Fraa Nannestad.


_ Han kjem seg Nannestadsokningen au no! Me hev for ei Tid sidan fenget baade Høgre- og Vinstreforeining, og hev havt nokre politiske Møte.

Ivaar fekk Høgre istand eit Møte til Grunnleggjing av si Foreining. No for nokre Dagar sidan gjorde Vinstre sin Skuldnad ved aa halda eit Møte. Fraa Høgre møtte A. Berger fraa Eidsvoll og ein Hr. Grue. Vinstre hadde Vullum og Dieseth. G. Kringler vart utan Ordkast teken til Ordstyrar og gav fyrst Ordet til Hr. Vullum.

Vullum heldt eit greidt ikkje langt Innleidningsfyredrag, der han nemnde ymse av Spursmaali, som er uppe no um Dagen. Han heldt seg ikkje lenge ved kvart, men gav ei god og klaar Utgreiding av Emni, endaa han berre liksom kastad dei upp, for at Høgre kunde faa godt Tak. Hr. Berger nyttad Høvet. Men eit so magert Motlegg mot dei liberale Saker og eit so daarlegt Forsvar for Høgre sine kunde ein snaudt hava tenkt seg: Nokre Saker let Berger urørde, andre skulde han nok liksom skaka i daa _ hell forsvara, naar det var av Høgre sine; _ men det let ikkje til aa verta stort utor det. _ Ikkje aa forstanda, at Berger skulde vera den tufslege Mannen, som daarlegt kunde maalgreida sine og Høgres Tankar. Nei han gjeng nettupp fyr aa vera ein framifraa Høgremann, kvat gjeld Tankeklaarleik og Greidleik i Talen. Men det er Høgre si Sak, den daarlege Sak, som Mannen talar, som stellar honom i Skuggen, _ endaa Hr. Berger er so moderat som ein millom Tusund av Høgre kann verta, liksom han ogso er ein klok Mann, som forstend, at det er betre aa lata ei daarleg Sak fara enn aa forsvara henne. Ja Berger hev visst ei djup Kjensla av, kor laakt Høgre sine Saker stend i mange Maatar. Naar t. D. Rikskup-og Grunnlovsbrot og Gudspottingi hans Brask Rustad vart nemd, daa tagde Hr. Berger seg _ daa hadde han ikkje eit Ord til Motmæle. _ Her faar dei svara, som Skuldi og Andsvaret hev, her stend eg fri. Ja, det er visst ikkje med Bergers Godvilje, at sovoret kjem upp i Høgrepolitikken; men difyre trur eg ikkje, at han kann tvaa sine Hender, solenge han ikkje hev teket til Motmæle.

Hr. Dieseth talad au godt og greidt. Han var ein hæv Kar til aa maalgreida seg og slagferdug paa Rappet. I det heile viste han seg aa vera ein dugande Mann, som ikkje stod Berger det Slag etter, liksom han au greidde honom fint i Ordkastet.

Dieseth kom under si Tala til aa nemna Gudspotten hans Rustad og den Godvilje, som Høgre hev teket honom i Tenest med. Daa ropad Forsamlingi stormande Bravo. Det kunde kanskje ikkje vera so mykje aa segja paa; _men Vinstre bør no fyrst og fremst halda fram sine eigne Saker _ som no hellest baate Vullum og Dieseth gjorde _ og inkje berre fara og neisa Høgre. Vinstre bør merkja seg det, at dei hev so reint og godt Mjøl i Posen sin, at dei fullt vel kann liva paa det paa eit Folkemøte som hellest. Skal me nytta Høgres Daarskapar, fær det verta som eit Ettersleng. _ Annarleids med Høgre stakkar. Dei hev no ikkje stort annat, enn Vinstres verklege og ikkje-verklege Veilor aa liva paa dei no. Talararne var uppe fleire Gonger kvar; men Hr. Berger kom reint tilatters. Det einaste, han kunde segjast greida seg so nokorlunde i, var Sereigesaki. Den, meinte han, maatte strida mot dei guddomlege Grunnsetningar fyre Høvet millom Mann og Kvinna og føra til eit rettmessig Krav fraa Kvinna si Sida paa Røysterett, daa ho vart serskild skattlagd. Hr. Berger gløymde aa fortelja, at det no au finnst i Hundradtal Kvinnor, som betalar Skatt.

Vullum meinte, at, dersom ikkje Sereige som Regel kunde standa fyre Skriftens Dom, so kunde helder ikkje Sereige som Undantak, daa det jo var plent den same Ting berre brukt i større og mindre Maal, _ og Sereige som Undantak heldt vel Hr. Berger paa au.