Annar Meining.


I det Programme, som er uppstelt aat Venstre, stend der tvo Postar ved Sia av einannan, som etter Tia noer dei mest uhøvelege Motsetningar: Sparsamheit og so Jønnbane- (og Kanalarbeid?). Hot tru me fær igjen for alle desse Millionarne anna enn Armod tru? (Kom inkje og spyr hosse det vilde vera, um me inge Vegjer hadde havt. Me treng Vegjer, og lat dei, som inge hev , faa sovidt dei kann bergje seg). I so mange Bygder, som eg hev spurt, treng dei seg so hjarteleg væl og hev so nok med dei Utgifter som er, trong hell aa minke paa dei, og so tøygjer dei seg lenger enn dei orkar, berre for at desse Konditionerte og Landhandlarar skal ha det lite grumt. Eg negtar nok inkje, at det er bra aa koma lett fram, men her er gjort mange gjilde Vegjer alt, so det det gjeng godt an aa bergje seg til me kann betala noko paa den store Gjeldi, for den, som kostar formykje, naar han er skuldig, han fer med den andre Enden fyri. So er det denne løglege Konkurrencen elder Kappingi um aa faa av Kassa. Heradstyri, trur eg, tøygjer seg mykje lenger enn Folk hev Raad til. Staten, synest eg, her steller seg paa sama Maaten som ein, som vil freista aa læra eit Baan til aa ganga. Vil du koma hit skal du faa det! Og Bonni hev inkje betre Vit annat dei tøygjer seg framyver til dei rullar og kanskje skamslær seg. Eg tenkjer det er ein Feber _ liksom Skjerpefeberen, berre endaa drjugare _ som slettinkje Folk hev rettig godt av.

Ja, naar me kunna faa heile Herlegheiti for inkje, so kanskje det kunde løna seg; men no skal me fyrst betala i Millionvis det, dette kostar, og med dei daa gjer paa det, so skal Jori _ som er det einaste visse _ liggje udyrka av Skort paa Arbeidskraft, som er reist burt i Ukjøme til aa grava. Og Bonn og gamle utslæpa Krokar steller med Jori. Jau det blir eit Jordbruk! Og endaa burde kanskje nokre reise paa Aas og læra aa kondere (inkje arbeida). Aa nei det er inkje so svær Konsti med eit Jordbruk; det er mest Arbeide um aa gjera. Men Arbeidskrafti blir dregje ifraa Jori baade paa den eine og andre Maaten og dermed so knekkjer dei det, som Velstandet skulde koma ifraa.

N.


Det finst fleire enn ein skulde tru, som hev slike Meiningar um Jarnvegjer og sovoret nytt, som bryt med det gamle. Ja det hev jamvæl hendt, at i Bygder, der dei hev fenget Jarnvegjer istand, hev dei voret vonde og klaga honom, fordi han tok Fortenesta fraa Folk og armad ut Bygderne, med di, at gamall Sed og Skikk til aa næra seg no inkje kunde standa seg for den Tevlingi, som Jarnvegjen fekk aa Leid, so Folk difor anten maatte slita med Armodi, elder slutta med sine gamle Arbeidsgjerder og taka all Ting paa ei ny Vis. Og det er ofte tungt for Bygder med gamall Sed i Arbeid og all Ting aa skifta soleids og umlaga all Ting, soleids som Jarnvegjerne gjer, at ein vert nøydd til, det vert som ein heil Revolusjon i Bygdi aa kalla. Men dette er sanneleg berre nokot, som Folk hev innerleg godt av. For det er so mykje ved Arbeidet og Livemaaten vaar, som gjeng etter gamall Sleng, som er so fastgrodd, at det duger inkje annat enn aa faa riva det upp med Rot. Det er paa dei fleste Stader i Landet lik ei Spilling av baade Tid og Arbeidskraft, at det er ein heil Kveik aa faa Eimhestarne til aa koma pustande og burande uppetter Bygderne til oss, for dei Gutarne lærer Folk baade til aa arbeida og til aa tenkja, betre enn ein Skulemeistar ofte.

Det er slik ei Tiltakeløysa aat Folk i Arbeidslaget her i Norig, at ein mange Stader kann verta reint fælen, og Uppdyrkingi av Landet og Utnyttingi av alle Livevegjer gjeng slett inkje fram storom Stigom. Det er nettupp denne Ovtrui um det jamne Arbeid, som hindrar, soleids som det no vart sagt her i dette Stykkje, at med Jordbruket er det ingi Kunst, men berre Slitarbeid mestan. Med den Trui vert Folk gangande som nokre Trælar berre og grava og basa, som dei hev gjort det fraa gamall Tid, istadenfor som det vert meir og meir etter dei nye Tider, at Menneskjet vert meir lik ein Herremann, som berre treng slipa Vitet, som det er han arbeider med, Tungarbeidet set han Naturkrefterne aa gjera. Det er denne Uppsparing av Mannsarbeidet for nye Tiltak og Framstig, som me skuldar Eimkrafti so stor ein Takk for. Og paa same Vis verkar ho daa til at Sjølvvyrdnaden og Mannaverdet i det heile kjem i høgre Agt og Ære, og er derved so langt ifraa aa tena berre Storingen, at det er tvertimot Smaamannen, som stend seg best ved det, soleids no ved Jarnvegjerne inkje minst med det, at det vert so mykje lettare Tilgang for Allmannen til aa faa Varurne sine kor han vil ifraa, han vert inkje bunden til Landhandlaren berre, som kann hava daarlege Varur og til Prisar, som han sjølv set.

Det er likevæl ofte so, at det er fyrst ei Stund etter, at ei Bygd hev fenget Jarnveg, at rette Nytten av honom kann rett koma til Synes; for det vil alstad ganga ei Tid, fyrr Folk fær skifta um det gamle og laga seg etter det nye. Det kann jamvæl ofte henda, at ein Jarnveg inkje løner seg etter det ein ser, naar ein samanliknar dei Inn- og Utgjevter, som beintfram trengst; men likevæl kann han hava so stort eit Verde for Landet, for Kulturen, for Framtidi, at han kunde inkje høgt nok agtast.

Men likevæl, um ein berre held seg til reine Pengar, so vil ein sjaa, at Jarnvegjerne inkje paa langt nær er so ulønsame, som mange Folk trur.

I Aaret 1883 _84 var utgifterne til Jarnvegjerne vaare Kr. 4,526,087 og Inntekterne Kr. 5.941.812, dei gav soleids eit Yverskot paa Kr. 1,515,725. Det var berre Stykkjet millom Støren og Grundset (paa Trondheimsbanen), der dei tok inn Kr. 67,000 mindre enn som trongst til Drifti.

I det heile stig Inntekterne for kvart Aar, ein er alt komen so langt, at sume Banar gjev nære 5 for 100 i Rentur, og so billige som Pengarne er no ser det ut til, at det inkje vil vara so lenge, fyrr Jarnvegjerne vaare sjølve hev tent upp Pengarne, som dei vart bygde for.

Bladst.