Maalsak i Finnland.

 
I Finnland hev det voret same Strævet for aa faa godkjendt Maalet sitt som her i Norig.

Det var Svensken, som tok Maalet fraa Finnarne, Gustav Wasa var soleids ein av dei verste til aa vilja øyda det. Og det vart soleids der, som det hev voret her, at den som vilde koma fram elder verta vyrdd som dannet Menneskje, han laut passa seg, so at Heimemaalet inkje stakk fram. Og paa den Maaten vart det aa kalla tvo Folk i Landet, Svensken seig hellest hardt inngjenom Bygderne, so at jamvæl Aalmugen kastad Heimemaalet sitt paa mange Stader og lærde seg til aa tala Svensk.

Men fyrst i dette Aarhundradet kom Tanken um ei Reisning av det nasjonale Maalet meir og meir fram, i Fyrstningi berre som Rop i Øydemarki, som ingen tyktest vilja lyda nokot paa, dei kloke og dannede brydde seg snaudt um aa motleggja so umogelege Tankar, som dei heldt dette for aa vera. Og litet var det ogso, som vart skrevet baade um og paa det heimlege Maalet. Men so i 1831 fekk dei stiftat eit Boksamlag, som skulde gjeva ut Maalbøker, men det gjekk fælt traatt likevæl. Endeleg i 1835 vart ei Samling gamle
finske Folkevisur (Kalevala) utgjevi, og den Boki sette nytt Liv og Kveik i Arbeidet. Men endaa gjekk det lenge baate upp og ned. Fyrst tok det til aa koma ut eitkvart Bladet paa Maalet, so Skulebøker o.s.v. Og endeleg fekk dei det innført ved Skularne, og fekk Fyrelesningar paa Universitetet baade um Malet og paa Maalet, finstk Teater fekk dei ogso.

Men Utviklingi hev voret bundi av Maalinstruksen fraa 1863 um at Svensk skulde vera det officielle Maal i Landet.

No endeleg tek dette siste Bandet til aa slitna, fortel eit finsk Blad, som stend Regjeringi nær. For no kjem det ein ny Instruks fraa Regjeringi, som segjer, at heretter skal baae Maali haldast for jamngode som officielt Maal, og Finsken vil soleids faa sin fulle Rett atter.

Soleids fær daa det finske Folket eingong sin Rett.

Finnland ligg under Rusland, der Einvaldsstyring og Bakstræv bind alt med strame Reimar. Men so livande hev ho voret den nasjonale Kjensla millom Finnarne, so sterkt hev Kravet vakset seg, at dei maatte faa sin Rett; det gjekk inkje an lenger aa stagga imot.

Her i Norig hev me ogso eit Maalarbeid, me hev haldet paa lange Tider med det, me hev ein gamall rik Bokheim og me hev store Diktarar paa vaart nynorske Maal. Og sjølve Maalet vaart er overlag mykje baade rikare paa Ord og i mange Maatar hendigare og laglegare til Kulturmaal enn det finske. Og likevæl skal me sjaa paa, at eit slikt Folk som Finnarne kjem fyre oss. _ Og det endaa me trudde, at me var eit fritt Folk; og det endaa me trudde, at her var det nasjonal kraft, som det inkje fanst Make til i Verdi. Lat oss tegja oss _ og arbeida; arbeida fast og trugje, so den Dagen ogso snart maa renna upp for det frie Norig, at det norske Maalet høgt og klaart vert utnemnt til aa vera officielt Maal i Landet.