Boksjaa


Klas Omnstav og mange morosame stykkje fyr born av Zak. Topelius. Umskrivne av Stefan Frich. Forlagt av Olaf Huseby & Olaf Olsen. Pris Kr. 1.50.

Det er gledelegt aa sjaa at me tek til aa faa Folk, som kann skriva for Born. Andreas Austlid var den fyrste, med ABC-Boki si, og no kjem Stefan Frich. Takk og Ære skal baade Skrivar og Forleggjar hava.

Stordelen av desse Stykkje er umsette fraa Svensk etter den namngjetne Barneforteljaren Topelius, og ein maa segja, at dei hev fengje høveleg Bunad paa norskt Maal. Umsetjingi er so godt gjord, at mangein Gong skulde du tru, at det var skrevet paa Norsk fraa fyrst av. Naar ein hugsar paa, at det er mykje verre aa umsetja, so det fell, enn aa skriva sjølv, so maa ein berre undrast paa, at Umsetjaren hev so liti Tru um seg, at han segjer han var inkje god for aa skriva sjølv.

Det er umogelegt annat enn at Borni maa verta fælt glade i denne Boki. Og Maalet er og so lett aa lesa som det kann verta, so at um ein er aldri so uvant med aa lesa Norsk, so maa ein kunna lesa denne Boki, berre ein kann sovidt stava. Stilen er gjord so lik Talemaalet, allvist daa paa Angande.

Det kunde ellest hava voret mange Ting ved Ordformerne og Skrivemaaten hans Frich, som me kunde vilja lasta, um det hadde voret ætlat aat vaksne Folk berre, men for Borni gjeldst det inkje so mykje um Skrivemaaten, naar det berre vert greidt; endaa me vil inkje segja, at det hadde voret nokot Lyte ved Boki endeleg, um ho hadde haldet seg meir til det vanlege (um ho t.d. inkje hadde havt slikt nokot som Vinden huskar muntertbjørk as lette blad). Men sodant vert likevæl berre Smaating i ei slik Bog.

Kaup Boki og gjev henne til Borni, du skal sjaa kor glade dei vert. Det er Bilæte i henne ogso.

i