Nasjonal??

 
Ajei kor me skrøyter.
Me vil vera so nasjonale.
Det hev me talat um no i Mannsaldrar, sunget um det, drukket Skaaler paa det og ropat Hurra, so det hev ljomat.

Ja ført det paa Tunga, til me sjølve hev trutt det. Var det nokon, som leet um det, at Norsken inkje var eit nasjonalt Folk, ja det mest nasjonale i heile Verdi, so fekk du sjaa, at Folk reiste seg i Harme og vilde inkje tola ei slik Fornærming.

Eg segjer det likevæl eg.

Naar ein talar so mykje um ein Ting, so er det berre for aa løyna Armodsdomen sin, elder det syner Saknaden.

Me er eit namnlaust Folk, segjer X. i Fedrah.No. 59.
 
Det var sant.
Men me hev ein nasjonal Politikk, so det knakar, segjer han.
Ja det skulde ein tru. soleids som Politikken hev voret aa Vange no hjaa oss.
Men eg trur no inkje stort paa det helder eg.

Heile Politikken vaar er bygd paa eit unasjonalt Grunnlag, Grunnloven i 1814 var inkje nokon Blom, som spratt upp or gamall heimleg Rot i det norske Folket, men nokot som Embættesmenn og sovorne gjorde ihop etter utanlandsk Mønster. Og sidan hev vaar nasjonale Politikk gjenget ut paa aa slaast med alle dei Bikkjurne, som fann Moro i aa bita i denne Trefoten.

So fann me paa aa strida um nokot dei kallad for Veto. Fælt til Moro.
Iaar sette me paa oss ein ny Trefot, dei kallar honom for Parlamentarisme.
Nei no fyrst skal Politikken arbeida upp sitt nasjonale Grunnlag.
Segjer eg daa, at alt dette berre er nokot Skrap?

Eg segjer, at det inkje er nasjonalt, men dermed fordømer eg det inkje, det kann vera godt altihop for det .

Eg vil berre, at sant skal vera sant. Eg vil, at me skal standa vedUmegdi vaar.
Kvat er det væl, som er nasjonalt?


Det er berre det, som heilt upp er runnet or Folket, inkje innpotat helt tillært, men liggjande likesom i Naturen, ventande paa Groder og Vokstreveer for at det kann brydda fram.

Det er inkje dette, som er nasjonalt: Den Vinden, som leikar i Topparne paa dei høge Straa, hell den Gneisten, som sprett, naar Hausarne paa dei vise slæst ihop. Men det er den Bylgja, som rullar gjenom heile Sjøen, den Angen, som strøymer imot deg fraa ein
Grasvoll.

Politikken hev faret som ein Saudehop yver denne Grasvollen, hemtat i seg einkvar Blomen, men trakkat ned det meste.

Hev me daa inkje nokot nasjonalt i Politikken vaar?

Aa jau, eg skal berre nemna Formannskapsloven og dei tusund blømande Neiarne hans Jaabæk.


Me hev ein nasjonal Poesi _ Gudskjelov _ men nasjonal Vitenskap hev me ikkje, segjer X.

Det siste er sant (naar me tek undan Ivar Aasen).
Men so Poesien daa? Takk inkje din Gud fortidleg gode Mann.

Jau me hev ein nasjonal Bokheim, men han er inkje stor: Tredjedelen paalag av Landstads Folkevisur, Heimskringla, nokre Segner og Sogur, Bøkerne hans Ivar Aasen og Aasmund Vinje (ja han hogde i dugelegt endaa inkje han helder var fullfløygd i alle Maatar).

Men er dei Diktararne, som me no hev, nasjonale? Nei _ Gudskjelov, hadde eg nær sagt. Dei som berre skriv upp Tankarne aat Utlendingar og kanskje aat nokre Hundrad her i Landet, og hev inkje meir enn nokre faae Tusund, som forstend seg. Fyrr hadde me nokre, som umsette og skreiv upp tyske Tankar, no dei, som fer med dei Franske.

Hell kanskje det er berre eg, som hev Krim, med di eg inkje lugtar det friske norske Høy, naar eg sting Nasen min burti. Faa hit 100 Hallingar og lat dei avsanna meg, so skal eg gjeva meg straks.

Eg gløymer ei Bok Bondestudentar; daa eg las ho fyrste Gongen vart eg vond, for eg trudde Boki laug. Daa Fedrah. nyleg gjorde Utstelling paa Studentar og det der ogso var eit Par Stykkje av Slaget Bondestudentar, kom eg likevæl til aa tenkja paa, at den Boki ogso paa sin Maate var eit nasjonalt Verk.

Ved det same Høve merkte eg meg ein Trefot til paa den nasjonale Kroppen vaar, det er dette, som dei kallar den norske Suveræniteten.

Eg vil her slutta med aa reikna upp dei nasjonale Treføterne vaare, for eg vil inkje gjera meg til Narr for Folk, so dei skal segja, at eg nemner mange Gong fleire Treføter enn me hev rette Føter.

Eg vil berre segja, at eg held meg til den Likningi, som X. gjer, med di han segjer, at me hev eit Grunnlag, men Taket likesom vantar _ berre at eg vil snu litet paa det og helder segja, at me hev likesom eit nasjonalt Tak, men Grunnlaget vantar. Me hev gjort oss eit Tak av klingande Ord, av blaa Røyk, av graae Papirstrimlar. Og likevæl hev me den rette Givnaden, berre me kunde bruka honom.

Endaa eg for min Del nok kunde tykkja, at me inkje endeleg trengde um eit sodant Tak, men at det var likeso unelegt, um den blaae Himlen fekk lysa fritt nedpaa oss.

Me hev endaa inkje nokon nasjonal Kultur som andre Land, me hev berre ein Faamannskultur, som vert kalladnasjonal, fordi her inkje finst nokon annan.
Folk vil tykkja, at eg er noko streng og vand, og det kann dei hava Rett i. Men eg trudde at det kunde vera forvitnelegt nokon Gong aa faa sjaa ein, som var so radikalnasjonal som


Han Lagje.