[Tidender.] Landbruksutstillingi i Nærbø.


(Brev til Fedrah.)


Det var ei Utstilling fyr heile Stavanger Amt dette, og den umfatad: Stor- og Smaafe, Husflitarbeid sovel av Karfolk som Kvende, Budraatt _ Smør og Ost _ og Avling af Aaker-, Eng- og Hagebruk.

Nærbø Jarnvegsstation var flust tilstelt med Flag, men eg skal segja deg gode Fedraheim at eg saag ikkje eit einaste reint Flag. Seg meg so kvat me skal med eit sjølvstendigt Maal, no me ikkje torer halde sogodt som ei Landbruksutstilling forutan Unionsmerke og svenske Flag?

Fesjaaet hadde fengji Plass paa ei flat turr Lynghei eit Stykkje nordvest fyre Stationen.
Her var innmeldt umlag 300 Storfe. Denne Samlingi var ikkje for mykje einfengd, ein fann her so motsett Lag og Skap paa Fe, som det er vondt um aa raaka til aa sjaa paa ein Stad. Det var store Kjøtuksar av Korthorns-og Ayrshire og ned til reint Skrapekyr som aldri burde hava voret utstelte. Av Sauer var det innmeldt paa Lag 100 Katalognummer, og av desse var der fleire Flokkar av Sauder, so eg gissar paa umlag 200, 300 Smaafe. Her tykte eg det var mindre Skil, eg fekk ialfall den Tokken, at Smaleavlen stod paa betre Fot enn Bufeet.

Berre no Bønderne brukar Blanding med det framande _ engelske _ Smalaslagi med Vit, so det ikkje vert ihopmengt og utskjemt alt. _ So tok eg fraa den livande til den livlause Avdeling _ nei livlaust var det no ikkje, for der var so fullstappa av Folk, at ein laut knubbe seg fram med Magt; men det som var utstelt her var Avdraatt og heimeverkt Arbeid.

Den Greini hadde fengjet Plass i Klokkarsgarden paa Motland. _ Paa Vegen dit snaavad eg uppi nokre Ploger og Harver og Maskinar som stod der til Ettersyn, for dei tevlad ikkje um Pris. Her var baade tyske og svenske og norske Fabrikkverk, og det er meg ei Gleda aa kunna segja, at dei sidste fullt ut maalad seg med dei hine _ so vaare Bønder handlar dubbelt til sin eigen Bate, naar dei brukar norskt Arbeid. Av Fabrikkar her i Amtet skal eg nemna: Kvernelands Fabrikk, Sandvigens Fabrikk _ Aalgaards Uldspineri, Stavanger chemiske Fabrik _ Oftedals Dreieri m. fl. som alle vitnar um at me kann vera og verta nokotsonær sjølvhjelpne. Men no til Motland ! Det fyrste eg merkte meg her var, at Husromet var myket forlitet, baade for dei utstelte Saker og for Folket som sjaa skulde. Her var mangt aa sjaa; Korn og Mjøl og Gryn _ Eple i so mangfaldige Slag baade Jordeple og Søteple og dei sidste so fine som dei skulde voret fraa Hamburg elder Hardanger, endaa dei var vaksne hjaa ein Bondemann burt- paa Jadren, Tobias Kvia. Det er Hugnad aa sjaa at ein Gardamann som legg seg etter Hagastell traassar Veerlag og andre Mein, so han kann driva dette so langt fram, paa same Tid som han ogso driv Gardsbruket sitt framifraa. So var der uhorveleg store Turnips, Kaalrabi (baade av dei som veks under og ovanpaa Jordi), Fræ av desse og Timotei, Kaalhovud, med mange Slag Grønsaker og Blomster. Naar ein tek undan eit Par Samlingar fraa utlærte Gartnerar var det andre fraa Gardbrukarar. _ Av Budraatt var innmeldte 30 Prøvur av Smør fraa Saude og 1 fraa Meierier. Det same Meieri, Sandnæs, hadde utstelt 4 Prøvur Ost, ialt 7 Prøvur av det Slaget. Av Kvinne-arbeid var ialt innmeldt 63 Prøvur og av Karsarbeid umlag 40. Av desse tilkjem Kvernelands Fabrikk og Oftedals Dreieri iser all Æra liksom T. G. Kverneland og andre og hadde utstelt gilde Saker. Provst Lanstad hadde stelt ut ein Tollekniv og ei Fiskestong, han sjølv hadde arbeidt, vart det sagt. No er eg komen til Utgangen av denne Avdelingen, det er berre sovidt eg kann naa Trænet. Vil du hava Greida paa Premiarne fær dei koma seinare.

g.