Fraa ei Sumarferd.


(Av Bernt Støylen. )
 
(Del 3 av 4. Fyrste delen.)
 

Finnland i August 1884.


Finnebad elder Lauging er ei gomol Sid, som andre Folk kunde ha godt av aa taka etter. Ein treng ikkje um aa vabba uti opne Sjøen fyr aa lauga seg her. Det er no sagte det friskaste; men gamle Folk og andre med kvider gjerne imot det. Sume Stader i Noreg er det reint ei Skamm aa lauga seg, og so gjeng Folk skitne heile halve Aare. Dei berre rotar ein Grand av Fingranne og so vaskar dei Hovude Laurdagskvelden. I gamle Tider laugad Folk seg heile og haldne ein Gong kvar Vika og oftare med sume Stader. Laugdagjen høvde gjerne bedst til det, og difyre kallad dei han ogso Laugardagjen. Denne gamle Visi hev dei enno i Finnland. Ein Gong fyr Vika skal dei lauga seg alle ihop, Baansunganne og Tenestfolkje og Husbondsfolkje og dei gamle i Huse. Paa kvar Gar hev dei ei Badstova elder eitslags Eldhus av Timber. I Gruva stend ein dugeleg Vasskjel; i den eine Kraai er ein breid Benk og ein fagna Vass-stamp og i hi ein stor Steindungje og uppyver han er ei gisa Hylla tett uppunder Takje. Der er det godt Rom fyr eit Menneskje aa leggja seg uppaa. Den Dagjen dei skal lauga seg, kveikjer dei under Kjelen um Morgonen og let Vatne koka til det er brennheitt og Steinanne heitar dei ogso upp. Der vert no fjelgt i Badstova med daa, kann du vita. So gjeng ein ut i Badstova og klæder av seg og legg seg paa Hylla uppunder Takje.

So kjem det ein og slær det brennkokande Vatne ut yver dei heite Steinanne so Govet tyter og frøser or dei og strøymer uppyver han som ligg paa Hylla. Det vert heitt deruppe daa, kann du vita og Sveitten piplar or kvar den Kaatre. Naar ein so er fornøgd av aa vera deruppe (ja du lyt no stansa der eit Korters Tid minst) so kryp ein ned av Hylla og fær slegje utyver seg nokre Byttor med lunka Vatn, og so kryp ein ned i Vasstampen og velter seg ei Stund, deretter legg ein seg upp aa den breide Benkjen og tok eit Lakan ikring seg. So kjem det ein og bankar og gnikar og gnurar deg alt det han orkar, serleg um du er klen av Ikti. Dermed so er ein daa endeleg ferdig og kann taka Klædi paa seg og gaa, og ein annan kjem og tek til med same Sjauen. Denne Slags Lauging brukar Finnen baade fyr aa halda seg rein og frisk, og det skal vera godt fyr mange Slags Sjukdomar. Eg trur no elles sume Finnanne brukar formykje denne Laugingi, for ho tek fælt paa all den Sveittingi.

