av seg, og dansk-tyske kom att i Staden og breidde seg som eit Skal utyver det gamle Bonde-Samfundet, og Framande repræsenterad Norig fyr Utlandet.

Men daa Landet sidan tok til aa gaa fram att, vart dei høgre Samfundslag meir og meir uppblandad med norsk To; Skipsferdi aukad paa att, og Landet fekk Samkvæm med Vesteuropa att. I dei norske Byarne vart England Mynsterlandet, allvisst fyr Sjøfolk og Handelsmenner, og ved detta fekk dei eit Sermerke ut ifraa Danskarne, som var svært fortyskad. Ludvig Holberg, den norske Bokskrivaren, som grunnlagde Fællesliteraturen, tok sine Mynster fraa England og Frankrike og reiste ein Damm mot Tyskdomen.

I det 18de Aarhundrad lagad det seg til eit heilt nytt Livssyn i Vesteuropa. Dei tok til aa tru, at Naturi var god og guddomleg, at ho ikkje stod i Motsetning til Gud, men at ho sjølv var Gud (Pantheisme, at alting er Gud), at der ikkje fanst ei Motsetning millom godt og vondt, men at der var ein heil Tanke og ei heil Utvikling i alt (naturalistisk Livssyn). Dei største Tenkjararne trudde, at alt hekk ihop i ei samfeld Utvikling, fraa den fyrste Dya, som fekk Liv, uppetter til Gras og Blomar, Dyr og radt upp til Menneskja (Evolutions-Læra). Menneskja utviklad seg allstødt og vart betre og betre (Læra um Framstiget). Den menneskjelege Forstand kunne av seg sjølv naa upp til dei høgste Tankarne og turvte ingi Supranaturalisme elder guddomleg Openberring. Difyr lagde dei no meir Lag paa Moralen enn paa Trui. Medan Stormennerne fyrr hadde livt flust og haldet Aalmugen i Trældom og Aandsmyrker og trugat med Helvete, um han gjorde Uppstyr, og lovat han Skadebot i Uppheimen, naar han fann seg i Trældomen, so lærde Tenkjararne no, at alle Menneskje var fødde frie og like (Menneskje-Retterne) og at alle hadde Rett til her paa Jordi aa naa den største Lukka, som dei etter sin Lagnad og Givnad kunne faa (Humanitets-Grunnsetningar). Daa den store Revolutionen braut ut i 1789, tok dei til Vaapen mot Tyrannarne; alle, som var forpinte i alle Land, skulde vera Brøder og reisa seg mot alle Stormennerne; der skulde vera Broderskap yver all Jordi (Kosmopolitisme).

Desse Tankarne var det mange i Norig, som likad, men der tedde hine Tankarne seg paa ein annan Maate. I Norig fanst det korkje Feudalherrar elder liveigne Bønder, Folket var fritt, som daa Haarfagre-Ætti styrde Landet, der var ikkje Tyrannar aa reisa seg imot. Men Landet var som eit Lydrike under Danmark, socialt fritt men politisk ufritt, eit geografisk Begreb, det var ein Fødesheim og ikkje eit Fedraland. Daa Revolutions-Tankarne kom til Norig, vart dei ikkje kosmopolitiske men nationale, Arbeidet her gjekk ut paa nationalt Sjølvstende.

I Tyskland, Danmark og andre Land var det Romantikken, som fyrst kveikte Eldhugen fyr det nationale, men i Norig var det det attande Aarhundrads Tankar.

Daa Bakstrævet vann paa Revolutionen, umkring Aarhundrad-Skiftet, tok Romantikken til aa bløma. Medan Napoleon paa si Sigerferd gjekk fraa Frankrike inn i Tyskland, gjekk Romantikken fraa Tyskland den motsette Vegen. So raadde den, medan det heilage Samlaget var ved Magti. Til Norig naadde han mest ikkje aa kalla fyr i den Tidi. Det gode, som f ylgde med den romantiske Tenkjemaaten, Vyrdnaden fyr det nationale og dei gamle Ættemerke, det hadde Nordmennerne vunnet fram til fyrr paa ein annan Veg, og millom 1814 og 1830, daa Romantikken blømde som best i Danmark, laag det norske Aandslivet svært nede _ ikkje fyr di (som det jamt stend i Lærebøkarne) at Folk hadde so mange praktiske Ting aa tenkja paa, at dei ikkje fekk Stunder til aa liva fyr nokot større, Aandslivet trivst aldri i Daudvatn _ men fyr di den Manns-Ætti, som daa var uppe, var uppfostrad med Lydrike-Tankar fraa Barndomen.

Ved Juli-Revolutionen i 1830 vart det eit merkelegt Umskifte i Europa. Mot Slutten av 20-Aari tok de i Frankrike uppatt Tankarne fraa det attande Aarhundrad, um ikkje nett paa same Maaten Det heilage Samlaget løyste seg upp, ein ny Strid tok til med Kongevelde og Prestevelde. Fraa Frankrike, som no kom i Fyreenden fyr Europa att, fer det som ein Storm rundt heile Europa, og denne Stormen naadde Norig og førde 45 Bønder inn paa Stortinget i 1833, og det var ikkje romantiske Bønder, som me finn dei paa fine Maalarstykkje og i Diktarverk, med Helge-Bunad og Snorre paa Hylla og som let Embætsmannen raa; nei detta var Bønder, slike som dei i Røyndi er, realistiske, og som vilde hava den Magt, som dei etter Grunnloven skulde hava, reine Birkebeinar.

Detta var eit Straumdrag fraa Vesteuropa, som dreiv Straumdraget fraa Tyskland attende.

I Norig fekk det nye Livssynet Kjøt og Blod i Henrik Vergeland; men denne Gongen, liksom fyrr, vart Arbeidet i Norig nationalt og kosmopolitisk paa ein Gong.

Vergeland¹) aat ei Stund Bondekost og klædde seg i Vadmel og skreiv Visur paa Bondemaal, men det var meir Naturalisme enn Romantikk i det. Samstundes vilde han og, at Nordmannen skulde vera Kosmopolit (Borgar av heile Verdi) under Borgarkransen skodande fritt og vidt ut i Verdi.

Det fyrste store Diktet hans, Hovudverket hans Vergeland, het Skabelsen, Mennesket og Messias, Menneskehedens Epos og Republikanerens Bibel, som han kalla det. Detta Diktet er heiltupp bygt paa det Livssynet, som lagad seg til fyre den store Revolutionen, som kom uppatt i 20-Aari og var den aandelege Fyrutsetning fyr Juli-Revolutionen.

Vergeland maalar Menneskja fraa det fyrste Upphavet gjenom store historiske Bilæte, til dess Kristi Læra fører ho fram til aa vinna att Paradiset paa Jordi, der Broderkjærleiken skal raada og alle vera frie og like.

Romantikararne trudde, at Gullalderen hadde voret i gamle løyndomsfulle Tider, i

Livsens Morgon, men Vergeland trudde, Menneskja utviklad seg fram mot Gullalderen (liksom Saint-Simonistarne i Frankrike).

Den Kristendomen, Vergeland forkynner, er ei Læra fri fyr Dogmer; Kristus er fyr honom den store Folkelæraren, Platos Plato, Mynstermannen fyr heile Menneskja. Tyrannar og Prestar²) strider imot, alt dei orkar, men Folki vaknar alle Stader og ropar ned med Zeus, Bel, burt Satan, Loke! Endaa lenge strider Fiendarne til den rette Kristendomen fyr Krunur og Altar, men dei ryk; ettersom Ætten ældes, den ædles, og alle helsar kvarandre som Brøder:

Hver sin Thronhimmel i egen Pande har;
Hver i eget Hjerte har Altar og Offerkar;
Drot er hver paa Jorden, Prest er hver for Gud.

