[Tidender.] Juryen


vert inkje so dyr endaa, som det vert sagt av Høgre, som set Utgifterne upp ratt til Kr. 500,000 for Aaret. Advokat Quam heldt nyleg eit Fyredrag um dette, og viste kor mykje ein kunde spara inn av dei gamle Rettsutgifterne, naar ein fekk Jury.
 
Yverrettarne treng ein inkje, der sparar ein - Kr. 84,000
6 Assesorløner kann inndragast (3 ved Høgsterett, og 3 ved Kristiania Byrett) - Kr. 34,200
Kantorutgifterne til Amtmennerne kann knipast inn mykje. Stiftamtmannsembætti i Bergen og Kristiania kann dragast inn - Kr. 20,000
Innsparing av Betalingi aat Underrettsreferentarne i Saker, som dei faste Advokatar fær greida og Innsparing ved Sakførsla for Høgsterett - Kr. 40,000
Ialt vert det daa innspart umlag Kr. 180,000

Dei nye Utgifter vert:
Løn og Kontorhald til 6 Lagmenn Kr. 48,000
Riksadvokaten - Kr. 12,000
Løn aat 11 Advokatar - Kr. 44,000
Reiseutgifter for Domsmenn, Advokatar og andre Sakførarar - Kr. 20,000
Reiseutgifter til Vitne vert ny Utgift paa Statsbudsjettet, likevæl ingi av ny Utgift for Samfundet -Kr. 36,000
Ialt Kr. 160,000
hell Kr. 20,000 mindre enn det som vert innspart av dei Utgifterne, som no er.

Vilde ein inkje gjeva Jurymennerne nokor Løn, so vilde soleids det nye System verta beintfram Vinning for Statskassa. Men det er inkje rimelegt, at Landet vil slaa seg undan den Utgifti, daa det i gamle Dagar hadde Raad til aa kosta Reise paa 1200 Nevndarmenn. Set ein Utgifterne aat Jurymennerne til Kr. 180,000, so vil heile Utgifti med Jurysystemet verta ei 40 til 60,000 Kr. aarleg, og det er daa inkje nokon faarleg Auk av eit Budsjet paa 40 _50 Millionar.

Men ansar ein paa, korleids Juryen magtar aa motverka Forbrot, so vil denne Aukingi kanskje heller maatte reiknast ut til Vinning for heile Landsens Bate.

Og det skulde daa og vera ei Skamm, um Nordmennerne i det 19de Aarhundra inkje hadde Raad til aa halda slike Domstolar som dei hadde det i Haakon Gamles Dagar.

Det kostar altid aa vera Kar, ein vil hava Sjølvstyring so lyt ein nok betala det vesle, som det kostar.