[Tidender.] Me er Bakstrævarar alle


- ja alle Maalmenn daa. Det segjer ein Vismann i Aftenposten.

Og me som hev gjenget og trutt, at me var slike fæle Fridomskarar og Framstigsmenn for sjølve seg, me som Folk hev haldet for aa vera so reint radikale, og som i vaar Einfaldugskap hev kallat Høgre for Bakstrævarar, no reiser dei seg voldeleg og slengjer dette Tilnamnet aat oss.

Fjørtoft og Framsflokken, Hølaas, Garborg, Quam, Konow, Liestøl, Øverland _ Bakstrævarar er me Maalmenn alle.

Ein skulde kanskje tru, at ein slik hard Dom vilde gjera oss vondt aa høyra, som no gjerne vilde vera millom dei fremste Fylkingar i alle Maatar, og me burde kanskje taka for oss nokre av dei Menn, som eit slikt Namn kunde vera mest saarande for Æra aat, me burde kanskje greida ut um, at etter vaar Meining er slike Menn som t. D. Garborg og Quam ikkje det Slag Bakstrævarar. Men me vonar likevæl, at Lesaren vil tilgjeva oss, um me let det vera, og bed desse Menn taka det med Ro. For det er no lite ansande etter kva slike Høgreblad segjer, dei tykkjer det er ikkje noko greidt radikalt dei, utan naar det lugtar av Krut, naar det klirrar av Sablar, som vert framborne for aa slipast, utan naar det lagast Kanonar istand. Dei minnest for væl sjølve maavita, korleids dei var, daa dei var radikale paa det verste, og so unner dei ikkje nokon Namnetav radikal ein Gong, som ikkje hev det paa same Gjerdi. Daa vyrder dei det ikkje for anna enn Bakstræv altsaman.

Men fordi um me ikkje er tenkte paa aa sprengja Høgre til Veers elder setja Muleband paa kvar ein, som talar Dansk i Landet, so er det difor ikkje rett, at det gjeng so vidt, at dei kallar oss for Bakstrævarar.

Men ei Sanning er det likevæl i dette, og den skal me merkja oss, det er, at radikalt hev aldri Maalmennerne boret seg aat for aa faa fram sine Krav. Her hev me havt eit Maal av slikt gamalt godt Grjot og med slik Rikdom og Kraft i seg, at ikkje mange hev det likare. Men likevæl leet me oss hundsa av Dansken.

Daa var det Bakstrævar-gjerd paa oss daa, det var sant!

Og so sidan, daa Maalreisningsarbeidet vaart tok aat, kom me smjugande so stilt med mjuke Bøner til vaare Trengjarar um aa ansa paa oss.

Det var ikkje radikalt!

Og no sidan, daa me hev fenget Magti, no gjer me endaa ikkje anna enn aa segja: Me vil hava Rett til aa bruka Maalet vaart sjølve; lat so Utviklingi og Framtidi raada ellest. Og me liter paa, at vaar Sak vil vinna fram med det; me bryr oss ikkje um nokre Tvangsmidlar. Me held oss for gode til aa gjera mot Dansken soleids som han hev gjort mot oss fraa fyrst til sist; for han var radikal i sitt Stræv, korkje bad elder tagg for seg, berre sagde til oss: heretter skaldu læra aa lesa Dansk, du skal
læra aa tala Dansk; du skal gløyma det Maalet, som Mor di lærde deg og taka vaart i Staden.

I fleire hundra Aar hev dei haldet paa med dette Maalstrævet sitt _ det var den permanente Revolusjon det, dette at eit framandt Bokmaal vilde kuga ned Landsens heimlege Tale og setja seg sjølv i Staden, og det er ikkje andre Maatar enn Revolusjon til, for at slikt kann vinna fram. Men naar no me Maalmenn vil gjera ein Slutt paa dette Ustellet, og hevdar at Landsens Tale er den som Husbond maa vera, so er me korkje radikale elder Bakstrævarar, men sanne Freds-og FridomsVener.