[Tidender.] Storsvensken

 
er sur og gretten um Dagarne. Me fortalde fyrr, at det er ein i Riksdagen, som trudde det skulde vera høveleg Tid no til aa faa skipa um Riksakten. Og Svenska Dagbladet hev lagt Norig reint for Hat, er det likt til. Dei ser det gjeng so godt med Norig, sidan me fekk denne nye Gjerdi paa Riksstellet vaart, og daa vert Storsvensken ovundsjuk og ottesam, han er rædd for at Folket derburte skulde læra for mykje av oss og krevja same Fridomen som me hev, og det kunde verta hosta leidt for Storingarne, som hev mykje meir Magt der, enn her paa lange Tider. Og so hev dei tenkt paa det, at dei skulde faa draga Norig under seg litet um Senn, utan at me merkte det Slag; so at det berre skulde verta eit Maal og eit Folk og ein Hovudstad for det heile. 
Dei hadde god Von fyrr, daa me hadde ei Regjering, som var so rædd for det nasjonale, men ho vart nok for veik til aa gjeva dei nokor Hjelp. Det er daa merkjeleg, at det kann vera so styvne Folk der endaa, at dei trur at det  no skal nytta noko, det er væl berre Raadløysa, som gjer sitt siste faafenge Aatak i reine Daudstriden. For hadde dei nokor Aalvors Meining um aa faa sitt fram, so hadde dei aldri latet  Svenska Dagbl. og andre faa styra so reint agalaust. Dette hev no ellest meir Vit paa, kva Kant dei kann venta seg Hjelp for Samrøringspolitikken sin, enn Riksdagsmannen Ljungmann, som trudde at han kunde lita paa Regjeringi vaar. Dette Bladet held seg til slike som Advokat Bergh, den namnspurde Riksretts-talaren, som raadde baade til Lovbrot og anna. Men me fæler for, at umViljen ogso var god, so er inkje Magti deretter hjaa honom elder.

So uvituge er dei til aa stella seg, at dei fær inkje Aftenp. med seg eingong. Han skynar væl, at det er umogelegt aa faa noko fram paa so grov ein Maate, og so finn han paa aa staa paa høge Hesten og morska seg paa god Nordmanns Vegner, so det er fæle Ting. Og det er no so klobert det skriv dette svenske Bladetogso at det gjeng inkje an for nokon, berre for Skamm Skuld, at laast lika det. Det er no same Ulli, segjer det, i Svensken og Norsken, Skilnaden paa Maalføre og Folkegjerd er som ingen Ting, og daa kann det vera det same, anten ein kallar seg aa vera fødd i Kristiania elder i Stockholm. Men Sverik hev voret for godtrugje i sin Politikk mot Norig. I 1814 forsømde dei seg aa bruka Magti si, og so vart Nordmennerne kaute og gjorde større og større Krav, og Sverik berre gav etter. Og daa er Frukterne deretter, no er Unionen berre som eit Namn, og hjelper berre til aa gjera Ustell i vaar eigen Politikk. Ulukka er den, at det hev voret reint paa Moten i Sverik aa skjemma ut Nordmennerne, men det vil daa Svenska Dagbl . aldri gjeva seg av med. Ja so skriv dette opne Bladet.

Men dei fær vist ingen Framgang i Sverik elder for slike Tankar no. Ein maa helst tru, at det er mest i Ilska, dei skriv, fordi det gjekk so galet med Stockholmsvalet, der dei vilde kasta utor Riksdagen alle, som heldt med 
Norig og var glade i oss. Men Stockholms frilynde Menn vilde inkje vita aa slikt, det var netupp Norigs beste Vener, som dei valde. Saki er den, at det er utlivde og eldelege Tankar for Tidi vaar detta aa blanda isaman tvo Folk. Det duger inkje aa bøygja ihop att tvo Greiner, som hev vakset paa so kvar sin Maate som Norig og Sverik. No er det helder eit Drag imot aa løysa upp og lata dei maa Samfundi veksa upp og verta sterke.

Inkje so aa forstanda, at me held Unionen med Sverik berre for eit Namn, som ingen Ting hev paa seg. Me hev lovat kvarandre Venskap, og den Venskapen skal me halda. Ei fredeleg Utvikling Side um Side og inkje Ufred og Ovundskap som i gamle Tider. Men fyrst, naar det vert Faare og Ufred med andre Land er det, at Venskapen røynest, for daa stend me saman med Vaapen i Haand, daa fyrst kjenner me oss som eit. I Fredstider hev me ogso eit Samband, det skal me inkje gløyma; det er Kongen; me vart forlikte um aa eiga honom ihop, og paa den Maaten fell han oss ogso billigare, so ingen kann klaga paa det.