Tidender. [Fraa øvre Telemarki.]

 
Kristiania, den 5te September.

 
Fraa øvre Telemarki.

(Brev til Fedrah.).

Folk er no for det meste ferdige med Slaatten. I some Bygdar hev dei ogso gjort ifraa seg Skuren. Høymengdi vert so midels, somestad lite meir og somestad nokot mindre enn ifjor. Det vart for mykje Vaarbeiting, daa det var so sein Vaar, at Kreturi ikkje kunde bergja seg i Skogen før ved Jonsokleite. Og so alt for lite Regn hev det og voret. Jordepleaakeren var so turr som ein Sandhaug, og somestad hev Graset fallet ned av Turkjen. Og Jordepli er so smaae, at Folk fæler for dei. Men no kann det henda, det vil koma til aa retta seg, daa me hev fenget Regn. I tvo Jamdøger hev det no silregna, so det heiltupp er stor Flaum i Dag. Vilde det no berre ikkje halda paa forlengje og so verta for kalt etterpaa, so kann det nokk verta nokot av Jordepli og. Med Korn fær Folk som til Javnaden, kanskje helder nokot mindre somestad.

Og Tiderne hellest er det ikkje rart med, berre smaasamt kor ein høyrer. Mange skjynar kje, koss dette vil enda. Av Arbeidsfolket stryk til Amerika so mange, som paa nokon Maate kann koma seg avstad. Og dei som ikkje hev nokot aa gjera med sjølve, fær til seg sende Bilettar fraa Amerika. Fleire og fleire reiser paa denne Visi. Ein som dreg um Vaaren sender for det meste heimatt tri _fire Bilettar um Hausten. Han hev nokk ikkje Pengar til det sjølv; men dei han vil hava etter seg byggjer (festar) han til ein elder annen kjend Mannen paa ei viss Tid og so for Løni deires paa Fyrhaand. Dei arbeider daa sjølve upp att Biletten, naar dei kjem over. Denne Maaten er mykje betre enn aa faa Bilett av Amerika-agentarne. Daa kann ein tidt lida vondt som ein Skrubb og maaga arbeida for ei meiningslaus liti Løn. Og lang Tid kann det og taka; for det vert teket berre visse Prosenter av Dagløni til aa betala Biletten med. Resten gjeng til Upphaldet, som daa vist vert dyrt nokk. Derfor bør alle som maa reisa paa Bilettar, helst faa dei av Kjenningar elder Skyldfolk. Kaup aldri Bilettar utan reide Pengar av Amerika-agentarne! Ni av ti vil trega paa det.

Vondt um Arbeidsfolk er det før, og verre vert det, naar so mange skal liggja paa Eksismoen so lang Tid av Sumaren og gjera Apestrik. Folk fer no til aa muldra seg imillom, at slikt ikkje gjeng ann lenger. Og ei Forandring maa det snart verta og; for hellest kann Folk verta nøydde til aa gjera Streik, som ikkje er plent det same som Apestrik. Militærstellet dreg mang ei blank Krune or Rikspungen; men ein kann hugheilt segja, at dette er det mindste. 80 Dagar av Aarsens beste Tid kostar ogso Pengar. Gjer eit Reknestykke, Godtfolk, og De fær sjaa!

I det nye Riksstyret er me svært glade. Det beste er godt nokk, svarar Folk, naar dei vert spurde um, koss dei likar det. Og kjem nokon av Kongsraadarne hitupp paa Vitjing, so skal han faa ein annan Fagning enn som Selmer fekk, daa han trudde det var Smaaungar, som heldt Styr for honom. Og me ventar snart aa faa sjaa ein av dei nye Kongsraadarne. Me vonar, at dei ikkje tek Skikken etter sine Fyremenn: aa sitja Krakk heile Aaret ikring. Det vil verta eit Folkekrav, at dei gjer seg personleg kjende i alle Landslutar. Det er den einaste Maaten aa faa fullgod Greide paa Folkemeiningi og Livevilkori. Og utan det ingi god Landsstyring.

Maalmennerne her, og dei er det mange av, er serumslags glade i Ministeriet Sverdrup. Dei hev Von um snart aa faa sjaa det norske Maalet sitja paa den gamle Sessen sin: Høgsetbenkjen i Folkjets Aandsheim. Johan og Jakob Sverdrup hev av alle Tingmenn tala varmast for Maalsaki sin Rett. Det som er gjort for Maalet i Tinget hev me aa segja dei aa takka for. Og Statsraad Blix hev og gjort sitt, veit me. So no er det all Von um baade store og gode Tiltak for Maalsaki. Med Umsetjingi av Bibelen t.d. vil det vel no verta drivet paa med Hardom. Og likeins med det andre. Med det same vil eg faa segja, at mange her tykkjer det er rart, at Fedraheimen ikkje hev Lysingar fraa Skien. Det er kje nokot Blad som vert so mykje leset her som Fedraheimen. Ein maa mest koma kor ein vil, so ser ein honom paa Bordet. Og so er det kje med honom som andre Blad, at han vert kasta, naar Lederne og Smaanyhederne er lesne; kvart bidige Ordet vert leset i Fedraheimen. Skiensbladi er svært sjeldfengde her, berre eit her og der; her i Bygdi finnst aldri eit. Dei hev vel fleire Lesarar i sjølve Skien enn Fedraheimen; men Lysingarne skal vel helst vera for Upplandet. Og vil Kaupmennerne i Skien hava sine Ting kjende i Telemarki, so lyt dei lysa dei upp i Fedraheimen

 
30te August 1884.

m + a.