Askeladden.

 

(Av Ingvar Bøhn.)

 

For Askeladden eg stiller Strengen, _

du smilar du, men eg likar Drengen.

Han er ’kje den, som dei vilde tru;

men kanskje er du av Brørom du?

 

Han grov i Oska _ de kann so vera;

den store Klokskap kund’ han ’kje læra.

Men stundom tindrar hans Augo blaa:

de er nok eitkvart, han grundar paa.

 

Han drøymde Dalar og grøne Lier,

der Hugen uner i alle Tier.

Um dei grev og gruvlar og Gull dei vinn,

de kann ’kje lokka hans unge Sinn.

 

Men siter Folkje og Elden brenner,

me Hugen sviver so vitt og vender,

alt til de løynlege Drøymeland, _

daa ser han upp utor Oska han.

 

Og Troldomsslotte i Soli lyser,

og Li og Lundar av Gulle dryser.

Han vilde uti dei Engjar gaa!

Han vilde alle dei Trolli slaa!

 

Daa lyt han stunda i Blygslom lengje;

dei log so haaleg, dei stolte Drengjer.

Men naar dei stende rme Kinni bleik,

han gjeng med Smil i den ville Leik.

 

Fordi du kunde i Ungdom drøyme, _

fordi du kunde i Manndom gøyme, _

fordi du gjekk gjenom Smil og Spott, _

fordi du hev vunne det væne Slott,

 

fordi du Elden i Barmen kjende,

som Arming gjere til rik Manns Frende, _

fordi du trødde den Veg so trong, _

so hev eg sungje deg denne Song.

 

 

Du leika løynleg i Mannshug inne;

daa vilde dei vænaste Kongsmøy vinne.

Kann du ’kje vekkje den Hugen ung

i Ætt, som gjenger so trøytt og tung?

 

Frå Fedraheimen 14.01.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum