Fraa nordre Aurdal.


(Brev).

For paa Lag 20 Aar sidan vart nordre Aurdals Skjotarlagskipat. Alt snart tok Medlemarne til aa samla inn Pengar til Fane; men det som kom inn daa var inkje nok, difor vart dei Pengarne, som var innkomne sette i Banken. For 4 Aar sidan tok Folk seg av Saki att og Skjotarlaget fekk seg ein stor glup Fane. Innskrifti var: Nordre Aurdals Skjotarlag . Skjotarlaget høyrde fyrst til Sentralforeiningi; men eit Bil fyrr det fekk seg Fane, vart det gjort Vedtak um, at det skulde gjeva seg inn i Folkevæpningssamlaget. Men Laget melde seg likevel inkje ut or Sentralforeiningi, so det kom til aa staa under baade Samlagi til det kom Brev fraa Sentralforeiningi um, at det skulde melda seg ut av anten det eine elder det andre av dei. Hausten 1883 vart det difor kallat saman eit Møte, der Saki skulde avgjerast; men det møtte fram berre 7 av Medlemerne, og dei gjorde daa Vedtak um, at det skulde vera, som det hadde voret til næste Haust. Eit nytt Møte vart daa haldet og mot ei Røyst vart det gjort Vedtak um, at Skjotarlaget skulde gjeva seg under Folkevæpningssamlaget. 3 av dei, som var tilstades røystad inkje, og bland dei var og p. T. Formann (som han kallad seg, lenge etter at han hadde tent ut og fenget Avskil); men han var like etter med og røystad paa nytt Styre for Samlaget, som no hadde gjevet seg under Folkevæpningssamlaget. Men dei 3 Kararne, som eg nemnde ovanfyre, gjorde likevæl Freistnad paa aa faa gjort dei vedtekne Avgjerder til inkjes, Avgjerdi i 1883 var ulovleg, like eins Avgjerdi um, at Laget skulde høyra til Folkevæpningssamlaget var ulovleg, sagde dei. Det var for faae tilstades o.s.b. Desse 3 hev no fenget med seg nokre andre og skipat eit serskilt Skjotarlag med ny Bane, og Laget skal staa under Sentralforeiningi. Sjølve kallar dei Laget for nordre Aurdals Skjotarlag ; men sume kallar det berre Sørums Skjotarlag. I dette hev det no meldt seg inn mange Bakstrævarar her uppe, og dei hev god Raad til aa gjeva ein Mann Kr. 2.00 um Dagen for, at han skal reisa ikring og faa Folk til aa melda seg inn i deira Skjotarlag.

Fanen vil desse Kararne hava for sjølve seg. Dei hev fleire Gongjer fenget Uppmoding fraa Formannen i nordre Aurdals Skjotarlag um aa gjeva Fanen attende; men Hr. p. T. Formanntrur nok, at han og dei Kararne som var so motige, at dei gjekk ut hev Einerett til aa hava den.

Nordre Aurdals Skjotarlag held Møti sine berre for aa skjota og hev inkje sendt Folk ikring for aa faa Tak i Medlemar; men likevel hev det etter det nemnde Møtet meldt seg 30 nye Medlemar umframt flestalle av dei, som var med i Laget fyrr.

Ein utanforstaaande .