[Tidender.] Det er Høgre, som er dei nasjonale!
_
Kristiania er den nasjonale Byen
_
sagde Professor Daae paa Høgremøtet ihaust, det var likesom korkje
Byar elder Bygder dugde imot Kristiania. Og me skal helder ikkje
fraakjenna Byen breint Namnet av Nasjonalitet og norskt Maal, um ein
dermed vil tenkja paa Maalføret aat dei simple Klassar i Byen.
Dette Vikamaaalet her er mykje norsk, endaa det ikkje er vænt og
korkje rikt elder skapelegt. Og um Daae sjølv kann me gjerne segja,
at der ogso er mykje norskt ved honom, daa Maalet hans i mange Maatar
liknar det, som ein høyrer av ein Vikagut nedpaa Bryggja. Men me
kann ikkje segja anna, enn at det høvde betre for ein Mann i hans
Stelling, som gjev seg Ord for aa vera norsk, um han heldt seg til
eit finare norskt Maalføre enn dette Vikamaalet, som er eit av dei
klenaste og raaaste i heile Landet,
Ellest
veit eg ikkje, um det var seg sjølv so mykje han endeleg vilde
skreppa av; det var væl Byen og Kristianiapolitikken i det heile som
var so nasjonal i hans Augo. Den dømde Regjeringi og desheld vert
uppskrøytt no, soleids fær Hertzberg Gong etter Gong det Ordet, at
han hadde fenget sitja lenger i Departementet sitt han, so hadde han
voret Mann for aa innføra so mykje Norsk i Skulen og Bøkerne, som
me kunde trengja, utan at me hadde turft noko Umskifte i Regjeringi
for den Sak Skuld. Me undrast paa kor lange Ævur han hadde maatt
setet, fyrr han hadde fenget dette fram;
Motstand i Tinget og i Folket kunde han vist ikkje klaga paa, verre
var det væl med det Motstandet som var i Mannen sjølv, er me rædde
for. Det han gjorde til aa hjelpa Maalet, det vart han tvungen til,
og endaa vart det berre standande paa Papiret, so at, etter det me
hev spurt, laut den nye Kyrkejstatsraaden friska upp atter Paalegget
til Prestarne um, at Læraranne skulde bruka Norsk i Skulen; det var
likesom um ingen hadde teket det for Aalvor fyrr.
Heile
Vinstre er unasjonalt fraa Isse til Fodsaale segjer
Hamars
Stiftstid
.
Maalmennerne og, alle saman er me unasjonale, Maalbladi jamnvæl. So
skulde me lyda etter Adjunkt Pettersen, so fekk nok
Fedrah.
taka inn Papiri sine straks.
Desverre
stend Autoritetarne no i so laagt Umdøme, at me for vaar Del set
langt større Pris paa aa faa det Ordet fra simple Bondegutar fraa
Hardanger og Gudbrandsdalen, at
Fedrah.
er likeso norsk som me sjølve enn aa verta avdømde av ein
Adjunkt Pettersen paa Hamar. Me vaagar daa fulltrygt aa tevlast med
Adjunkten. Og soframt han skulde synast det var nokor Moro i det,
skulde me gjerne taka oss til og syna honom, at han snaudt kann
skriva ei einaste Setning utan aa synda groveleg mot Lovarne
for det norske Maalet.
Skilanden
paa Høgre og Vinstre med Umsyn paa det nasjonale kann ein væl no
segja er denne: Høgre talar um det nasjonale, Vinstre arbeider for
det. Høgre
vilde
vera nasjonale, Vinstre
er
dei nasjonale.
Publisert