Klokka.


(Etter Iwan Turgeniew.)

(Del 5 av 13. Fyrste delen.)
 
(Framhald.)


X.

Du kann tenkja deg til kvat Uppstyr det vart Morgonen etter, daa Farsyst merkte at Klokka var burte, Endaa, naar eg tenkjer paa det, tykkjest eg høyra Skriki fyre Øyrom: Tjov, Tjov! Hjelp! Ransake kvar ein, prygla dei til des dei stend til, stygge Tjovarne. Soleids skreik dei og bar seg, og David og eg hadde stor Møde for aa halda oss for Laatt. Me var hellest laga paa alt, me ventad ei heit Skuring, men tvertimot lagde det seg snart. I fyrste Augneblinken, det var sant, vart Far fælande vond, han sagde jamvæl at han skulde ganga aat Politiet. Men anten det no var, at han var leid av Leiken fraa fyrre Kvelden hell kvat det no var _ Sinnet gjekk av honom merkjeleg snart, og rett som det var tok han til aa skjella inkje paa oss, men paa Farsyst.

_ Du og denne Klokka di, Pelgia Petrovna _ skreik han i _ De øser meg meir upp enn heile detta gamle Rakleverket var verdt. Eg vil inkje høyra eit Ord meir um denne Greida. Anten Klokka er komi burt ved Trollskap hell korleids det er laga, det kann kvitta eit for meg.

_ Men kvat vil daa Nastasi Nastasiewitsch segja um slikt daa? _ jamrad Farsyst.

_ Lat han draga sin Veg den Nastasivitchen. Han er inkje til annat enn Sut og Tregje. Det skal ikkje eit Menneskje vaaga seg til aa fortelja meg! Forstend De?

Og dermed gjekk han inn i Romet sitt og slog att Døri etter seg, berre so det skrall.

Me Gutarne undrast mykje paa kvat det var som kunde hava gjort Far so sint paa Nastasi; det var fyrst lang Tid etter at me fekk høyra at rett paa den Dagen hadde Gudfar min smøygt aat seg ei feit Sak, som Far meinte aa faa; og difor maatte no Farsyst ganga med lang Nase. Ho trudde ho skulde døy av Skamm. Men kvat kunde ho gjera? Den einaste Straff ho trudde seg til var det at kvar Gong ho gjekk framum meg, mullad ho: Tjov! Tugthusmann!

Men slikt kann De vita, gjorde inkje meg noko leidt, eg hadde berre Moro. Det vart løglegt for meg, kvar Gong eg kom burtaat den Apallen, der me hadde gravet ned Klokka, og naar David møtte meg der, peikte me ned paa Jordi, nikkad og log. Farsyst synte Hug til aa hissa Seminaristen paa meg. Men eg fekk Hjelp av David, som beint fram sagde aat honom, at let han meg inkje i Fred, so skulde han rispa honom med Kniven sin, so han kom til aa minnast det. Og no var Trankilitatin inkje den Mann, som hadde for mykje Mot, han vart berre mjuk mot meg.

Soleids gjekk fem Vikur. Men De maa inkje tru at Soga um Klokka mi er til Ende no alt, det kjem nokot endaa betre. Men for aa kunne halda fram i Forteljingi mi, maa eg føra fram eit nytt Menneskje, og dertil trengst det, at eg gjeng eit Stykkje atti Tidi.


XI.

Far min hadde i lang Tid Handelssamlag og Venskap med ein Mann, som het Latkin. Han var liten, veikleg og naamen. Kvar ei Vending han gjorde, var so urimeleg linn og spakleg _ paa honom maatad so vel det gamle Ordtøket um Folk, som Gud hev avlivt lenge fyrr Tidi. Han var Millomhandlar liksom Far min og dreiv med same Slag Skriving. Men daa han inkje hadde nokot Tekkje hell slikt som dreg Folk aat seg, var det liksom ingen Tillit aat honom, og det var sjeldan han kunde driva nokon Ting paa eigi Haand, utan at Far var i Lag med honom. Han skreiv framifraa fint og var kunnig i Lovarne, og det var ingen som var betre enn han til aa faa Stil og høveleg Gjerd etter alle Former paa alle Slag Bønskrifter og Klagar og Søknadar. Far arbeidde difor mykje saman med honom. _ Vinning og Tap vart delat likt. Kvar for seg trudde at Venskapen var umisselig; og likvæl vart dei skilde en Dag, og det for alle Tider.

Latkin hadde gjort Far den Pretta, at han hadde fortalt til ein ung Kjøpmann, som Far var Millomhandlar aat, kor fæl Far var til aa reikna seg Betaling. Og so hadde Kjøpmannen straks slutta aa nytta Hjelpi hans Far. Det var hellest underleg, at Latkin kunde vera so ærleg, for han hadde sjølv Del i Fortenesta saman med Far.

_ Sjaa berre paa det Menneskje, korleids han lagar seg heilag _ skreik Far aat Latkin, og var so vond so Tennerne hakkad. Eg var nett inne hjaa honom det Bilet.

_ Ja, ja _ sette han i att _ til idag hev det gjenget, men no segjer eg amen! Og no er det ogso ute oss imillom. Der er Døri! Eg hev inkje meir aa gjera med Dykk og inkje De med meg hell. De er altfor samvitsfull liksom, til at me kann handla tilsaman. Gakk, gakk med Dykk, me hev inkje meir med kvarandre aa gjera.

Faafengt bad han og gret, Latkin, faafengt lagde han seg paa Knei framfyri Far, faafengt forsikrad hans eg paa at han sjølv inkje skynad korleids han hadde boret seg aat.

_ Eg hadde daa ingen Bate for meg sjølv med det _ jamrad Latkin _ eg hev tvertimot øydelagt meg sjølv med det.

Men det beit korkje Bøn hell Graat paa Far; og sidan den Dagen hev inkje Latkin sett sin Fot innum Døri aat oss. Og sidan den Tid vart det ein laak Lagnad aat Latkin; Kona hans døydde straks etterpaa, og tvo av Døtterne hans kom ut for at ein Biesvarm sette seg paa dei, dei vart dumme baade tvo etter det; og paa Latkin sjølv tok Naamenskapen til, og no budde han i ei Skarvestoga, der den eldste Dotter hans Raissa heldt Hus aat honom og stelte so godt som det var Raa. Og denne Raissa er det, som eg no vil føra inn i Forteljingi mi.


( Meir.)