Til alle Maalvenerne i Landet.


Me Maalmenn vil, at Normennerne likso vel som eit annat Folk skal hava sit eigjet Maal i Kyrkje, Skule og Bok _ alle Stader.

For det arbeider me alle; men skal det verta noko til Gagns med det, so lyt me taka i med meir Kraft og Ihug; og det kjem fyrst naar me held ihop og stydjar kvarandre; det maa meir Samhelde inn i Maalmannsflokken; og me fær hugsa paa, at det berre er i Samheldet me er sterke.

Men nu er Ulukka den, at me veit so reint for litet um kvarandre. Paa den eine Kanten af Landet hev ein aldri Greida paa, korleids det er med Maalsaki andre Stader; ja det er vel tiaste so, at ein ikkje veit, kor mange Maalmenner det er i si eigji Heimbygd desmeir.

Detta skynar me alle er til stor Meinke for oss, og det gjeld berre um, korleids me skal bøta paa det.

Me lyt møtast einkvar Staden, so me fær vita, kor stor Flokken vaar er; for no gjeld det snart um aa vera ein sterk Fylking. Saki kjem til vissa snart fram millom dei store Spursmaali paa Tinge, og daa heiter det: Fram daa Frender.

Lat oss gjera Fedraheimen til Møtestaden vaar, det einaste Bladet, som kjem ut paa fullt norsk Maal.

I kvar Bygd og kvar By skal ein hell tvo stella seg i Fyrienden for aa faa vita kor mange Maalmenner det finnst, Gutar og Jentur, um det er eit Maallag der, um det kjem ut noko handskrivet Maalblad, og i det heile greida ut, korleids Saki stend, og so senda Melding til Fedraheimen.

Det fekk vera det sama, um det berre skulde vera nokre faae; alt gjer sin Mun; og seinare var det godt, um ein vilde melda det, etter kvart som det aukad med Maallag og Lagsmenn. Dette skulde helst gjerast so snøggt som moglegt, og ettersom det kjem, fekk me sjaa det i Fedraheimen.

Kann so vera, at det ikkje altid vart so god Tid til detta; men so lyt den eine hjelpa den andre, og naar ein hugsar paa, at det er Maalsaki det gjeld um, so er det vel baade ein og annan, som hev Hug til aa taka litevetta Arbeid paa seg.

Det er for aa samla Maalmennerne eg bed um detta; det er for at Maalsaki kann veksa friare og sterkare fram; og difor hev eg Von um, at eg ikkje hev skrivet til inkjes.
 
Jonas Nannestad.
Stud. Med. Adr. Fedraheimen.

Eg bed andre frilynde Blad taka upp dette.