Ei Friarferd.

 
(Av P. J. K. )
 
(Del 1 av 2.)  
 
Sonen til Lensmannen var netupp heimkomen i Fritidi si. Han laag og studerad, skulde venteleg bli Prest, Sakførar, Dokter elder au kanskje nokot endaa formeir. Fin var han _ aa sjaa paa daa _. Eit Par fine Glasaugo av Gull hekk so lett paa den litet Grand vanskapte Nasen, og Haaret var uppsett so framifraa gildt. Og Føterne trippad so utifraa nett og fint utetter Vegen, naar han um Kveldarne var ute gjekk, elder rettare spaserad.

Gamle Jomfrugur, som kjende Angen av eit feit Embætte, naar dei var saman med denne fine Herren, dei fann honom reint framifraa. Men unge Gjentur kunde slett ikkje segja dei likad honom, tvertimot. Naar Oskar i Balla og Sellskap skulde røda med dei, elder bjoda ein Dans, so drog dei seg helst unda, og møtte han dei paa Kjyrkjevegen og helsad rettugt fint med mangeslag rare Krullar, so var det ikkje sikkert annat hell heile Flokken vilde storskratta, naar dei saag seg Tak. Ja naar det Fiktet kom, at dei vilde erta kvarandre, so var det ingenting, som gjorde so ilt, som at den og den skulde vera kjend med Oskar, det var reint ei Storskam.

Oskar hadde ein Kveld, han var ute og gjekk, møtt Mari Solvold _ Dotter til Per Solvold, _ fager Gjenta, med Von um ein gild Gard, og nokre tusund Dalar i Arv.

Oskar vart reint ør i Hovudet, naar han tenkte paa kor fager Mari hadde vorte, sidan
sist han saag ho, og so rik som ho vilde verta.
Dette vilde verta nokot for meg, tenkte Oskar. Berre han paa nokon lagleg Maate kunde koma ihop med henne _ faa høyra Hjartelaget _ ja so vilde kanskje alting enda med, at han og Mari vart trulovad. Slikt gjekk Oskar og tenkte framyver og bakyver, til Panna vart reint vaat.

Han viste nokk um den gode gamle Skjikken at gaa til Gjentom um Notti; men for honom _ den fine Kristianiakaren _ kunde det vel ikkje gaa an, og um det gjekk an _ det kunde koma utyver Bygdi _ nei det var ikkje Raad. Gaa um Dagen til ei mest framand Gjenta, det hadde han ikkje Hjarta til helder. Han kunde faa Nei, og daa var det reint umogelegt, um Folk fekk vita, at han Lensmannssonen hadde fritt til ei Bondegjenta og faatt Avslag; nei, det gjekk helder ikkje an.

I Lensmannsgarden gjekk og drog seg ein Pensjonist av ein Skulemeistar, _ trøyt- kjøyrd av aa læra Bornom dei fem og ein og annan Stubben i Bibelhistoria og i Pontoppidan. Han var ikkje so svært gamall; men hadde voret Skulemeistar fraa han var 16 Aar til no nyst, han var no 45. Um det var for lang og tru Tenest han fekk Avskjil med Pensjon, elder fordi han ein og annan Gong kom paa Skulen noko uklaar i Hausen, veit eg inkje vist; men etter Folks Meining var det, det siste, som gjorde, at han bad um Avskjil og litet aa liva av, daa han forstod Folk vart fornøgde av seg. No var han hjaa Lensmannen og lærde dei yngste Bornom hans aa lesa. Der hadde Lars Hus og god Mat og godt i alle Maatar. Tungsint gjekk han mest støtt. Folk saag sjeldan han smilte, det kunde vera, naar han saag ein Bymann, som han kjende, kom uppyver Vegen, og han hadde Von um ein Dram, daa var det likesom Augo ljosnad litet, og Kinni blømde. Ja han fekk mest som eit litet lettare Tilvære, naar han sat nede i Kjøket hjaa den gamle Kokka au. Mange paastod, at det var litet millom desse tvo. Ja, Hans Gjætargut, som seint ein Kveld stod paa Lur utfor Glaset i Kjøket, forsikrad seg paa, at han saag dei kjyste kvarandre.

Oskar heldt seg mykjet med honom Lars. Anten det var fordi at Lars var mestsom litet meir hell vanleg Bygdarfolk, elder det var fordi Lars eingong hjalp Oskar utor ei Knipe paa Skulen; det var nokot med ein Tollkniv Oskar hadde faatt i paa ein leid Maate. Nokk um det. Oskar og Lars var Vener. Til Lars laut Oskar tru Tankarne sine um Mari Solvold au. Lars han kunde vel vita Raad her au. Hjaa han Lars tenkte grundigt yver dette, og Enden vart, at dei skulde bruka Natti. Lars skulde vera med som Tasp elder Fyretalsmann, so vilde det nokk greida seg. Alt vart avtalad til næste Laurdagskveld. Løynt og stilt skulde dei struka, og koma heimatter likeso stilt. Ingen fekk daa paa nokon Maate snakka um dette til nokot Liv, meinte Oskar; og Lars, veit du, skulde ikkje forsnakka seg. Men korleids det var elder ikkje var, so hadde Kokka faatt vist det, og ho som ingenting kunde halda inne, fortalde Gardsguten at Oskar næste Laurdagskveld vilde til Solvold og fri.

No var Verdi so reint vanskapt, at Gardsguten (Ivar Bergje) hadde eit godt Auga til Solvoldsgjenta, _ ja det var ikkje fritt annat hell han fekk eit godt Auga atter au.

Ivar vart fyrst harm; men ved litet Umtankje klaarnad Saki upp for honom, og Enden vart, at han vilde prøva gjera dei tvo Karom eit bra Peik, som kanskje for Framtidi vilde halda Oskar fraa Solvold.

Solvold laag paa Baksida av ein breid, lang Fjord. Den, som vilde yver, laut hava Baat, og det var berre paa Solvold og hjaa Lensmannen, at det Slaget fanst. Solvold var einsleg Gard paa Baksida. Lensmansgarden laag paa Solsida.


( Sluttar.)