Avhaldssaki.


Det er mange gode Saker uppe i vaar Tid, som det er ein Hugnad fyr kvar sanningssøkjande Menneskje aa arbeida fyr. _ Me raakar i vaar Tid _ som væl til alle Tider _ mykje Styggedom og Raaheit, so det er nokk aa gjera fyr den, som hev Hug til aa vera med paa det Vyrket aa hevja upp alt, som laakt ligg. _ Eg vil inkje plent segja, at me i vaar Tid hev større Sedløyse og meir Ufysne um oss, enn som fyrr hev voret. Men eit trur eg, at det no i vaare Dagar i framifra Mun gjeng gjenom heile Mannaheimen eit Rop etter Reinleik _ Reinleik i Tankar ogLevnad. Dei betre iblant oss lengtar etter og kavar fyr sjølve aa verta fri fyr det ureine, som i større og mindre Mun et seg inn i kvar Menneskjes Tankar, og dei ynskjer jamvæl aa koma burt fraa alt det stygge, som dei ser um seg kvar Dag. _ Igjenom heile den nyare Bokavlen gjeng det som ein djup, sorgdæmd Understraum: skaff oss reinare Kvinnur, skaff oss Menner, som inkje skjemmer sitt Liv ved den eine Flekken verre enn den andre _ skaff os Reinleik i Hjarta og Heim, i Hus og Hytte. _ Folk tek meir og meir til aa faa ei Kjensle av, at skal ein i nokon Mun kunna leva eit sannt og godt Menneskjeliv, daa lyt ein fyrst og framst freista aa frigjera seg fyr alt det i sitt Liv, som ein rettvis Mann inkje kann vedgaa utan Blygsel.

Ein av dei Ting, som denne Tankestraumen hev fenget sitt Utslag i, er Avhaldssaki, _ Eg vil freista aa leggja eit godt Ord inn fyrr det Arbeidet.

Ein treng inkje um aa hava voret lenge ute i Bygderne, fyrr ein ser, kor syrgjelegt Drykken verkar til, at Raaskapen vert sett i Høgsætet. _ Naar ein Mann hev fenget sitt Barn døypt, er det aalgjengt, at Faddrar og Kjenningar skal fagnast væl med Mat og Drykk. utover Kvelden. Fyrstundes er det stilt i Langet. Minnet um Høgtidshandlingi i Kyrkja legg litegrand Aalvor over Sinni. Men det varar inkje lenge, fyrr Brennvinsbutlen fær vaskat burt alt det, som Vanen av Aalvor hev. Den eine Drammen gjeng ned etter den andre, og Verknaden syner seg snøgt: Dummheit og Raaskap stirer ein snart imøte ut or Augo paa deim, som nyst maatte fram i Guds Hus til ei Trygd fyr, at vetle Barnet skulde verta upplærd i kristelig Tru, so det fram igjenom Tidi kunde koma til aa leva ein kristeleg Levnad. _

Tidi gjeng. Guten, som i Vogga laag, er komen so langt, at han fyr Menigheiti skal vedgaa sin Daapspakt. Reine Tankar, gode Lovnader er det, som sviv honom i Hugen. Han ynskjer aa freista paa aa halda seg burte fraa det vonde. So vert det haldet Gjestebod til Ære fyr honom. Han lyt sjølvsagt syna seg som vaksen Kar ved aa drikka baade ein og tvo og fleire Drammar _ det var daa Skamm annat _. Men tru, kor ofte ein Unggut hev haldet ureine Kjenslur burte fraa Hugen i den Stund, daa Brennvinet hev Husbondsrett i Hovudet hans! _

Han skal giftast. Naar han stend fyr Altaren med si Brud, lovar han seg sjølv med Kjærleikens heile Styrke aa verja um henne, som hev lagt sitt Liv i hans Haand... _ Naar det lider ut paa Brudlaupskvelden, fær han slik aat, at stakkars unge Kona maa skjemmast ved aa ljota kalla ein slik Kar fyr sin Mann. _

Mannen døyr. Ho sit atter som Enkje. Sorgi hev ofta den gode Verknad, at ho lyfter Hugen upp til fromme Tankar; _ og eit Sinn i Sorg ser lett sine Villur, tregar deim og meiner, at Framtidi skal verta betre. _ Enkja lyt visa Mannen den siste Æra og halda eit gasta Gravøl over honom. _ Etter den sorgtunge, men lyftande og hugreine Stundi ved Gravi fylgjer  _ raae Ord og eggjande Trættur av halvfulle Menner og sedlaus Snakk av ein munnkaat Ungdom. Det er Trøsti, som Enkja fær, det er Studningen under Arbeidet fyr aa vera tru mot dei gode Tankar!

Det er eit myrkt Bilæte, som eg her hev gjevet _ mange vil segja for myrkt. Ja, det var daa endeleg væl, at det inkje allstødt gjeng so til. Men det hender altfor ofta. Netupp i dei Stunder, daa det gode kunde trengja inn og festa Rot i Mannens Brjost, netupp daa kjem Brennvinet og riv alt ut med si øydeleggjande Magt. _ Eg trur, alle vil samstavast i det, at det var væl, um me fekk sett Tappen so fast i Brennvinsankaren, at han aldri vart opnad meir. _ Eg bed kvar og ein, som ynskjer aa gjera noko godt fyr vaart Folk: sjaa til aa faa brotet den stygge Drikkeskikken ut over Bygderne. Men den beste _ ja, einaste Maaten aa gjera dette paa er, at ein sjølv aldri smakar noko sterkt, aldri byr andre det og so samlar alle dei um seg, som er viljuge til dette, til Skiping av ei Avhaldsforeining.

Mange Stader hev Folk godtsom inkje Greide paa, at det finnst noko slikt som Avhaldsforeiningar. Um dei aldri so gjerna ynskjer det, torer dei inkje brjota Bygdarskikken. 
Men naar fyrst tvotri gjeng i Fyrebrøyten med aa segja beint ut nei til den Styggedomen, so kjem snart andre etter og Endelykten vert, at ein betre Umgangsmaate vert raadande i Hus og Heim: Brennvinet stend inkje lenger stengjande fyr det Gode, som Gud hev innplantat i kvart Menneskjehjarta, men som so lett _ so altfor lett _ døyr ut, naar det vantar Næring og Umvøling.

Det er inkje mi Meining aa vilja setja Landsfolket laagare enn Byfolket; tvertom! Men det er so so stor Skilnad paa Aatferdi i By og Land, at kvar Ting lyt takast fyr seg. Det var Landsfolket, som eg nærmast vilde segja litet til denne Gongen; difyr hev eg berre snakkat um, korleis det gjeng fyr seg paa Landet.

Njædel Rothoug