Skuggsjaa.

 

Dei heldt eit Folkemøte uppe i Solør, og mange Novemberkaksar hadde møtt fram der. Og kvar og ein av desse Kaksarne hadde med seg eit Skrin med nokot rart i, og dersom Fedraheims-kjellaren hadde voret nokot større, enn han er, so skulde eg havt Hug til aa set nokot nærare ned i desse Skrini; men eg lyt no for Romet si Skuld lata meg nøgja med aa sjaa i eit Par av dei berre litet Grand. L. L. Daae sagde:

 

Nei! selv om man slaar Høiremændene ihjel, leve de ved det, de repræsentere; deres Ideer er udødelige.

 

Udødelige Ideer! kvat for Slags Idear er det dei hev? spyr vel mange. Aa jau, eg trur, at naar me ser attende paa det Høgre hev stridt for i det siste, so tarv me inkje vera i Tvil. Me ser av deira Framferd, at dei inkje hev nokot med den Ide, at Mennesket lever ikke af Brød alene, aa gjera. Hadde dei det, so kom dei trulegt til aa arbeida litt meir for gode Skular og ellest det, som kunna verta til Framgang for Folket i Landet. Men dei hev andre Idear elder rettare sagt: dei hev ein Ide, og denne Ideen lyder slik: Maten fyrst og fremst.

 

Ut ifraa denne Grunnideen hev dei arbeidt for kongelege Prærogativer og Veto og Yverhus. Dei hev lært so mykje i Livsens Skule, at Biff og Karbonade og Sjampanje og Sjerry er bettre enn Havregraut og sur Mjølk, og so hev dei arbeidt trulegt for aa grava til seg alt det beste, alle feitaste Embætti. Og denne Ide er udødelig. Aa ja, det kjem vel altid til aa liva Folk, som hev Buken til Gud, so Daae hadde inkje so mykje Uret i det han sagde.

 

Høgres Idear er inkje avlidne endaa; men Høgre som Parti, dei er ihelslegne, difor hadde og Løvenskjold rett, daa han sagde:

 

”Høire er nu opspist og slagtet som Galtene i Gudelæren.”

 

Sume segjer og, at han sagde, dei var daude og uppetne som Bukkarne hans Tor. Men anten han sagde det eine elder det andre, so sagde han sannt. Men hadde Løvenskjold havt so mykje Vit, at han saag, kvifor Høgre no var daude som Bukkar og Grisar, so vilde han trulegt have lagt attaat, at Grunnen til, at dei fekk ein slik Avgang, var den, at Partiet hev livt som Bukkar og Grisar, og daa vilde han helder inkje hava ymtat um, at Høgre, som Parti, vilde reisa seg att.

 

For det er nettupp denne Bukke- og Griseskapen i vort politiske Liv, som me no hev teket til aa rista av oss, og som me vil arbeida imot, til han reint vert burte. Ellest tykkjer eg, Løvenskjold var hard ved Høgre, naar han kom med slike Samanlikningar. Tenkja seg til: Den oplyste Del af Nasjonen _ Bukkar og Grisar.

 

Kvat segjer du til det, Friele?

 

I Møtet i Pultosten skulde no Høgres Program koma. Det kom inkje; men Møtet var like fult eit Hende, som kjem til aa hava stor Innverknad paa vaart politiske Liv, dersom Morgenbl. er truande. Høyr her, kvat det segjer i No. 240 A:

 

“Dersom man vil have en Maalestok for Betydningen af det i Kristiania nys afholdte Høiremøde, saa kan man finde den ved at se Venstrepressens Raseri.”

 

Venstrepressens Raseri? Hm, det var daa undarlegt. Eg hev no leset alt saman av det, som Vinstrebladi her i Hovudstaden _ og mange av dei, som vert utgjevne utanfor Hovudstaden og _ hev skrivet um Møtet i Pultosten; men nokot, som hev tydt paa nokot Slags Raseri, nei det hev eg inkje funnet der. Tvert imot. Det saag helder ut for, at dei berre hadde Moro av heile Greida. Eg for min Del laut no læ mest eg orkad, daa eg las det, som Verdens Gang, Dagbladet og fleire av Vinstrebladi skreiv um Novembermøtet, og eg hev som eit Tvilsmaal um, at det inkje var fritt for, at Bladstyrararnelog medan dei skreiv og. Nie Tiandedelar av heile Noregs Folk log aat desse Novemberkultarne, som gjestad Hovudstaden, og endaa talar Morgbl. um Venstrepressens Raseri. Eg tykte som sagt, at dette var undarlegt; men so drog eg meg til Minnes nokot.