Deismen³) fraa det attande Aarhundrad finn me att i detta Diktet, likeins Pantheisme og Naturalisme. Gud er i Naturi, alt heng ihop og utviklar seg i ei lang Rad fraa Dyndet som belives gjenom Gras og Blomar og Dyr uppetter til Menneskja og lenger upp til Abiriels neppe skimtede Vingespidser. Detta er Utviklingslæra heilt gjenomførd. Difyr elskar og Vergeland alt det smaa, Blomar og Dyr; Rosurne og Vesle-Brunen skal han møta eingong i Uppheimen.

Detta Diktet kom ut i 1830, nettupp som Juli-Revolutionen braut ut. Vergeland gledde seg i den nye Fridoms-Tidi, og han lovad, at han skulde liva og verka etter dei Tankarne, han hadde framsett i Diktet.

Og Vergeland heldt Ord; han var ikkje berre Diktar men var paa alle Leider Fyregangsmann i det nationale Arbeidet. Den danske romantiske Diktingi kallad han fyr ein
Sofaliteratur. Men dei sanne Diktararne hadde voret Folkelærarar, sagde han; som fagre Luftsyn foran den susende Snekke glimrede deres Høibilleder foran deres Tid.

Vergeland var nettupp fallen fyr aa vera Fyregangsmann. Han kvad med Eldhug um Naturi, og han hadde ei bergfast Tru paa det norske Folket, som stod næmare Naturlivet enn nokot annat Folk i Europa, og som hadde fenget Fridomen paa ei reint forunderleg Vis, i beste Vaarspretten;

Da af et Kobbel Kongetigre jaget
i Oceanet Frankrigs Løve sprang:
ei for at redde ham, men Frihedsflaget,
en Ørn nedfor og bort med det sig svang;

so flaug Ørni millom Sky og Sol og feste den trifargad Fana paa Norigs Fjell, og Englarne steig ned og prisad Fridomsverket.

Vergeland vilde verta ein god norsk Borgar, Norig skulde verta rikt og stort att, medan Akset bøier Knæ i Plovens Seiersbane, og skulde vera som eit Tre, som skulde afryste sine Blomster paa vore Grave.

Seint og tidleg var han paa Ferde, naar det var nokot, som kunne vera til Framhjelp fyr Folket; var det ein simpel Mann, som leid Urett, kunne han vera viss um aa faa Hjelp av Vergeland. Han delte sit Brød med den fattige og trak sin Kjole af og gav til den, som ingen havde, sagde Fader hans um han.

Difyr elskad Folket han og; langvegs ifraa kom dei til han og søkte Raad og Hjelp.

Han vart ikkje gamal. Vaaren 1844 vart han laak fyr Bringa. Medan han var sjuk, skreiv han um og vølte paa det store fyrste Diktarverket sitt, so alle kunne sjaa, han heldt fast ved si Tru til det sidste.

Sumaren 1845, daa han vandrad burt, synte det seg, kvat han hadde voret fyr sitt Folk. Aldri hadde Norig set Maken til Likferd. Den endelause Ferdi glitrad med Fillur av simple Folk, som fylgde Venen sin til Gravi.

Fyrr eg gjeng lenger i denne Utgreidingi, lyt eg segja nokre Ord um Trui hans Vergeland. Dei kallar han Fritenkjar. Detta er sant paa ei Vis, han hadde ikkje den Trui, som Folk no krev av ein Kristen, men det er visst, at Vergeland sjølv heldt seg fyr ein Kristen, og at han gjekk fyr aa vera Kristen, endaa han ikkje dulde fyr Trui si. Han søkte Prestekall, og hadde fenget det og, soframt ikkje det hadde komet andre Ting i Vegen.


( Meir.)


¹) Forf. hev teket mykje etter ei Avhandling av O. S. i Nyt norsk Tidsskrift.
²) Dei fær si Straff og gjeng ved si Misgjerning:
Ve, Djævlene, vi for Folkene malte,
Vrimlende fylde vort Indres Bryst.
Vor Sjæl er den Satanas, hvorom vi talte.
³) Deistarne trudde paa ein Gud, men trudde ikkje, at det turvtest ei guddomleg Openberring.