Fraa ei Sumarferd.


(Av Bernt Støylen.)

(Sjaa Fedraheimen for 1884 No. 42.)

(Del 1 av 3. Framhald frå 1884.) 

Øresund eller Sunde, som Sjøfolkje oftaste kallar det, er ei smal Veita millom Danmark og Sverik. Farleidi er trong og grunn, og paa baae Sidor er der Grunnar og Bankar. Dei er daa uppmerkte med Stakar og Kostar og store Jarntunnor, so det ser ut nett som ei Buraas. I sume Merkje er der Klokkor, som ringjer, berre det bærlar paa Sjøen aldri so lite. Slik ei Uppmerkjing av Leidi kann vel trengjast her, for det er so fult av Skip, at det kryr som Mauren kring Tuva. Vert det so Stillelogn, som dei Daganne me laag der, so rek Skipi ihop i store Flokkar, og i trongaste Renna lyt dei ankra, for ellest kann dei gjera Skade paa kvarandre.

Ja, so fagert som det er i Øresund ein Solskinsdag, skal du sjeldan sjaa. Der laag Skip i Hundradtal. Sume hadde Segli uppe, og sume hadde gjort fast Smaasegli og kasta Ankere. Sjøen var blenkjande som ein Spegjel, so du saag Skipi like godt nede i Sjøen som uppaa Sjøen. Dampanne for rennande den eine fyre og hin etter og saag so kaute paa oss, som ingen Stad kunde koma. Skipsgutanne dreiv paa og song Visa hass Ivar:
Dei vil altid klaga og kyta, at me ganga so seint og so smaatt; men eg tenkjer dei tarv ikkje syta. Me skal koma um ikkje so braatt.

Kringum Skipi var det fult av Smaabaatar, Katdreiarar, kallar Sjøfolkje dei, som vilde selja Mjølk og Egg og Fisk og Kjøt, og so tek dei med seg iland Brev. Der kom ein slik burt til oss og baud oss Flyndra. Kor gamall er Flyndra di? spurde Kapteinen vaar. Ja, hvor gammel den er, kan jeg saamen ikke vide, Kaptein, men den lever da iallefald, svara den Spottekrokjen.

Det vart noko kjeidsamt aa liggja der utpaa Sunde i Solstikjen Dag etter Dag. Difyre var det ei heil Gleda aa faa sleppa iland og sjaa seg um. Me skulde naturlegvis fyrst til Kjøbenhavn og sjaa paa all Herlegdomen der; men det vart lite Gleda av. For der var so steikjande heitt, at Sveitten silad berre ein gjekk ei Gata tilendes, og so var der slik ein Tev av all den Karbolen og anna slikt, som dei vaska baade Husi og Gatorne med for aa fri seg fraa Kolera, at du snaudt kunde draga Anden.

Det vart ikke Tid til aa sjaa seg um noko vidare i Byen, og me hadde ogso vore der fyrr alle ihop, so me var ikkje so reint forvitne helder. Lande kringum Kjøbenhavn er rett undarlegt. Det er som den fianste Hagjen allestader og so trillande flatt som ei Fjøl. Langs Sunde nordetter ligg der By etter By og store Skogalundar, der Rikfolkje hev bygt seg Slott med Torn og Spir, som det skulde vore Kjyrkjor. Paa hi Sida av Sunde ligg Svenskelande, og der er det og som det skulde vore ein By heile Vegjen langs Strandi. Naar det so tok til aa myrkna og dei kveikte Ljos i alle dei Hus og Heimar der uppe i Land, daa vart Sunde eit Straalehav og Strenderne ringad seg kring det og blenkte og glitrad med Ljos i Ljos. Eg gjekk upp i Merset for aa sjaa meg betre ikring og aldri gløymer eg den Utsyn, som der opna seg. Kring Skipe laag Have stavande steilt. Hine Skipe saag ut som Skuggar i Sjøtromen. Dei raude og grøne Landternor var Trollaugo og Dampanne var Kattar, som for og fræste og mjauad, kvar Gong dei kom ivegen for kvarandre.

Der laag Kjøbenhavn og lyste og dirrad i Ljoseimen so stort og flatt. Der laag Helsingør berre som ein liten Husmannsplass mot sjølve store Garden, og so paa hi Sida Helsingborg og Landskrona og Malmø som ei lang Perlerad. Bakum denne Kransen blinkad det Ljos i Ljos, so langt Auga timde, liketil det gjekk i eitt med Stjerneheimen.
Dei heldt Fest i Byarne kringum, høyrdest det ut til. Det ljomad og let av Spel og Song, og dei skaut Eldkulor i alle Slags Fargar langt upp i Lufti.

Leid ut paa Kvelden kom der ei liti Gust av Austavind. Daa kann du tru der vart Liv i alle dei svarte Skuggarne rundt ikring. Der vart Roping og Riving. Kjettingarne ramlad og Gangspeli klikkad og klampad. Skipi vart klædde og tok til aa rugga paa seg, og det vart ikkje lengje um aa gjera, fyrr me kom ut i Havgape. Der laag Sunde og dei ljose Strender som ein fager Ljosveg bak oss, og framfyre oss saag me eit kolskvart Djup. Det var det opne Have, som i Natti stod framfyre oss som ein myrk Fjellvegg.

Aldri hev det vore so tungt aa leggja tilhavs som ikveld, sa Styrmannen, og det var so sant, som det var sagt.

 
( Meir.)