 

Det var Dagen fyrr Ministeriet Sverdrup vart utnemnt, at eg gjekk uppetter Karl Johan. Daa eg kom so langt upp, som til Grand Hotel, vart eg var ei Syn: Den Del av Morgbl., som er Kjøt og Blod og Floshatt og Brillur, stod paa Gata og rødde med nokre andre av den upplyste Del. Og daa hende det, som vist aldri hev hendt fyrr: daa log Morgbl. Det stampad med Staven sin i Gata, og rett som det var, slog det ut ein Laatt, som kunna høyrast lang Leid. Den Gongen tenkte eg strakst ved meg sjølv: no er Morgbl. rasande. Og Dagen etter, daa eg fekk Tak i den Del av Bladet, som er Papir og Svorte, daa fekk eg Vissa for, at eg hadde tenkt rett. Daa eg no tenkte meg um etter dette um Venstrepressens Raseri, daa skynad eg, at dei uppe i Morgbl. legg ein annan Meining i Ordi, enn me andre, og at dei tolkar Kjenslurne sine med eit annat Minespil enn me. Naar dei soleids ser elder høyrer nokot, som dei veit kjem til aa tyna dei, daa vert dei, som ventelegt kann vera harme og illvorne av seg, og _ lær; men naar dei høyrer elder ser nokot, som dei hev Moro av, daa griner dei og skjer Tenner og rasar.

 

Og slik gjer den upplyste Del av Patagonia og, segjest det.

 

Jau, det er, som eg hev sagt, at det er Framgang her i Landet no. Det er soleids reint hugnalegt aa sjaa, korleids gamle Morgbl. kjem seg. Litt lenger nede i same Stykkje, som eg nemnde litet av ovanfyre, kjem ei historisk Sanning so stor, at Madame de Staël elder eit annat vitugt Menneskje inkje kunna segja nokot sannare. Sjaa her:

 

”De store politiske Partiers Programmer opfindes ikke for Leiligheden. De vokse frem af de Hovedgrundsætninger, som besjæle Partierne og faar sin Form af den historiske Udvikling og af Situasjonens Krav.”

 

Det var inkje dumt det. Nokot greidare Form for Tanken kunna kanskje inkje voret av Vegen; men ein skal inkje venta formykje endaa, for Morgbl. hev nyst lagt seg etter aa bruka Vitet sit. Me kann vera glade for det, som er, for det er inkje so lengje sidan Bladet, kom med slike Daarskapar som det, at Sverdrup lagde seg Program, som han vilde for aa halda seg ved Magti, og at dei, som fylgde honom, inkje hadde minste Vit paa, kvart det bar av. Men no slepp me vel slik Tale oftare. No hev Bladet fenget Augo upp for, at eit Parti inkje kann halda seg, utan der er nokot, som besjæler det.

 

Morgbl. er paa ein god Veg.

 

Men eit Stykkje lenger nede paa sama Spalte, hev nok Morgbl. gløymt seg sjølv. Me veit, det sagde for ei Tid sidan, at Kyrkja burde skiljast fraa Staten; men no kjem det og fortel oss, at Høgre bland mange andre Ting og vil hava Statskyrkja paa sit Program. Folk kann vel tykkja, at det er undarlegt aa vingla slik; men for meg er det eit Merkje paa nokot godt. Det er nemleg altid slik, at i det sama Aandslivet vaknar i ein, liksom i gamle Morgenbladsstyraren no, so hev ein vondt for aa faa eit Yversyn yver alt i ein Gong. Ein hefter seg snart ved den eine Utsida og snart ved den andre, og paa den Maaten kjem ein ofte til aa motsegja seg sjølv.

 

Det er fyrst, naar ein kjem eit Stykkje lenger i Utvikling, at ein kann sjaa yver alt ved ei Sak paa ein Gong og so tala ut fraa dette sit Syn. Og eg hev som ei Von um, at den politiske Morgenbladsstyraren og kjem so langt med Tidi. Um det kjem eit elder annat litet Atterslag, det skal me inkje heftast ved.

 

For det ser ut for, at Mannen hev teket det aalvorslegt med sine politiske Studeringar no i det siste.

 

 

_r _.

 

Frå Fedraheimen 06.09.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum