[Tidender.] Valet i Stockholm.


Høgre i Sverike vart fælande arge, daa Vinstre vann ved Riksdagsvalet i Haust, og so lenge dreiv dei med Lovtolkningar og Lovkrokar, at dei fekk Valet underkjent. Det, som gjorde, at Valet laut ganga um att var, at 30 _40 Mann, som inkje hadde Røysterett hadde voret med og stemt, endaa Vinstrelista hadde havt mange hundrade Røyster fleire enn Høgrelista. I Millomtidi fekk dei seg eit nytt Høgreblad. Det skulde serleg tolka Svenskarne sin Uvilje mot Noreg, og difor skulde det arbeida av alle Krefter for, at dei gamle Tingmenn, som hadde talat Noreg sin Rett, skulde kastast. Serleg lagde det nye Bladet Elsken sin paa Hedin; han skulde no kastast.

No Fredagen stod Umvalet, og det svenske Høgre rosar inkje Leiken. Ved Valet i Haust vart det valt 16 Vinstremenn og 3 Høgremenn; no um Fredagen vart det valt berre Vinstremenn. Paa Valdagen gjorde Høgre alt sitt for aa blingra Vinstre; soleids sagde dei, at ein av dei, som stod paa Vinstrelista inkje hadde Røysterett, og daa det var avsanna sagde dei, at han var daaen. Men Vinstre let seg inkje narra, dei sigrad med Yvervigt av paalag 700 Røyster.