Forteljingar og Sogur av Arne Garborg.

 
Millom den yrande Mengdi av heimedanske Bøker, som er utkomne til Jol, hev me endeleg ogso fenget ei Bok paa norsk, forlagt av Huseby & Olsen, og det med so gildt eit Utstyr, at det er vandt um sjølve Gyldendal gjorde det betre.

Av desse Garborgs Forteljingar og Sogur er det ei som er ny, dei 6 andre hev stae i Fedrah., fraa 1878 utigjenom. Eg trur, at dei gamle Fedraheimslesaranne vil tykkja det er forvitnelegt aa sjaa att desse Sogurne, so mykje meir som dei er vølte paa og sume umarbeidde, so dei er snaudt til aa kjenna igjen. For dei som inkje hev lese Fedrah. langt attende, vil denne Boki gjeva Høve til aa verta kjend med ein av vaare fremste Maalmenn og merkjelegste Forfattarar.

Daa det er 8 Aar millom, at den fyrste og den siste av desse Sogurne er skrivne, er det rimelegt at det er Forskjel paa dei baate etter Innhald og Form.

Dei fyrste visar Paaverkning av Bondesogurne hans Bjørnson, dei siste hev ein fransk Svip. I Maalet var Garborg meir vestlandsk fyrr, og det var meir Bokmaal liksom det han skreiv; no er Stilen helder austlandsk, og det verkelege Talemaalet hev mykje meir kome til sin Rett, endaa Bokstavingi er den same heile Vegen. Sume vil kanskje lika Maalet i dei eldste Sogurne best, eg tykkjer det er mykje friskare i dei nyaste.

Det er merkjelegt aa samanlikna tvo slike som Kjelland og Garborg, som i mange Maatar er like og som baae hev sin Innverknad fraa Frankrik; Kjelland med sitt danske Maal kann aldri faa av seg den utanlandske Hamen, men Garborg med Norsken sin hev ein sterkare Natur til aa taka mot det framande, det renn so fint ihop med det som er heimlegt. Og eg tvilar inkje paa, anna det heimlege og nasjonale vil faa endaa meir Kraft i honom. For det er ganske merkjeleg Framgang i Stil den Guten hev gjort fraa daa han tok til aa skriva; i Fyrstningi skreiv han mest likeso stygge og flokutte Setningar som ein Professor _ det var fyrr han tok aat med Norsk det _ og no er det inkje langt ifraa, at han skriv mest so endefram, som vanlegt Folk talar. Og det endaa han hev voret nøydd til aa sitja paa eit Kantor i detta Kristianiahole all Tidi og stræva for Maten. Nei slike Folk burde Staten kosta upp i Fjellbygderne paa godt friskt Maalbeite og so ein Sleng til Utlandet imillom att.

Jau det er makalaust, kor lettvint og bøygjelegt det norske Maalet er, det skal ein sanna i denne Boki, der det maa gjeva Tøyg til dei finaste Kjenslur, til Harm, til Spe og til Kaat Leik, _ der det er Skildringar som er av det beste, nokon Bokheim kann vilja eiga. Og det finst inkje det Slag tilskapa ved Gjerdi hans Garborg likesom ved mange av desse andre, det er so framifraa klaart og greidt.

Sume av desse Forteljingarne er meisterleg fine, soleids Stykkje Stordaad, det vil kvar lesa med varm Samhug; men so er det ogso sume, som er kallege nok. Denne Seld til den vonde er det berre so det gneistar av. Og so denne Ungkaren, jau det er rette Guten det, der er Kristianiadaningi skildra der, so ulikleg og utægleg som ho er. Det er Ungkaren sjølv, som fortel, og drjug i Ordi er han, det er vist det.

Utendarne møtest, vert det sagt. I den nye Forteljingi si Ungdom tykkjest det som Garborg hev same Meining som Fædrelandet um Handskemoralen hans Bjørnson, at den lite høver med slik som ein ofte ser det, at Menneskjenaturen er laga. Men radikal er Soga, so det er inkje Gjerd paa det, aa ja Boki i det heile og. Det er berre so det riv etter.

Ein skal hellest merkja seg det, at av alle Diktaranne vaare er no Garborg den einaste, som tek Emne ifraa Bygderne og Bondelivet.

b.