Tidender.


Kristiania, den 30te Desember.

Friele burde læra seg Norsk, baade so at han kunde stava rett Namnet paa Bladet vaart, og so han kunde lata vera aa føra det i Lesaranne av Morgenbl. at Fedrah. i det konservative Partis Seir ved Formandsvalget ser en Seir for Bordellerne o.s.v. Slikt nokot hev me aldri sagt, men me dreiv Gjøn med, at ein slik By, som hyser so mykje Ufyseskap skal laast vera so heilag og fullkomleg, at alle som vil reinska upp i eitkvart, vert kalla for vonde Magter, som dei bed um Guds Hjelp til aa driva burt. Hellest no med det sedlege, so trur meg, at det som ogso Høgremenn burde skjemmast ved, det maa ein Vinstremann skjemmast ved 10 Gong, so mykje, som den hin, fordi han skulde hava so mykje meir baade Ære for seg sjølv og Vyrdnad for sine Medmenneskje, allvist for Kvendi, som det stend paa Vinstres Program, at dei skal hjelpa upp.


I Belgia skulde ein tru, dei Liberale hadde fenget nokk no av Bakstrævet og Prestestyret. Men det ser snaudt ut til, at Røynslurne deira hev lært dei aa halda ihop. Der er ny Usemja millom dei, og Klerikalisterne ventar seg ein ny Siger.


Ein Barneheim for foreldrelause er brunnen i Brooklyn i Staten New York. Dei saknar yver 100 Born, men dei vonar, at dei fleste vil koma tilrettes atter. Dei hev funnet fram 13 Lik.