Mann og Kjering.


Jon Holmen hadde voret Sakførar i fleire Aar i ei Bygd paa Austlandet. Det var ein evnerik Mann, frisk og kaat og framifraa vælsedd millom Vener. Godt Gjente-tekkje hadde han ogso, men daa han hadde voret der ei Stund, vart Gjenturne rædde honom, so at det var inkje mange, som torde møta honom paa ein Veg; for det vart fortalt so mange stygge Sogur um honom. Dette og mykje annat gjorde, at han laut søkja seg burt, og han fekk snart ein Post som Politifullmagt i ein By paa Vestlandet.

Med det same han var komen dit, vart han kjend med Dotter til Doktor Torp; det var ei mykje ven Dros og ei bra og gild Gjente. Han lagde seg straks um aa vinna henne, og det varde ikkje so lenge, fyrr han merkte, at ho hadde huglagt honom, so han torde fri, og Ja fekk han med det sama.

Dei vart gifte og livde lukkeleg og væl tilsaman. Jon Holmen var som eit reint annat Menneskje, og vart sedd paa med Tillit av alle. Av Kona si vart han halden for ein Mønstermann i alle Maatar.

Han var reint forundra sjølv, naar han tenkte paa kor skikkeleg han hadde vortet med ein Gong, og naar han saag dei trugne Augo aat Kona si, kunde han stundom faa ein Sting i Bringa. Var det rett handla mot henne, at han inkje hadde fortalt henne nokot um sine galne Strik? Men um han det hadde gjort, so kunde han væl hava vortet gangande paa same Maaten som fyrr. Men no gjekk det daa so framifra godt.

Han kjende denne Sæla som det er verta elska, det var nokot so rørande ved denne barnslege Burtgjevingi til honom, som ho berre dømde etter- det, som ho sjølv hadde set, og trudde, at alt det andre var som dette. Um han hadde havt eit Hjarta hardt som Steinen, so hadde han maatt elska henne. Men det Spursmaalet kom fyri honom oftare: Hev eg daa full Rett til denne Kjærleiken? Endaa for kvar Gong tyktest han ogso at det var fullgodt Svar: Jau ho elskar det som ho kjenner, det andre kjem inkje henne ved.

Endeleg fann han ut, at det var nok inkje Kjærleiken hennar som det i Grunnen galdt um, men Spursmaalet var um Kjærleiken hans eigen. Inkje for det, elskelegare Menneskje enn henne kunde han inkje tenkja seg. Kjærleiken hennar var bygd paa ein Tillit og Vyrdnad, som hans Kjærleik inkje hadde, for den var jamnt sett med ein Otte for at nokot leidt skulde koma henne for Øyro, og han hadde inkje den Tillit aat henne, at ho kunde trotta det. For um ho var aldri so vitugt eit Kvende, so vilde ho med god Grunn koma til aa neisa honom, at han inkje hadde vist Ærlegskap mot henne fraa det fyrste, men latet henne vera i ei Hilding, ho vilde skulda honom for aa hava faret med Fusk.

Desse Tankarne seig innpaa honom meir og meir og gjorde honom stur; og til meir kjærleg ho viste seg mot honom, til leidare vart det, tykte han. Han kjende seg som ein Belar, som kvar Dag gjeng og ser den han elskar, men det er Hindringar ivegen, som er vande. Og det fæle ved Saki var, at desse Hindringarne som var imillom dei, dei var slike, at vart dei burttekne, so vilde væl han kunde elska henne med det same gode Samvitet, som ho no hadde mot honom, men vilde so inkje hennar Kjærleik til honom skiplast? Var det mogeleg aa tenkja seg annat fraa hennar Side?

Han brydde seg inkje um aa ganga i dette lenger.

Ein Dag som dei sat etter Kveldsmaten og pratad um aa faa seg ein ny Gardsdreng, tok ho til aa bera seg ille yver, kor sedlause dei simple Folki var.

_ Dei er sanneleg inkje likare dei fine _ meinte han.

_ Inkje alle nei, men det er daa Forskjel, naar det er ein som hev faste gode Hugmaal og eit fint Arbeid.

_ Tull, Tull, du skynar deg inkje paa slikt, du; du trur, at alle Folk er brae, som du inkje hev høyrt nokot annat um. Inkje so eg veit nokon, som fekk Stemplet Dygd av deg.

_ So?

