[Tidender.] Maalsaki paa Kraakerøykanten.


I Novemb. M. vart det haldet eit Folkemøte i Kroken, Toke, til aa dryfta Skuleframlegget hans Johan Sverdrup. Nils Botnen heldt Fyredrag. Han heldt seg serleg til Kravet um at Foreldri skulde faa vera med og velja Lærar i Skularne og til Kravet um norskt Maal i Skulen . Maalreisningsarbeidet hevdad han var likeso gamalt som Fridomsarbeidet i vaart Land. Og no endeleg hev Maalarbeidet ogso naatt fram til aa verta godkjent, det stend berre att aa fultut gjenomføra det, og daa mest i Skulen, der Talaren hadde vortet lastat av Prosten, fordi han brukad Norsk, fleire Aar etter, at det jamvæl hadde vortet aa kalla paabodet. Men no hadde Talaren brukat Norsk i Skulen so lenge, at han saag det var det einaste, som kunde duga. Øyda burt Heimemaalet aat Borni det var noko av det verste ein kunde gjera dei.

Tilslutt vart det for Maalsaki sin Del gjort Vedtak um, at Forsamlingi slutter sig til Udtalelsen fra Læremødet i Sogn _ særlig med Hensyn til Landsmaalets Indførelse i vaare Folkeskoler.

Paalag 100 Menneskje var tilstades.