Tidender.


Kristiania, den 13de Januar.

Frankrike. Campenon, Krigsministaren hev voret, hev no søkt Avskjil. Grunnen er den, at han mislikar, at det skal sendast so mykje Vaapen og Krigsfolk til Kina. Han vilde helder hava alt reide heime i Frankrike, um det skulde trengjast mot Tyskland. Den nye Krigsministaren vil freista paa aa faa ein snar Ende paa Krigen med Kina; men det kann henda, at det Arbeidet inkje er so lett gjort. Kina held no paa med aa skipa seg baade Her og Flote etter evropeisk Mønster, og det er inkje so litet av gode Vaapen i Landet.


Høgrebladi hadde det so annvint for nokre Dagar sidan med aa forkynna, at Ministeriet kom til aa rjuka sund med det fyrste. For Daae og Sverdrup skulde hava vortet uforlikte, um Vernepliktsloven skulde gjerast ferdug til dette fyrste Stortinget, elder um det kunde standa ut, til Hernemndi fekk gjera heile Arbeidet ifraa seg.

Hev inkje Høgrebladi annat aa segja um Regjeringi, so kann dei likesogodt lata det vera, for alle skynar, at slike Ting er inkje nokot til aa sprengja ei Regjering.


Vildanden vert spila paa Teatrat no.


Det 3dje norske Arbeidarmøtet skal haldast i Kristiansand i Sumar. Styringarne for Arbeidarforein. i Kristiania og Kristiansand skal stella med Møtet. Spursmaal, som ein vil hava umhandla paa Møtet, maa vera innsende fyrr midt i Februar.


Av Nyt Tidsskrift er siste Hefte (8ande) for 1884 utkomet. Det inneheld: En Folkefest (Skisse av Amanda Kerfstedt). _ En Ligtale. _ Vælgernes retfærdigste Repræsentation (Fr. Bajer). _ To Atelierhistorier(Chr. Skredsvig). _ Til Frøken Gina Krog (fra Prof. Fr. Petersen). _ Bokmeldingar um Lodsen og hans Hustru, Vildanden, Det flager, Fortuna, En Malstrøm, Garborgs Forteljingar og Sogur o. fl.


Kapt. Alb. Jacobsen hev vortet utvist av det militære Samfundet, fordi Offiserarne var misnøgde med at han (etter Meldingi i Morgbl.) hadde sagt det paa eit Folkemøte, at Offiserarne inkje dugde nokot, fordi dei hadde for litet aa gjera. Men vilde dei koma ut paa Landsbygdarne og arbeida, skuld det verta annat Slag av dei.
Talaren hadde forlatet Posten sin, fordi han inkje vilde vera nokon Slave.


Vinteren er ein hard Kar ved Smaafolk, og det er vel ingi Aarstid, daa det vert felte fleire Taarur, enn naar Jordi ligg kvitklædd fraa Fjøll til Fjøra.

Ein Brevskrivar i Størdalens Tidende fortel fylgjande: Lars Litlemo bur paa ein Plass i Prestemo. Han hev Kona og 3 Born, og dei bur paa eit Loft, der det er so elegt, at Snøen driv inn, so Ibuararne etter ei Snøfoknatt lyt vada i Snø paa Golvet um Morgonen, naar dei stend upp. Omn finnst det inkje inne, og daa det ofte er knapt um Maten hjaa dei, so kann kvar og ein tenkja seg til kvatslag Liv det er den fatige Huslyden liver.


Den svenske Riksdag skal opnast av Kongen den 19de d. M.


Svensk Gymnastikk i Utlandet . Friherre Nils Posse vart nyleg Offiser i Sverike. No hev han teket Avskjil og reist til Hawai. Han hev fenget ein Plass ved Heren der og skal hava 6000 Dollar Aaret.


Dyrt  Minne. I Moskwa hev dei bygt ei stor Kyrkje til Minne um kor galet det gjekk Napoleon den 1ste, daa han gjorde Herferd til Rusland. Kyrkja hev Rom for paalag 10,000 Menneskje og kostar inkje mindre enn 36 Millionar Krunur. Dei hev arbeidt paa henne i 40 Aar. Ei av Klokkurne veg inkje mindre enn 26 Tons, og nokre Mannskapnadar uppe paa Taarnet er inkje mindre enn 50 Fot høge.


Jordskjelten  i Spania. Det er komet den eine Meldingi etter den andre um alt det Tjonet, som Jordskjelten hev gjort i Spania. Verst hev det gjenget i ein Landslut, som heiter Malaga. 5 Byar der er reint øydelagde, 8000 Hus er nedramla, 914 Menneskje er drepne og 1100 skadeslegne, 10,000 Kretur er medgjengne og Skaden paa Eigedom er yver 20,000,000 Krunur. Det er ille med dei, som attliver. Inkje Hus og inkje Mat hev dei; dei ligg nakne paa Jordi og mange frys forderva og vert sjuke. Mange Rikmenn hev sendt Hjelp, soleids Keisaren av Tyskland og Kongen av Spania, men det hev inkje naatt langt. No hev dei i Spania teket til med aa samla Pengar i det store. Like fraa Tyrefektaren og uppyver gjer dei kvat dei kann for aa lindra Naudi.


