Fraa Honnes.


(Sætisdalen).


Fedraheimens Lesarar hadde væl inkje noko imot aa høyra litevetta her ifraa oss Hondølar.

I Upplysningsvegjen er me nokso langt framme. Dagskule hev her vore kvar einaste Vetter no i dei seinste Aari. Amtskulen hev ogso gjesta oss tvo Gonger.

I Politikken fylgjer me med i kvart einaste Grand. Det er sjelda, naar ein kjem inn i eit Hus, anna hell ein fær set eit hell fleire frilynde Blad liggjande paa Bore.

Og tenk! so fær me ein heil Del av Fædrelandet, som Grunnlovsforeiningarne _ dei kallar _ sender kringum til oss.

Tenk! Fædrelandet skal erobre Nedenes og Akershus til næste Val, segjer dei. Det er utrulegt! Eg trur knapt, at det er ein iblandt tie, som gjer seg so mykje fyre, at han riv av det Umslagje. Dei kastar det mest burt i ein Krok solengje til dess, at det hev vertet væl søylutte, so kastar dei det ut. Det ser inkje ut til, at Fædrelandet fær nokon Inngang her i Honnes, um de nokso mykje kallar seg med Kristendomens Namn.

Her i Honnes hev me og byrja aa høgtida 17de Mai og 9de Juni.

Ifjor Sumar fekk me istand eit Skjotarlag, som slutta seg til Folkevæpningssamlaget.

Dette Skjotarlaget vaart, det hev gjengi frametter med Kjempestig. I Fyrstningi talde det bare nie, tie Medlemar. Me fekk oss daa ei Byrse aa til aa skjota. No teler me 41 Medlemar.


Ulebør, 22 _12 _84.

O.