Det er ikkje berre seg sjølve, Finnanne held reine, men Husi sine med. Klædi derimot er det no so og so med, og der er eit vist Dyr, som skal vera mest like nasjonalt sume Stader i Finnland som i Rusland. Tuni er ogso stygge og skitne. Det kjem seg mykje avdi, at Folk ikkje bur paa einbølte Gardar, men heile Bygdi hev sett Husi sine i ei Ruka, ein Bondeby, som dei kallar det. Der stend daa Fjøs og Stova, Stabbud og Grisehus um kvarandre. Um Kvelden kjem Kreturi og struplar upp og flir til heile Tune, so der er ikkje komande fyr Fuglen fljugande. Denne Griseskapen kjenner me sagte til i Noreg med. Mange Stad er det ikkje greidt aa moka reint eit slikt Tun. Det er nett som Augiasstallen som dei gamle Grekaranne fortel um. Han hadde ikkje vore moka i Manneminne og ikkje vart han det helder, fyr der vart velta ei heil Elv inn i han. Det kunde trengjast aa faa veita Elvar inn i mangt eit Tun; daa kunde det verta trivlegt kring Stoveveggjen. Der kunde gro baade Ber og Blom. Eg saag sume Stader Folk hadde flutt ut or dei store Tuni og rudt seg nye; der var nett som i eit anna Land. Det same kann ein sjaa i Noreg, naar Folk held Utskiftning. Du kann mest ikkje kjenna att Bygdi um ei sju aatte Aar. Det vert aldri noko tess korkje med Jordyrking elder Hagestell, so lengje ikkje kvar Mann fær sitt Tun og sin Bø fyr seg sjølv. Folk berre gjeng og rek inn i Døre til kvarandre og trættar og tjandrar. Du skulde berre sett ein Dag Kapteinen var upp i ein slik Bondeby og kjøpte ein Okse. Der samlast dei heile Garden og glante paa han og skrepte av Oksen, som han skulde kaupa, og gjekk og strupla millom Kui i skitne Depelen baade store og smaa. Minste Unganne laag og skreik paa Stovetroppenne kring Tune og kravlad fyr aa naa med Fingranne ut i den svarte Herlegdomen som dei vaksne gjekk og vassad i. _ Nei daa var det anna Stell hjaa han, som hadde flutt ut or denna Storgarden. Han hadde Epletre og Rips og Stikkelsbær og Blomar kring Stova si, og inne hadde han Teppe paa Stovegolvet. Det var elles eit undarlegt Teppe. Det var vove av farga Rughalm og Hampetraad, so Kostnaden var ikkje stor; men eg hev likevel sjeldan set fagrare Golvteppe. Han hadde korkje større Gard elder fleire Midlar han enn Grannanne hans; men han hadde ei fagna Kona og eit godt Vit og det gjorde, at han kunde vøla um baade seg og sitt, og endaa sitja like fast paa Stolen som hine.

Folk trur ofta det, at berre dei vart rike, ao skulde dei halda alt i betre Stand. Det slær iallefall ikkje altid til. Her er mange rike som hev daarlegt Styr og Stell. Sameleids er det med sjølve Landet. Finnland er igrunnen eit rikt Land baade paa Konn og Høy. Difyre hev dei mykje meir enn dei brukar baade av Konn og Smør og Kjøt; men likevel stend dei langt tilbake fyre Grannelandi baade i Jordbruk og Kreturstell. Det er liksom dei vert dregne burt i Uvæna av det store Rusland baade i det aalmenne og i det einskilde Stelle. All den Rikdomen som kjem inn fyr Skogaseljing, vert samla i Lumma aat Adelsmenn elder rike Gnassar, som berre øyder Penganne upp. Naar Pungjen tømest, so er det til aa selja Skogjen elder pina store Utlegg av Leiglendingar og Bruksmenn. Same Vegjen gjeng det i Rusland. Eg saag i Bladi eit Døme paa kor vidt Finnen gjeng fyr Skilingjen si Skuld. Ei symjande Likkista, stod det uppyver. Det var ei finsk Bark, som laag og lossa ut Trelast i Kjøgebugt (tett attmed Kjøbenhavn). Skuta var so plukkande roti, at dei kunde riva Molanne or Plankanne med berre Neven. Lek gjorde ho som ein Sil, og hadde ho ikkje flote paa Lasti, so hadde ho aldri kome fram. Endaa vilde dei sigla med henne barlasta til Finnland. Folki gjekk fulle allihop sonær som ein. Danskanne talde han fraa aa setja Live sitt paa Knivsodden med den rotne Likkjista, gjeng eg fraa, so misser eg Hyra mi, sa han. Dei vilde gaa til den ryske Konsulen og tala ved han um det. Det nyttar ingen Ting. Der er ingen Rett aa faa fyr Fatigmann i Rusland, svarad han graatande. Det var Rusland paa Reis det, og Finnland paa Slæpetog atti Kylvatne. _ Slær ikkje alle Julemerkje feil, so kjem vel snart den Tid, daa Finnen riv Sømnen or Augom og kastar fraa seg noko av all den Styggedomen, som tærer Mergjen baade or Sjæl og Kropp.


( Meir.)