Dyre Klutar. 11 Fanar, som Franskmennerne hev teket i Tonkin, er no komne til Frankrike. Den siste vart uppsett i Invalidedômeni Paris no nyst. Fanen er av gul Silke, og det er paasaumt ein Drakje, som snur seg for aa sjaa Soli. Eit franskt Blad segjer, at Krigen i Tonkin no alt kostar Frankrike 100,000,000 Franks; kvar Fane kjem etter det til aa kosta 9,090,909 Franks, og meir er dei truleg inkje verde.


Gladstone hev voret sjuk no eit Bil; han hev voret nerveveik og mykje plagat av Sømnløyse um Næterne. Lækjarne sagde, at han hadde arbeidt for hardt og raadde honom difor til aa taka ein Tur til Utlandet for aa kvila seg ut. Men Sjukdomen vart inkje so langvarug. Gladstone er no frisk att og fær sova heile Notti. Nokor Reis til Utlandet vert det inkje Tale um, imindsto inkje for det fyrste.


Opium vert meir og meir brukt i Amerika. Flestalle av dei som røykjer Opium er Kinesarar, som her og der yver heile Landet, men mange Amerikanarar, baade Karar og Kvende, hev og teket til med Uskikken no. Politiet gjer kvat det kann for aa tyna Opiumsrøykjingi; men det munar litet. No nyleg kom Politiet inn i eit stort Hus der det var mange Kinesarar og kvite Kvende, som gjekk halvnakne um kvarandre i Opiumsfylla. Av Kvendi var nokre fraa Amerika, nokre fra England, nokre fraa Tyskland, og eit Par var der og fraa Skandinavia. Augo saag dovne og sømntunge ut i dei alle saman, og det var uvandt aa sjaa, at dei hadde drivet mykje med Ulivnad og Opiumsrøykjing. Alle vart sette i Fangeholet for aa sova Rusen ut, og daa det var gjort, slapp ei ut att mot aa bitala Bøter. Fleire Stader hev og Politiet funnet Kinesarar, som driv med Opiumsrøykjing, og allestad hev det voret kvite Kvende med. Opium verkar paa Lag som Brennevinet, men er endaa skadelegare for Helsa.


Biavlen i Nordamerika hev gjort stor Framvokster no i det siste. I 1882 var det i dei sambundne Statarne paalag 70,000, som dreiv med Biavl og hadde yver 200,000 Bikupur. Kvar Kupe gjev minst 20 Pund Honing um Aaret, og kvart Pund vert bitalt med 10 Sents.


Hauk yver Hauk. Ein engelsk Lummetjov var i Paris. Han stal ein Pung med 110 Franks or Lumma aat ein Mann, men under det datt ein gjild Gullring av Fingeren hans og ned i Lumma aat honom, som aatte Pungen. Tjoven merkad inkje dette med det sama, og sidan, daa han saknad Ringen, trudde han, at han hadde mist honom paa Gata og melde Saki for Politiet. Men det tente han inkje stort paa. Politiet hadde alt fenget Ringen, og inkje fyrr hadde Tjoven sagt, at det var hans, - fyrr Politiet sette honom fast fordi han hadde stole Pengepungen. For Ringen var Vitne godt nok.


I Amerika er baade Karar og Kvende Lækjarar um kvarandre. Fru Mary Bennett i Ohio reiser lange Vegar til den sjuke anten det so er Natt elder Dag, og Folk er nøgde med henne og ho tener store Pengar. Ho hev tvo Born, som ho er svert var um, og ho styrer i det heile Huset sitt paa ein mønsterleg Maate. I sama Staten er ein annan kvinneleg Lækjar, Frøken Amidon, som er flink til aa lækja Kvendesjukdomar og Barnesjukdomar. Daa ho laag ved Høgskulen, var ho det einaste Kvende, som studerte Medisin, og ho fekk betre Eksamen enn alle dei 74 Menn, som vart utlærde til Lækjarar saman med henne.


Ein Fargar i Sommerset, Kentucky (Amerika) vilde reise til Byen no fyrre Maanaden. Daa han var vel komen ut for Døri, sprang Kjeringi hans etter honom med nokot, som han hadde gløymt. Mannen snudde seg, daa han høyrde Kjeringi ropa paa honom, men i det sama vart det so sverande ljost, mykje ljosare enn av ein Lyneld, og Kjeringi heldt att for Andlitet sit, for at ho inkje reint skulde missa Synet. I det sama høyrde ho ein fælande Brak og Jordi riste seg. Ho fall i Uvit, og daa ho kom til seg sjølv att laag Mannen Lik ved Sida hennar. Hovudet hans var sundsleget og Klædi hans var sundrivne og uppbrende, og heile Kroppen var svartbrend. Det laag eit Lag med smeltat Jarn og Stein over honom, og dei trur, at det er eit Stjerneskot (Meteor), som hev raakat honom.


Mann og Kjering vert snart keide av kvarandre i Amerika ser det ut for. New York Herald fortel, at i Chicago er det inkje mindre enn 700 Søknadar um Skilnad framme for Retten. I Filadelfia er det endaa fleire.