Fraa Danmark.


Efter Lovnaden skulde eg sende ein Melding aat Fedraheimen
her ifraa, men daa Tidi som vanleg er knapp paa Skulen, hev det ikkje vortet noko av fyrr, og det vert berre som snøggast no og.

Det er ikkje so faae Nordmenn her iaar, eg hev høyrt gjeti 10, men eg hev ikkje raakt meir enn 6, og av dei er det 4 Trønder, ein fraa Hardanger og ein fraa Bergen. Det skal ogso vera nokre Danskar paa Ullmanns Skule i Telemarki.

Eg trur det var godt, um denne Veksling millom dei norske og danske Høgskular kom meir i Bruk, daa me vist kunde hava mykje godt aa læra av kvarandre, so at dei Ferdapengarne hadde ein god Like for. Og dess lenger ein kjem ut, dess meir nytt er det aa sjaa, og dess snarare vert ein var sine eigne Brestar, og finn daa det som er høvelegt aa bøta dei med.

Skilanden paa Huglaget og Livevis merkjer ein straks, fyrst ein kjem paa dansk Grunn.
Det er som dei Danske er meir godslege og godhjarta av seg enn me Nordmenn, og det hadde vist ikkje skadat, um me hadde lært litet av dei i so Maate, naar me ikkje dermed lei Skade paa vaar meir sjølvstøde og trauste Karakter.

Det ser ut, som um Danskarne er meir økonomiske, daa dei legg mindre Prydnad paa Husi sine og bergar seg med mindre Rom; men dei klæder seg hellest fint, allvist Gjenturne.

Danskarne er væl so gode Landmenn som me, allvist i ymse Greiner; soleids fodrar dei Kjyrne sine betre, og avlar godt Smør.

Klufti millom Bonden og Embættesmenn er her so godt som jamna. Det er som Embættsmenn hev vortet nøydde til aa kasta Autoritetskaapa si av for den folkelege Vaknaden, som Høgskularne hev avla fram.

Her skal no vera paalag 60 Høgskular igong i Landet med paalag 30 Lærlingar kvar, so det er synbert, at Høgskulen er i meir Vyrdnad her enn heime. _ Det er fleire Høgskular, som er lagat so, at Handverkarar og Landmenn hev serleg Tilhøve til aa læra det, som er høvelegt for Yrkjet deira. Soleids er det her paa Vinding ein Landbrukslærar, so at dei Landmenn, som vil læra sovoret, som serleg høyrer med til Landbruket, so som Kemi, Husdyrlære, Jordlære, Aakerdyrking m. m., so hev dei Tilhøve til det, men høyrer hellest historiske Foredrag o. s. br. ilag med dei andre. Eg trur denne Maate er væl aa take etter, daa det no er paa mange Stader, at dei saknar Landbruksskular; daa det no ikkje er godt for Landmannen aa fylgja med, utan aa hava litet teoretisk Upplysning i dei Fag, som ligg Yrkjet nærmast. Og daa det er jamt, at Landbruksskularne vil verte einsidige, so hev dei godt av, at det vert blaaset litet Høgskuleluft inn.

Vener paa Høgskular helsar eg so mykje.


Vinding Høgskule 11/ 1 85.
Jens Ekker.