Damur og Fuglar.


Dei ringde med Jarnbaneklokka, eg laut skunda meg og finna Plass, der var fullt all Stad, Konduktøren gjekk med meg fraa Vogn til Vogn, endeleg ropa han: Her kann de kome inn! Eg gjore meg so liten som mogeleg, for der var berre ein Plass tom, let so Auga att og smaasov, for eg var trøyt etter Jolemoroi, som eg no kom fraa. Eg sat lengje so, kring meg gjekk Kjeftamente som ein Fossedur, eg tykte det var rart, at Folk var so heksne til aa røda paa Reise, for daa pla dei flestalle vera tagalle av seg, eg saag daa i Halvsømne paa deim, som sat ikring meg og saag, at der var berre Kvinfolk! Daa er det ikkje rart, tenkte eg, og dubba vidare, men det varte ikkje lengje, fyrr eg kjende nokot, som jamt laag og krilla meg i Andlitet, lik eit Halmstraa, eg vart gretten og saag upp, det var ei stor Strudsfjør, som ei liti langhalsa Dame hadde paa Hatten sin. Det var daa fælt til Fjør, tenkte eg, og flutte meg.
 
So saag eg ikring meg paa dei andre, jau der sat ei Frue so breid som ei Dør og rund som ein høg Mur, med ei stor Fjør i Hatten, og ei liti lang Spyte av ei Frøken grann som ein Lintraa og krokutt i Ryggen som ei Grytehodde med tvo digre Fjører, som saag ut til aa tyngje, so at Halsen bogna.

Der sat ei med tvo Fjører, der sat ei med mange, eg saag og saag, verre og verre vart det, Smaagjentur hadde Fjører, store og smaa, dei stritta upp i Vere, dei vrengde seg att og ned paa vesle Skrotten, men der sat ei med ein heil Fugl paa Hatten, han saag mest livande ut, der sat misant ei med ei flakt Gaas til Hals. O du store! tenkte eg, men daa somna eg inn og drøymde: _Eg var mitt uppe i eit Dunver, paa ei nakja Øy langt uppe mot Midnattsoli, der var stort Møte av alle Fuglar, Alke, Teiste, Lom, Terne, Maase; Lomen var President, men han var ikkje rettig stød paa Beini paa Land, saag det ut til, for han vagga paa seg som Skip i Sjøgang: Sjøfuglar og Sjøfuglinnur! Verdi gjeng oss imot, difor lyt ogso me Sjøfuglar skipa oss ihop til eit Samlag _ som Korporation kann me hava Von um aa kunna naa nokot _ eg høyrde ikkje meir, men so snøvad der med Fjør, store og smaa, og naar eg skulde sjaa rett etter, so var eg i Skogen, der var grønt Gras, grøn Skog, sprikjande tirande Blad i alle Tre, dei stod og skalv i Morgonstundi mot Soli. Der sat ein liten Fugl, han saag so sorgall ut. Han song ikkje, likevel han var ein Songfugl; naar eg saag væl etter, so var det den Fuglen eg hadde set paa Damehatten, men so kom dei: Strudsarne springande paa lange Bein, Svanur fljugande paa breide Vengjur, Havfuglar i tungt Flog, Fuglar var det allestad, i Lufti, paa Marki, eg trudde mest sjøl, at eg var ein Fugl. Trei fekk Fjør, Leggjerne var av Svanebringur og Greinerne Vengjer, Lauvet var rosutt liksom Fargen paa Fuglarne. Ja Soli var ei stor lysande Visdoms-Uule, som saag med store Augo ikring paa heile Heimen _ det skulde vera Fugledomedag, dei skulde krevje Damurne til Reiknskap for alle Fjørerne, so tok alle Fuglarne til aa klaga kvar i sitt Maal, men Songfuglarne song so vænt, at eg laut graata, likevel eg viste, at eg var Fugl, og dei græt ikkje. So kjende eg ei Krisling burti Nosi mi _ det var Strudsfjøri igjen, eg vakna, Jarnvegspipa let, Togji stadna, ut for me, runde og vinterklædde, lik Nyste, kvar til sitt, men Fjør saag eg heile den Dagjen etterpaa kvar eg stirde.

A. H.