Dissenterne


er det mykje Tale um no. Det er Lovforslag vedkomande dei, som er sende rundt i alle Bygder til Betænkning av Formannskap og andre.

Det er eit stygt Namn dette Dissenter, det er ein framand Klang ved det og tykkjest for Aalmugen aa tyda paa nokot fælt og faarlegt, i Likning med Fritenkjarar, Anarkistar og Nihilistar, i det heile vaalege Folk, som vil øydelegja Samfund og Kristendom og som ein maa verja seg mot so mykje ein kann det (under Fridoms Namn daa), likesom mot Tjovar og Røvarar.

Dissenter tyder ein som hev andre Meiningar og daa inkje fullt so rette Meiningar, som Folk flest, og det brukast no mest berre um dei, som hev slike serskilde Meiningar um Fridom, Kristendom og Kyrkje.

Namnet er komet upp i den Tid, daa det var haldet for galet aa hava andre Meiningar enn Folk flest.

Vaar Tid vilde hava gjevet dei eit annat Namn, for vaar Tid hev eit Syn paa slike Ting; ho held Folk flest for ingi Meining aa hava, og heidrar dei som hev sine eigne Meiningar, som dei einaste, som hevnokor Meining.

Ein kann væl inkej skulda kvar og ein, som held seg til Fleirtalet for at han er tankelaus, men for vist kan ein segja, at der er det, at alle Tankeløysurne i Samfundet finst.

Mindretals-flokken kann ein mykje sikrare segja det um, at han hev med seg tenkjande og sjølvstenduge Menn. Allvist daa, naar det er mange slikeder, som inkje er uppfødde og uppalne med Meiningarne sine, men hev skilt seg utor Fleirtalsflokken etter fritt Val .

Maa ein inkje tru, at dei beste kristne er dei trugnaste Menneskje og dei beste Borgarar?

Men er det inkje dei, som hev best Kristendom, som hev teket honom etter fritt Val og øver honom etter dei Former, som Hjartatrongen aat kvar krev det?

Jau det maa vist sannast av alle.

Daa meiner me, at Samfundet fyrr burde heidraslike enn setja dei til Sida. Skulde det daa inkje imindsto vera huga paa aa nytta deira Dugleik og Trugjenskap so mykje som mogelegt?

Skulde inkje alle sanne Fridomsmenn vera samstelte um dette? Og umfram alle burde daa den aalvorlege og varme kristne sjaa dette klaart.

Den kalde kristne, som hev liti Tru, han hengjer seg fast ved sit Fleirtals sterke Borg og set all si Lit til sine faste Former og kyrkjelege Skikkar. Han held det for ævelegt Tap og Tjon, um han maatte riva ned Festningsverki sine og liva i Fred med andre kristne, som inkje var av den same Bølingen (Hjord).

Men den, som set si Lit til Gud aaleine og hev sitt Liv i honom, han veit, at det er ei Tru og ein Kjærleik yver heile Kristendomen, anten ein kallar seg so hell so. Han held seg væl fast til si Trudomsmeining og kyrkjelege Skik, men han dømer inkje andre hell gjer dei Mein, han let dei fritt faa verka og gled seg yver det. Likesom han ser, det er so mange forskjellige Menneskje og Folkeferder med kvar sine serskilde Huglynne, likeso naturleg finn han, at det vil lagast mange forskjellige Maatar aa dyrka Gud paa. For kvart Menneskje og kvart Folk, som vinn fram til fullt Sjølvstende _ han vil sjaa det som eit Framstig, som Merkje paa Liv og Kraft i Kristendomen, naar dei fær si eigi Gudsdyrking.

Her i Norig hev det voret mykje trongsynt i so Maate, lite kristelegt Liv og Verme. Fyrst ganske nyleg hev det vortet Lov aa verta Embættsmenn for andre end dei, som held seg aat Statskyrkja. Og endaa er det mange, som arbeider imot det Lovframlegget, som vil gjeva Folk utanum Statskjyrkja Rett til aa vera Lærarar i Folkeskulen i slike Ting som Historie, Geografi og annat (Religion er ikkje medteket). Millom slike Motstandarar finst det desverre ogso sume, som er haldne for Fridomsmenn og for varmhuga kristne.

Endaa hev inkje Fridomens Krav fult røtt seg i vaart Folks Hjarta, endaa hev inkje Augo vaare fenget den kristelege Brorskaps heile mannamilde Syn.


E.