Det er langt fram.


(Sjaa No. 34.)

(Del 2 av 3. Fyrste delen.)
 
 
(Traass. _ Paa Von og Vaag. _ Sprengen og Slengen.)


Det er berre ein Maate som ein kann koma fram paa sjølv og faa gjort nokot i Verdi. Det er aa arbeida, arbeida jamnt og godt, leggja den eine vesle Steinen uppaa den andre. Ein set seg eit Fyrimaal, reiknar ut si Arbeidsevne og Naturens Hjelp og med di legg ein traust iveg.

Det er tvo Ting, som lett kann verka Avvik fraa dette jamfarne, anten er Naturen for rik og flus hell so er han for arm og ustød.

Her i Norig er det siste Tilfellet. Det kjem so titt Ugjerdslur og Uhende, som umskiplar planlagt Verk og gjer all Ting vaalundt og uvist. Ein vert snart motlaus og tykkjer, det munar so litet; og skal ein gjera nokot, so tek ein anten til Traassenhell ein gjev seg yver, og gjer Reikning paa det, at daa Naturen gjev so uvist, kann ein likso snart slengja til aa faa nokot stort for ingen Ting som aa faa Nettuppen, naar ein strævad mykjet.

Der ein inkje er framifraa godt moralskt understudd, vil derfor Livet og Arbeidet vaart gjernast verta Traasshell som eit Lottspil.

Ein av Næringsvegjerne vaare, allvist, øver og nærer denne nationale Tilhugen: det store Fiskjet.

Stundom ingen Ting aa tena hell eit fælt nauvt Livberge, men det kunde daa ogso vera ei Von for aa verta rik med ein Gong.

Traass imot Vind og Uveer, imot Frost og Matløyse, Møde og Saknad paa alle Vis, men likevæl fylgjer Vaagnaden paa Voni med ein all Stad.

Eit annat Tiltak, som er paa baade Voner, og difyr etter Naturen vaar, er Freistnadar med Bergverksdrift, me er utruleg traassuge til aa driva med Skjerp etter all Ting; me legg gjerne iveg burti det umogelege, men so er me inkje trottuge; naar me inkje finn nokot med det same, so vert me keide, og um so ogso Reikningarne kunde lova oss nokot, um me heldt paa, so sel me det heller for Kontantar.

Korndriv dei og saar øvst uppe i Fjelldalarne, endaa det er sjeldan at det mognar, det er igjen paa baae Voner, dei liter paa Lukka.

Men Fedriftog høvelegt Garsstell , som treng jamnt Arbeid , men ogso gjev den jamnaste og sikraste Avdraatten, sjaa det legg me inkje stor Vinn paa. Det er merkjelegt dette, at det som skulde gjeva oss Rikdomen vaar, det som ligg oss so nære, det er det som er mest vanvyrdt.

Stundom vert me nok ogso so leide av aa freista berre med Lukka, at me lengjast etter dei jamne og visse Livevegjer. Men daa vil me jamnast hava dei utan aa gjera det seige og jamne Arbeid for det. Soleids likar me godt Skogdrift, fordi ho gjev store Pengar for ei liti Møde. Soleids likar me godt Embættesvegjen for dei visse Inntekter, og fordi me trur at Embættesmannen kann ganga berre Storkar og sleppa arbeida tungt.

Naar ein liver soleids anten det er paa Traassen, so held inkje den æveleg, men domnar burt i Likesæla _ hell um det er eit Liv, som heng berre i kvar Von, so er det snart Sprengen og snart Slengen, som fylgjer det.

Arbeidsgjerdivaar vert etter dette firfeld. Anten arbeider me i Sinne, og daa baskar me, berre so det gjer nokon Mun; men naar Sinnet gjeng av, vert me daude Trælar, som gjer det som er oss fyrilagt og inkje tenkjer etter meir.

Hell so flyg me kvast iveg med eit nytt Tiltak og naar so det vannlukkast, vert me so huglause og late, at me gjeng og driv og ingen Ting gjer, alt til me kjem paa nokot nytt att.

Dugelege Forretningsmenner her litet av. Me hev vænt oss til aa tru, at Liv og Natur er so ujamn og umskifteleg, at det nyttar aldri aa bruka Reikningi og byggja upp Spekulasjonar og setja Pengar ut paa dei, men me trur det er best aa liggja som Fisken gøymd bakum Steinen med Hovudet mot Straumen lurande paa um Elvi maatte føra einkvar Godbiten med seg. At kvar Mann er sin eigen Lukkesmed, det er eit forkastande Ord i Norig; nei ein maa venta, og passa paa og taka Lukka i Haandi det Bilet ho kunde treffa til aa koma siglande mot ein.

Og hev ein so fenget Tak i nokot Pengar, so er det aa gøyma dei undan fort; fyrr var det paa Kistebotten, no er det i Sparebanken, og so liva av Renturne; men aa setja Pengarne ut igjen til Uppdyrking av Landet hell til eitkvart annat nyttelegt Tiltak, det er det faae som tenkjer paa.

Det er inkje nokot Ord som soleids teiknar Livssyni vaar paa Framtidi som dette uvisse Svaret vaart: Eg fær no sjaa daa.

I Politikken vaar, i det religiøse, ja i heile Aandslivet vaart er det den same Gjerdi.

Det er Traass og Sinne, som hev fenget oss til aa gjort nokot i Politikken. Og paa den andre Sida ser me ofte Burtgjevingi til lause Voner og Flaksing paa Draumar, som naar dei dett sund, føder Tungsinn og Motløyse. I det religiøse og moralske ser me ogso ofte Traassen; anten er det Traass imot alt verdslegt og menneskjelegt hell so imot alt guddomelegt og heilagt, (me hev Natur til aa verta fæle Brotsmenn). Det skulde inkje undra meg, um Tru kom fram att som Traass mot Tvilen.

Naar Traassen hev gjort fraa seg, anten han so hev sprengt seg igjenom, hell han hev vortet temd, so kjem det fram dette likesæle, trøytte, daude, som me finn skrevet paa so utalleg mange Andlit i Norig.

Berre det inkje gjeng slik i Politikken vaar no ogso!


( Meir.)