[Tidender.] Maalsaki på Vonheim Folkehøgskule.

 
Den 7de ds. var Maalsaki uppe til Samtale paa Etterjolsmøtet paa Vonheim _ vert det skrivet i Dagbl. Umkring 160 Kvinnur og Menn var tilstades; og dei var so godt som samrøystes med paa det, som Lærarmøtet i Sogn og Vinstreforeiningi i Landvik heve uttalat.

1. I alle offentlege Skular liksom paa Seminariom skal der verta undervist i aa bruka Norsk i Munn og Pen.

2. Dei Lærebøkerne, som er godkjende fyre Folkeskulen, maa verta utgjevne likso vel paa Norsk som paa Dansk. Valet millom deim vert sett aat Foreldrom.
    3. I Landsskulen maa all Undervisning verta drivi paa Norsk, so vidt som det let seg
    gjera. Til Dansken vert det sett visse Timar.
      4. Ved all offentleg Eksamen paa Skule, Seminar og Universitet stend det fritt aa greida fyre seg paa Norsk elder Dansk.
        5. Universitetet maa faa ein Professor i Norsk.
          6. Alle Menn i offentleg Stilling maa faa full Rett til aa bruka Norsk.

          7. Det offentlege maa giva Pengar til Lærarmøte, der Landslæraren kann faa Upplæring i Norsk.

          8. Det offenglege maa stydja Utgivningi av gode norske Bøker.