Aat alle Vinstreblad!


No hev me so mange Vinstreblad i Norigs Land, eg trur det maa ganga upp paa Hundravis; Vinstreblad finst det mest i kvar ein liten Filleby og mange Stader paa Landet ogso.

Det skulde vera Moro aa vist, kva De gjer for Maalsaki gode Karar Bladstyrarar. Ein kunde hava Von til aa venta seg eitkvart av Dykk, De som sit so laglegt til i so Maate. Men endaa er det inkje fælt mange eg hev set noko Ovtak av i den Vegen. Eg krev inkje endeleg, at De skulde skriva Bladet Dikons paa Landsmaal fult ut, for det kann De inkje, De berre vilde skjemma ut Maalet Stordelen av Dykk, um De vilde byksa iveg, soleids som De er laga no daa.

Men det krev eg, at alle som hev so mykje med Landsens Framvokster aa gjera som ein Bladstyrar, dei skal skyna, at no maa me taka i og reisa upp Maalet vaart, det er inkje Bøn for anna. Og er det so nokon, som Folk skynar det um, at han er likesæl med kor djupt me søkk ned i Skammi, so skal De samla Dykk mannsterke og støyta ein sodan ned fraa Bladtrona si; det er aldri verdt aa spara. Og De skal sjaa til aa finna ein som er likare. Han er ingen Vinstremann, den som inkje er Maalmann.

Sjaa her er tri Krav aat ein Bladstyrar; var Folket vaart fullbyrgt av seg, so gjorde dei desse til Livsvilkaar for honom, anten han skulde faa styra Bladet elder inkje:

1. Jamn paa Maalet ditt, so du inkje skriv verre enn ein Villtyrk iminsto; um du inkje kann skriva heil Norsk, so skal du difor inkje hava Fribrev paa aa fløkja ihop alt det du segjer, so at det vert inkje Folkgjerd skapa paa det.

2. Faa deg ein Medarbeidar, som kann skriva rein Norsk , elder iminsto faste Brevsendarar ifraa By og Bygd, som skriv Norsk. Veit du inkje av nokre slike, so skriv til Det norske Samlaget elder Fedrah. , so fær du vist Rettleiding paa slike Folk.

3. Hav full Vyrdnad for Namn paa Bygder og Bol og Gardar og kvat det er som nemnast kann. Skriv dei paa Norsk, um inkje anna, so iminsto soleids som dei vert uttala. Veit du inkje rett Gjerd og Stavemaate paa alle, so skriv daa dei Namni rett, som du hev Greide paa. For soleids som Namni no vert umvridne, er det stor Spe og Skamm baade for deg, som skriv, og for alle dei som les detta. Folk skal inkje tola slik Hæding meir; det er for godt til det. Naar dei kostar Bladet, so hev dei Rett te krevja det.

N