[Tidender.] Brand i Kjøbenhavn.


Kristiansborgs Slot hev brunnet. Det var ein overlag stor og gild Bygning som det er paakostat mykje Pengar, og Skaden reiknad dei no til mange Millionar.

Det var so romsamt og stort, at alle Riksmagter hadde Husrom i Bygningen. Riksdagen hadde Møtesalarne sine der og Kongen hadde sine Festhallar og Høgsterett og Statsrevisjonen hadde Tilheldet sitt der. Store Boksamlingar av fyrste Rang, mange Slag gamle vigtuge Skrifter, som inkje finst andre Stader og so dei frammifraa gilde Kunstsamlingar, Maalastykkje og Torvaldsens Museum. Alt var stuvat ihop i denne Bygningen.

Fredagsaften var det Elden kom upp og han heldt paa og rasad til langt paa Natt. Logen sleikte seg uppyver Byen og Himmelen var raud aa sjaa i mange Mils Frastand.

Store Folkehopar for gjennom Gaturne, heile Kjøbenhavn var forfærd. Alle baud fram si Hjelp til aa redda det som reddast kunde, men Brandmeistaren var reint som forkvifsad, so han inkje magtad aa faa føra Hjelpararne og Brandsveinarne sine paa rett Vis. Og det var vaalegt for dei som var ukjende aa vaaga seg forlangt inn i alle dei krokutte Gangar, medan Logen bragad paa alle Kantar. Det kunde henda, at han fann inkje ut att, hell at Elden stengde Vegjen hans hell brennande Bjelkar kunde detta ned og legga honom i Grav. Kor mange Mannsliv, som rauk ned, er endaa inkje vist.

Fyrst og fremst gjekk daa kvar Manns Umhug ut paa aa redda undan dei gjilde Kunstverk, som er Landsens Prydnad og som korkje Gull hell Flogvit kunde skaffa igjen. Stordelen fekk dei ogso bergat paa ein Maate endaa mangt vart handvalkat og syrgjeleg skjemt, men store Kunstskattar rauk daa ogso med, det var umogeleg aa faa dei undan.

Detta Slottet vart ferdigbygt 1740, men 1794 brann det upp og daa lagde heile Folket til og samlad ihop 800,000m Rdl. Krt. for aa faa det istand att.