Tidender.


Kristiania, den 6te Februar.

Fredssamlag. Stortingsmann Konow helt eit Møte med Utsendingarne fraa Vinstresamlagi og
andre igaarkveld til aa stifta eit Fredssamlag. Konow lagda fram eit Lovframlegg, som vart vedteket samrøystes, til det fyrste Aarsmøte kom isaman. Til Styresmenn valde dei Konow, Væringsaasen, Sakførar Krogh, Stortingsmann L. M. Bentsen og Stortingsmann Sørensen.


Maalsaki i Finnland . Regjeringi i Finnland skal iaar gjeva ut Bøker baade paa finsk og svensk til Bruk i Skulen.


England. John Bright hev nyleg haldet ein Tale um Englands Utanlandspolitikk. Han dømde hardt dei Krigarne, som hev voret førde. Kann det nektast, spør det store og mykje utbredde Bladet Echo, at Bright hev Rett, naar han segjer, at det er umogelegt aa rettferdiggjera elder aa undskylda alle dei Krigarne, som England hev ført medan denne Dronningi hev styrt Landet. Me hev, segjer Bladet, stridt imot Kina, Birma, Rusland, Sudafrika, Boarlandet, Avganistan, Ægypten og Sudan, og alle Stader hev me voret Aagriparar; men naar hev me havt Rett? Inkje ein einaste Gong. Kven tvilar paa, spør Echo, at Soga vil peika paa Krigarne i Ægypten og Sudan som nokot av det mest uforsvarlege, som nokonsinn hev voret førde. I Slutten av Talen sin sagde Bright, at det heretter inkje vert Krona elder Kaksarne, som kjem til aa raada for Englands Utanrikspolitikk, men Folket.
 
 
Krigen i Sudan . Det skal vera komet Telegram fraa General Wolseley um, at Kartum er teken, og at General Gordon trulegvis er fangad. Det skal vera dei ægyptiske Krigsfolki, som hev sviket.
 
 
Samraadet i Berlin . Eit Utval, som vart nedsett for koma med Framlegg um dei Retter og Plikter, som det Land skulde hava, som heretter vil skipa Nybygder i Afrika, er no ferdugt med Arbeidet sitt. Framlegget gjeng ut paa, at det Land, som i Framtidi vil taka meire Land, enn det no hev, paa Strenderne aat Afrika, elder utan aa taka Landet vil hava Herredom yver Landslutar der, skal gjeva Melding um det til alle dei Magterne, som hev havt Utsendingar paa Samraadet i Berlin. Og dei underskrivne Magterne skal vedkjennest sin Skyldnad til aa sikra Vyrdnaden for dei tekne Retter og tryggja Handelsfridom paa Strenderne aat Afrika. Dei nemner soleids inkje nokot um Øyarne, so Frankrike fær stella seg som det vil paa Madagaskar.


Rømling. Ein Bokhandlar i Mosjøen, M. Sivertsen, vart set fast den 17de Januar i Hamburg, nett som han var ferdug til aa reisa til Amerika. Daa han vart fakka hadde han paa seg Kr. 12000,00. Av dei hadde han laant nokot i Bodøy Bank og nokot hadde han fenget som Sikring for nedbrende Hus. Mannen var mykje skuldug, og det var for aa sleppa aa bitala Skuldi, at han rømde; men no lyt han nok til lell.


Ikast med Bjørnen. Dei skriv til det svenske Bladet Carlstad Tidning: Gustav Larsson i Fiipstad og Bror hans dreiv med Skogarbeid. Medan Gustav heldt paa aa velta vekk eit Kjerr, som han hadde hogget ned, kom ein stor Bjørn fram til honom og beit i den eine Foten hans. Men Gustav miste inkje Motet; han gav Bjørnen eit Par druge Hogg i Hovudet. Men nokot sovoret vilde inkje Skogkongen finna seg i. Han tok Øksi og hivde henne langt derifraa. So tok han Gustav millom Frambeini og bar honom burt mot ei Gran. Bjørnen tok den eine Armen i Kjeften og hylte og bar seg, so ein kunde høyra det lang Leid. Bror hans Gustav høyrde Ulaaten og sprang til, og daa han fekk sjaa kor til stod, gav han seg til aa bruka Øksi si so godt han vann paa Bjørnen, og Udyret skynad snart, at det var best aa luska sin Veg. Daa det verste Basketaket var yver, kom det fleire Arbeidarar til; dei fann Bjørnen eit litet Stykkje lenger burte, og eit Par Skot gjorde det av med honom. Gustav Larsson vart havd paa eit Sjukehus, og dei hev Von um, at han skal koma seg.