[Tidender.] Gassprengjing i Hamborg.


Nauerwall heiter ei Gate i Hamborg, der det er mykje Ferdsl um Kvardagarne; men um Sundagarne er det jamnaste rolegt der. Slik var det inkje no Sundag var. Daa var det fult av Folk alle Stader.

Ikring Kl. 5 høyrde dei ein sterk Smell og ut fraa Huset No. 28 vart det slengt Glasstykkje, Klæde og Folk ut paa Gata, alt i ei Røre. Ei Vogn, som køyrde forbi i det sama, hadde nær veltat, men greidde seg sovidt, og ein Politimann, som stod paa andre Sida av Gata, vart slengd so hardt mot Huset han stod ved, at han datt i Uvit. I vid Umkrins ristad Husi so hardt, at Glasruturne gjekk i Betar og Takstein rullad ned.

I Bygnaden, der Ulukka hende, er eit stort Varelager og ei Bokbud. Bokhandlaren slapp med nokre knuste Rutur og nokre Skraamur i Andlitet; men verre gjekk det Kaupmannen.
 
Hjaa honom vart alt laust og fast slengt um kvarandre, og han sjølv vart kastat ut gjenom Glaset og ut paa Gata, der dei fann honom i Svime. Golvet var upprevet, so Sprengjingi hadde gjenget for seg i Kjellaren. Folk gjekk daa dit ned, og der laag Verten og Kjeringi hans svimeslegne. Gassrøyri hadde voret i Ustand og der hadde voret Folk for aa bøta det. Verten og Kjeringi vilde no sjaa etter, um Arbeidet var ferdugt; men so hadde Kjeringi i Tankeløysa tendrat eit Ljos og teket med seg.

Arbeidet var inkje ferdugt; men so hadde Kjeringi i Tankeløysa tendrat eit Ljos og teket med seg. Arbeidet var inkje ferdugt, og inkje fyrr var Ljoset komet i Kjellaren, fyrr Gassen fatad og gjorde alt det Ugagnet, som er nemnt ovanfor. Verten og Kona vart havde paa Sjukehuse. Kona er alt daai og Mannen er nær Enden.