Tidender.

 
Kristiania, den 16de Januar.
 
Maalsaki. Aasgaardstrand Vinstreforeining (Stangvik paa Nordmøre) hev sendt Melding til Amtssamlaget um kvat dei hev havt for seg paa Møti, og det er ein heil Del. Men av alle desse Sakerne, melder dei, er dog Maalsagen den, der mest synes at vække Interessen for sig.
 


P. Chr. Asbjørnsen vart jordfest no um Torsdagen. Det var daa nett 73 Aar sidan han var fød. Det var svert mange av Venerne hans tilstades, baade av dei han kjende, medan han livde, og av dei han inkje kjende. Arbeidarsamfunde og Andersens Skule her i Byen hadde møtt fram med Fanurne sine, Skulegutar og Lærarar fraa Aars og Voss og Gjertsens Skular kom seinare til. Pastor Heuch heldt Liktalen fraa Troppi til det Huset, der Asbjørnsen hev butt no i lang Tid. Kista var reint yverdekt med Kransar, og bland dei merkte ein serleg ein stor Laurberkrans fraa Kunstforeiningi. Paa Kyrkjegarden hadde og sankat seg mykje Folk, og Pastor Heuch heldt der ein stutt Tale og sagde den avlidne det siste Farvel. Etter Jordpaakastingi lagde Formannen i Arbeidersamfundet ein Laurbærkrans paa Kista.


Statsraadarne Jak. Sverdrup og Stang og Statsministar Richter er hitkomne fraa Stockholm.


Ei Danske _ Margrete Vullum _ melder Garborgs Forteljingar i Nyt Tidsskrift; ho segjer til Slutt um Maalet:

Og saa er det dette vidunderlige Sprog, som er so stemningsrigt, at det formelig skaber Forstaaelsen hos os. Utroligt, at nogen lader sig afskrække af det.


Frå Diakonissehuset Nr. 1 1885 er utkome. Innhald:

Nytaar af Jul. Bruun. _ Sjælepleie hos Syge og Fattige. Forts. fra forrige Aarg. Uomvendte Syge II. _ Børneasyler I. Ved R. N. _ Amalie von Lasaulx. Et Livsbillede. Meddelt af Pastor Gjør. _ Bøger.


God Prest. I Grimstone, England vart Presten usams med Kyrkjelyden sin um, kor mykje han skulde hava for Jordfesting, og Folket vilde inkje paa nokon Maate gjeva so mykje som Presten vilde hava. So døydde der eit Barn, og Presten forbaud Gravaren aa gjera Gravi istand, fyrr han fekk det han vilde. Dessutan freistad han aa stengja Kyrkja for alle ved aa krevja, at Nyklarne skulde verta flidde til honom. Det vart det inkje nokot av, og Presten sprengde daa Døri. Men no vart Kyrkjelyden sint og Presten fann det rettaste aa røma. Kvinfolki heldt etterpaa Kattemusikk utanfor Huset hans og eit Bilæte av honom vart brendt ute paa Marki. Den snilde Presten er no reist fraa Byen og ingen veit, kvar det er vortet av honom.