[Tidender.] Høgre og Svensken.

 
Under Riksretten viste Høgre aa fortelja oss baate seint og tidleg, at Svenskarne inkje lenge vilde sjaa rolegt paa, at me holdt paa med aa døma dei 11 heiderlege Menn fraa Embætti sine og meir sovoret. For, at me dess greidare skulde sjaa, kor illherveleg sint Svensken var, so trykte baade Morgenbl. og andre Høgreblad av det eine Stykkje etter det andre fraa Göteborgsposten og andre svenske Blad av sama Fargen. Og det vilde vera Synd aa segja annat, enn at det var beiske Saker, som stod der. Inkje for det, at Morgenbl. og Aftenpostenog slike Folk grein, daa dei skulde svelja det. Tvertimot: dei smattad no og smaariste paa Hovudet av berre Glede. Men det var andre, som tykte det smakad reint ille. Og Høgrebladi kunna den Tidi vidare gjeva oss Greide paa, at inkje mindre enn 2 svenske Bladmenn var komne hit til Landet for aa setja seg inn i dei Tankar og Hugdrag, som var mest uppe hjaa oss. Og so vidt me veit, so brydde desse sama svenske Bladskrivararne seg inkje det minste um aa røda med Vinstrefolk; naar dei fekk Greida paa det, som Høgre hadde huglagt, so var dei nøgde og reiste heimatter.

Men ein av desse svenske Bladmennerne, Jäderin, vart Styrar av eit nytt Blad, Stockholms Dagblad, og der tok han hardt Ordet for, at Noreg burde klemmast inn under Sverike. Men so kjem det rare: Stockholms Dagblad fortel oss, at det hev god Von um, at det norske Høgre vil stydja denne Tanken. Vor kjære Defensor, Grundlovens talentfulde Forsvarer, Hofadvokat m. m. m. Johannes Bergh, fekk store og fagre Lovord, og det norskhatande Bladet hadde god Tiltru til honom, saag det ut for. Det er eit gamalt Ord, at Ord, som er sagde i høveleg Tid, er betre enn Gulleple paa Sylvfat; men vaart gode Høgre totte nok inkje, at Stockholms Dagblad talad Ord i denne Saki i rett Tid, for dei skundad seg baade Schibsted og Friele med aa segja, at dei inkje vilde hava nokot med det Bladet aa gjera. Vor kjære Defensor, som hadde fenget slike Lovord av Jæderin, skreiv endaa til Stockholms Dagblad og sagde, at han inkje vilde arbeida for aa tyna sitt Fedraland.

Tenk, so langt er det komet med sume Folk her i Landet, at dei lyt skrika ut av all Magt, at dei inkje er Landssvikarar elder nokot sovoret. Ingen Vinstremann vil nokonsinn trengja aa koma med eit slikt Vitnemaal. Det vil aldri fella honom inn, hans Fortid er inkje slik. Men Høgre, som hev aa sjaa attende til nokot sovoret som laaslause Byrsur, slipte Sablar, ladde Kanonur og Johannes Berghs Tale i Riksretten, ja dei hev all Grunn til aa koma med ei slik Avsanning. Glade vilde vist Høgre og voret no, dersom dei hadde rødt noko mindre med Jäderin ifjor Vinter, enn dei gjorde, for no hev han nok inkje talat i rett Tid, men det kom no so paa tverke for Høgre, som det best kunde.