Tidender.


Kristiania, den 5te Desember.

Holbergsfesten vart mint i Kristiania mange Stader. Paa Universitetet heldt dei ein gild Fest, Prof. Dietrichson hadde skrivet nokre Vers, som Ole Olsen hadde sett Musik til, og med Musikken spilad og Studentarne song, kom Finfrægdi innskridande med J. Sverdrup i Fyrienden. Professor E. Sars heldt so Festtalen.

Paa Kristiania Teater spilad dei Erasmus Montanus og eit Festspil som H. Jæger hadde dikta, og ein Song vart upplesen til Slutt, medan ei stor Stytte av Holberg stod baki, og heile Skodespilarflokken stod uppstelt, alle klædde i Bunad fraa Holbergs Tid.

I Arbeidarsamfundet heldt Den liberale Forening Tevassfest, ei Gjente, Gina Krog, heldt Festtalen um Holberg, Tingmennerne Quam og Konov talad ogso. Paa dei fleste Skularne hadde dei ogso Tilstellingar.

Byen var prydd med Flagg.


Det vart Høgre som vann lel i Kristiania ved Kommunevalet. Det var paalag 1400 Vinstremenn og yver dubbelt so mange Høgre, som sende alle sine Herar, jamvæl gamle Pensjons-Gubbar, som inkje kunde gaa. Hellest hev Vinstre vunne mykje sidan Stortingsvali, daa var det 3 Høgremenn mot 1 Vinstremann, men no er det berre 2 mot 1.


I Formannskapsvalet i Trondheim vann Høgre, som hadde 570 Røyster, Vinstre hadde 470. Valet visar hellest, at Vinstre hev vakset i Trondheim sidan siste Valet, og gjeng det fram paa same Maaten vil det snart koma i Fleirtal.


Maalsaki paa Vinstres Program . Styret for Austagder (Nedenes) Vinstresamlag hev gjort eit Sendebrev iveg aat Smaaforeiningarne, der det stend millom annat:
Med Hensyn til de enkelte Sager skal vi udtale, at til No. 3 (Folkeskolens videre Udvikling) bør tilføies: Ligesaa bør der arbeides henimod det Maal, at Landsmaalet stilles paa lige Fod med det nuværende Skriftsprog.


Av A. O. Vinjes Skrifter i Utval er no utkomet siste Heftet av andre Bandet; dette Heftet inneheld: Slutningi av Ferdaminni fraa Sumaren 1860. Studentferdi til Kaupenhavn i 1862. Husvære i og ikring Kristiania. Fraa Valdris og Sætrarne. Dei tvo Gardemenn. Elsk og Giftarmaal. Ei Fjellferd. Fraa Ferder i 1869 og 70. Paa Sjaa.

Vinje vert no gildaste Karen lel han. Dei lyt falla alle desse andre Bokskrivaranne vaare, der han kjem. Og det vert inkje for gamalt endaa, det han skreiv. Det er den heimlegste Diktaren, me nokonsinn hev havt. Og so bondelugom som han er!

Er du inkje Medlem av Det Norske Samlaget, no maa du endeleg nytta Tidi no, daa du kann faa tvo store Band av Skrifterne hans, 1300 store Sidur for berre 5 Kronur. Men skunda deg, dette Godkaupet varar berre til Februar ut.


Danmark. Tinget og Styringi vert inkje samde um, korleids dei skal stella med Landsens Pengar, og Ministeriet Estrup hev trugat med aa laga ein Finanslov paa eigi Haand. Dette hev Estrup gjort fyrr; men det er reint ulovlegt. No nyleg heldt det frilynde Samlag i Kjøbenhavn eit Møte, og der heldt Storhandlar Neijendam ein Tale og sagde, at Folket no burde væpna seg for aa gjeva Styringi ein Vink um, at Folket inkje vilde tola, at Styringi for fram paa nokon ulovleg Maate. No hev Styringi lagt Sak mot Neijendam og skuldar honom for, at han arbeidar for aa faa Folk til aa gjera Uppreist, og no hev dei haldet det eine Forhøyr etter det andre nett liksom det var ifjor Vinter her hjaa oss, daa Saki hans Hol var framme. Faatalsstyret er seg sjølv likt, anten det er i Noreg elder Danmark.


Belgia. Det hev voret eit Studentarmøte i Brüssel. Studentar fraa Holland, Frankrike, Danmark, Spania, Italia og Rumenia var med. Dei gjorde eit Vedtak um, at Loven mot framande burde endrast. Victor Hugo vart utvist av Belgia i 1871 og store Tenkjarar fraa andre Land hev vortet burtviste baade fyrr og sidan, og det var inkje væl.


Holland. Det hev no voret Val. Vinstre var inkje samstelte, difor tapte dei so mange Plassar, at Høgre (Katolikkar og Kalvinistar) fekk eit Fleirtal paa 2 Røyster i 2dre Tinget; i 1ste Tinget hev dei frilynde sitt gamle Fleirtal paa 26 Røyster mot 12. Det kjem snaudt nok til aa verta Ministarskifte, daa Ministeriet Heenskerk inkje høyrer korkej til det eine elder andre Partiet, men gjer alt, som Tingi vil.