Um Ordlag og Stil i Peters-brevet.

 
(Del 2 av 2. Fyrste delen.)
 
 
(Slutten.)


So vert sume Spraak i Umsetjingi mi samanliknad med Høyems Umsetjing i Katekjes-utgaava hans av 1874. Det høver no so undarleg til, at det var eg, som den Gongen gav ut denne Katekjesen. Det gjekk daa Brev Høyem og meg imillom um sume Spraak, som eg ynskte, han skulde brigde i Umsetjingi si, og naar eg no leiter etter, ser eg, at fleire av dei i Bokmeldingi nemnde Hermur høyrer til dei, eg ikkje fekk etter Ynskje. Det namngjetne Spraaket um Daupen (3. 21) hadde eg den Gongen umsett soleids: han er ikkje Kjøts Tvætting fraa Ureinska, men godt Samvits Tilsvar til Samlag med Gud, grunnad paa Jesu Kristi Uppattreising. Mit Skyn paa Tydingi av dette merkjelege Spraak er no nettupp det same som den Gong; eg kunde lika vel raada Høyem til aa taka det i si aalkjende gamle Form i ei sovoren Bok som ei Katekjes. Men her er det ein annan Sak. Eg kann her ikkje ganga næmare inn paa Tydingi; men den einaste spraaklege Rettleidingi som Grunnskrifti giv, ligg gjøymd i Samsvaringi av dei einskilde Led: Kjøts _ godt Samvits; Fraaskilnad _ Tilspurnad; Ureinska _ som gjeld Gud; og den Samsvaringi skulde ei god Umsetjing ikkje gjera til inkjes. So lengje den ikkje er skynande, er det ingen Ende paa alle dei Tankar, ein kann gjera seg um, kvat som ligg bakum desse Ordi. Ordet Mannaskapnad som og er ankad yver, hev eg sett med Vilje; det er nettupp lika tvitydigt som det greske. Goszners og nokre Utgaavur av Luthers Umsetjing hava umsett: kvar og ein menneskjeleg Skapning (jedes menschliches Kreatur). Det er ikkje helder tankelaus Herming at eg umsett: Krist hev lidet aatoss. Eg hev nyttad for alle Stader, det gjekk an utan Misstyding t.d. 2, 24; men eg er viss paa, at naar det vert leset um Krist, at han hev lidet for os, so vert det teket, som um det stod istaden for os; og det stend inkje so. Det stend; oss til Beste (elder Bate). Den Tanken ligg i aat, og det er ikkje verre Norsk aa segja han hev lidet aat oss, enn han hev gjort det aat oss. Det er berre det, som støyter, at me er ikkje vane aa sjaa Ordetlida i det Samanheng; Spraaket forbyd det inkje og Tanken fær ein venja seg med, um ein inkje er van med han fyrr.

Etter alt dette tykkjer eg, at Domen yver den unorske Stilen og Ordleidingi i Umsetjingi mi er berre liksom ein Anke yver at ho er Umsetjing. For det er nokot, som kvar den veit, som hev arbeidd med aa umsetja, _ og iser fraa dei daude Spraaki _ at det fylst jamt nokot framand med ei ordgrann Umsetjing, solengje ho ikkje vert heiltupp fri Umskrift. Og det maatte det verta til, so framt Apostlarne, som Bokmeldaren vil skulde tala norsk Maal i norske Former. Inkje berre Ord og Setningar men sjølve Tankebygnadenmaatte gjerast um paa. Dei same Tankarne maatte klædast i norsk Ham. Men dette hev enno ingen vaagat aa gjera med Apostelskrifti; Andsvaret for aa segja anten for myket elder for litet, naar det skulde snuast allt ihop, vilde vortet for stort. Det er knapt gjort med nokon annan klassisk Bok helder. Og det som eg hev høyrt fraa andre Kantar um Norskdomen i Maalet, gjer og, at eg kann taka med Ro det, som Bokmeldaren hev aa segja. Men han skal lika vel hava Takk fordi eg hev fengjet høyrt Meiningi fraa den Kanten av Landet ogso.

Eg gav ut Umsetjingi mi med den Tanken, at so, som eg hadde fengjet henne til, skulde ho vera skynande _ med Umgripet attaat seg, _ naar Folk las henne med nokon Ettertanke. Ho skulde daa so vidt mogelegt kunna upplysa um, kvat som stend skrivet og kvat som Folk kanskje hava tenkt seg, der stod, men som ikkje finnst. Men ho er inkje _ som Bokmeldaren tykkjest aa tru _ etlad til aa vera ei folkeleg Uppbyggjelses- og Upplysningsbok i den Meiningi, at naar berre Folk vilde setja seg til aa lesa, so skulde alting vera so klaart og greidt som Fot i Hose. For Bibelen er sjølv ikkje slik; hev aldri voret etlad til det Bruket, ikkje eingong hos dei, som hadde Grunnskrifti til Morsmaal og skynte henne betre enn me no gjera. Liksom det er Guds-lyden sine Fyrestandarar og Skriftkloke som alle Dagar hev boret Vitnesmaal um, at den Skrifti, me no kjenna og vyrda, er den rette Apostel-skrifti, soleids er det og dei, som hava Umbod aa tyda henne etter sit best Skyn og samhøvelegt med den Trui, som heile Guds-lyden eig og kannast med. Men at kvar ein, som hev teket ved Trui, skulde vera fullboren til aa lesa og skyna paa eigen Hand alt som skrivet stend, berre han kunde stava, det hava me slet ingen Lovnad paa. Peter segjer tvertum: at hos hans elskede Bror Paulus finst det sumt, som er svart aa skyna, og som dei Ukunnuge og Ustøde snur liksom Skrifterne hellest til deira eiget Forderv. Det gjeld den Dag idag, so me skulde ikkje utan vidare tenkja so i vaare Dagar, at Bibelen forklarer sig selv, etterat meir enn tusen Aar hev boret Vitnesmaal, at det gjer Boki inkje, men ho vert tydd gjenom Guds-lyden sit Liv i Tru, Haap og Kjærleike og gjenom hennar Skriftkloke sin Munn. Eg trur difor, at det er reint galet aa lata Folk tru, at um dei aldri skyna annan Lesnad, so skyna dei imindsto elder skal lest aa skyna alt, som stend skrivet i Apostelskrifti. Er det so, so er det lika vrangt aa klaara henne soleids av paa eiget Andsvar, at Folk liksom misser Teven av, at ho famner Livs-tankar so høge og so djupe som Himmelen er yver Havsens Botn. Det er helder paa Tide, at dei faa skyna, at det trengst baade Trui sit Liv og strengt Tankearbeid attaat for aa trengja igjenom litet grand av den Tanke-skatten, som Guds-lyden hev fengjet med paa Vegen til den Heimen, der alt som er myrkt skal klaarast, og alt som er gjøymd skal opendagast. Eg trur Folk har godt av aa verta sette framfor ei Umsetjing, som giv dei litetvetta Syn paa, at det finst sumt, som er so djupt og myrkt, at dei kann berre sjaa det som i ei Dimma. Det giv Hug til aa arbeida seg vidare fram, og av sovoret Arbeid vil deira aandelege Liv berre faa Vinning og Bate. Skodda skal nokk kverva burt, naar Guds-lyden si Livssol stig høgre, Livs-varmen og Lvis-ljoset vert sterkare.


A . M . St. Arctander .  
 
( Svar.