Tidender.


K ristiania, den 7de Oktober.


Maalsaki i Hardanger .

Læraranne i Hardanger og Voss hev fylgt etter Sogningen. Paa Provsti-Lærarmøtet i Nordheimssund den 26de September innleidde Oddm. Vik Ordskiftet um Maalsaki. Han heldt seg til Vedtaki, som var gjorde i Sogn, men meinte at det var nok aa taka dei 4 fyrste berre, daa dei 3 siste inkje beintfram vedkom Folkeskulen. Alle var samstelte um, at det var ei fortenstfull og vigtug Gjerning aa faa Folkemaalet fram til Riksmaal i Landet. Det einaste dei var nokot usamde um, var det um det var høvelegt, at Regjering og Storthing tok seg av Saki. Dei fleste meinte, at no var Tidi komi til aa faa Folkemaalet innført som Læreemne paa Seminarskulerne, til aa faa Skulebøkerne paa godkjend Norsk, so kvar Lærar fekk velja det han vilde o.s.v. Men nokre var det daa som meinte, at desse Saker greidde seg best av seg sjølv. Tilslutt gjord Forsamlingi eit Vedtak, som gjekk ut paa det same som fyrste Delen i Uppsettet hans H. M. Dahl. 5 Mann røyste imot, som inkje likad plent Ordformi som det var sett i.


Stockholmsvalet hev Høgremenn sendt inn Klage yver. Dei segjer at det er slept inn Utlendingar og andre Folk, som inkje hadde Røysterett.