[Tidender.] Norigs Vinstresamlag


hadde Aarsmøtet sitt Fyrredagen og igaar. Det møtte 89 Utsendingar fraa dei mindre Foreiningarne. 49 av desse var Stortingsmenn.

Aarsmeldingi vart upplesi. Samlaget hev gjevet ut tvo Smaaskrifter (um Juryen og um Parlamentarismen), og dei er tenkte paa aa gjeva ut fleire. Styret krev Kr. 1500 til det. Kr. 1500 meinte dei ogso kunde trengjast til aa kosta Fyredrag og Møte i Valstriden no i Sumar, allvist der som Høgre er sterke.

Paa Sendebrev No. 2 um Vinstreprogrammet hev det komet Svar fraa 23 Samlag. Daa Styret sende ut dette, hadde det den Meining, at den nye parlamentariske Riksskikken vaar var godkjend baade av Høgre og Vinstre. Men sidan hev dei røynt, at Høgre berre ventar paa Tilføre til aa faa innført Mindretalsstyret atter, og daa heldt dei det for rett det, at alle Foreiningarne hadde hevdat Parlamentarismen og Tilslutning til Sverdrups Ministerium som ei Hovudsak i Programmet ved komande Val. 11 Samlag hev sluttat seg til det Programmet, som Styret hadde framsett.

4 Samlag kravde, at Juryen og Hersaki maatte verta løyst paa dette Tinget. 2 Samlag krev berre Jury no straks, og 1 vil hava Hersaki utsett. Tilsaman er det 12 Samlag, som meiner, at Sakerne bør dryftast meir, og dei fleste hev den Tillit til Riksmagterne, at dei trur, dei greider det i den høvelegste Tidi.

Avhaldssaki vil 2 Samlag hava med.

Maalsaki er det 4, som krev sett paa Programmet (Aust-Agder, N. Trondheim, Romsdal, Telefylket, Fredrikshald).

Utviding av Røysteretten krev 2, Framhjelp av Arbeidar og Husmann 6.

Etter dette hadde Styret funnet det rettast aa leggja fram eit sovoret Framlegg til 
Vedtak.

Repræsentantskabet udtaler, at Hævdelsen af den parlamentariske Statsskik og Tilslutningen til Ministeriet Sverdrup bør være Venstres Program for kommende Stortingsvalg. Saafremt ikke Jurysagen og Hærordningssagen vedtages af indeværende Storting, og faar Regjeringens Stadfæstelse, bør tillige disse to Sager opstilles som Programsager.

Imot aa vedtaka dette vart det sagt, at me maatte stella up greide Ting aa arbeida for og inkje berre noko til aa verja. Det vart svarat, at det var vanskelegt endaa aa setja upp mange slike Merkjesaker, som alle Vinstremenn kunde samstellast um, men i Ordi Tilslutning til Ministeriet Sverdrup laag eit vidt og stort Programm, for det tydde alle dei Sakerne, som denne Mannen arbeider for.


Stortingsmann Sørensen var utsend fraa ei Foreining, som hadde sett upp Avhaldssaki paa Programmet, og no gjorde han Krav paa, at Landsvinstreforeiningi ogso skulde taka upp Saki. Det vart eit Ordskfite um detta. Det var fleire, som studde dette Kravet, men det vart motlagt at Avhaldsmenn jamvæl, dei meinte at det gjekk inkje væl an for eit frilynt Samlag aa tvinga Medlemerne inn paa noko, som dei inkje sjølve samtykte. Det vilde berre avla Hyklarskap. Avhaldsskai burde verka for seg sjølv utan aa blanda seg i Politikken. Ullmann var reint imot dette, han hevdad sterkt kvar Manns Fridom i dette Stykkje, for sjølv var hann inkje Avhaldsmann og vilde aldri verta det. Skulde Fleirtalsstyret brukast til aa øva Tvang mot Folk i slike Ting, daa trudde han, at Fleirtalsstyret vilde verta ei Forbanning for Folket vaart. Stortingsmann Øverland gjorde Framlegg um, at det skulde sendast rundt Spurning til Samlagi, for at dei kunde segja si Meining um Avhaldssaki. Men det vart forkastat (17 for, 38 mot). Dei vedtok eit Framlegg av
Stortingsmann Konow, som lydde soleids:

Foreningernes Bestyrelser opfordres til efter stedfundne Forhandlinger inden Foreningerne at udtale sig om, hvorvidt og i hvilken Udstrækning man gjennem Statsforfatning bør søge Drikkeondet modarbeidet. (7 Mann var imot dette).

Det gamle Styret vart uppattervalt: Quam, Hjorth, Væringsaasen, Ullmann, Krogh, Konow (S. B.), Konow(Heidm.), Lindbo og 
Lodsoldermann Storm(istaden for J. Sverdrup).