_ Ja du trur kanskje, at eg skulde vera slikt eit Dygdsmønster? _ brusad det ut or honom _ Fekk du høyra alle Sogur, som gjeng um meg, so

_ Du hev aldri voret slik!

_ So? Jau det hev eg daa rett, men no er eg daa nokso skikkelegt eit Menneskje, eg hev no aldri høyrt deg segja annat.

Ho vart bleik og gjekk ut.

So gjekk det eit Par Dagar, ho nemnde ingen Ting meir um dette, berre stelte for honom som ingen Ting var, men talad inkje meir enn som trongst.

Ein Kveld 8 Dagar etter, med han sat bakum ei stor Avis og ho heldt paa batt, lagde ho braadt Bindingi ned, saag paa honom og sagde ganske laagt:

_ So du agtad meg so litet?

Han saag upp, _ kvat meiner du?

_ Eg meiner det er inkje ærleg Manns Framferd aa narra den som ein elskar.

_ Narra? Hev du vortet narrad, hev du nokotsinn funnet at eg var annleids enn som du fekk Inntrykket av meg, daa du lærde meg aa kjenna?

_ Nei inkje soleids, men _

_ Det var daa inkje med mine gamle Ugjerder du skulde gifta deg, det var med det som var godt og tekt for deg ved Karen, og daa hadde væl inkje du Bruk for aa vita meir enn det du trengde. Det er daa inkje med Fortidi aat ein, at ein gifter seg, men med Framtidi hans. Og korleids skal eg vita um paa kvat Maate ein vil laga seg mot meg i Framtidi, er det inkje berre ved aa døma honom etter det Inntrykk han gjer paa meg og etter det eg veit um hans Forhold til meg? Kvat Skil ligg det paa hans Forhold til andre i gamle Tider; naar eg elskar honom slik som han er, og han elskar meg, daa hev eg hans Framtid i mi Haand. Du segjer eg hev inkje agta deg. Det er daa væl heller meg sjølv eg vanagtad, med di eg inkje fortalde deg, korleids eg hadde voret, eg trudde inkje paa meg sjølv so mykjet, at nokor gjæv Gjente kunde finna, at det eg var i meg sjølv etter det ho syntest, kunde vega upp mot det eg hadde voret. Ingen vilde tykkja at eg var nokot, eg vilde sjølv hava havt den same Kjensla, mi Fortid vilde hava hindrat paa alle Vis. Hadde eg fortalt deg alt med det same, so hadde korkje eg vaagat aa elska deg hell du meg, alle vilde hava lagt seg imillom og det hadde inkje vortet nokot av det. Men sjaa no, hev me inkje havt det nokso godt? Den som kann hava lidet under dette, maa væl helst hava voret eg.

_ Nei, nei, du hev inkje agtat meg, og difor hell aldri elskat meg rett.

Lat vera at eg hadde vortet forstøkt, naar eg fyrst hadde huglagt deg paa den Tru, at du var ein fagna Gut i alle Maatar og du so hadde komet og inkje beelat, men komet og fortalt meg altsaman, daa fyrst hadde du havt Beele-retten; daa fyrst hadde eg kunnat valt fritt og du kunne fenget meg med ære?

_ Trur du so, at du likevæl vilde gjevet meg Ja?

_ Eg vilde hava sagt, at eg elskad deg slik som eg kjende deg, men at eg inkje vilde gifta meg med deg, fyrr eg viste, korleids du vilde te deg, naar alle viste kvat Kar du hadde voret fyrr. Eg vilde krevja at du skulde fortelja til Far og Mor og alle Folk det du hadde fortalt meg, og eg vilde sjølv inkje lagt Dulsmaal paa det for nokon. Etter det eg no veit, vilde eg aldri hava sagt deg Nei, du skulde faatt eit Ja, som var mykje fullare og betre.

_ Kvat vil du no daa, at eg skal gjera?

_ Ingen Ting annat enn at du held eit lite Selskap.

_ So?

_ Jau, paa Fødesdagen min, daa du veit her er so mange av mine Veninnur.

_ Kvat so?

_ Du skal fortelja kvat Slag Kar du er, og du skal beda alle unge Vækjur, at naar det kjem nokon Belar aat dei, so skal dei inkje vera so godtrugne, men krevja full Greide. Kanskje du hev inkje nokon sers Hug til dette Laget du?

_ Eg _ hm _ inkje nokon sers Hug nettupp; men det er mi Plikt, eg gjer det likevæl.

_ Det var rett, berre det vert full Greidleik, so lagar alle Ting seg væl.