[Tidender.] Regjeringi
krev
mykje Pengar; det er ikkje noko mindre enn det, som vart latet til
ifjor, det er tvert imot meire. Dette vil mange undra seg yver og
spyrja um, ho daa ikkje er likare denne nye Regjeringi enn ho var den
fyrre. Skal det no bera iveg like flust med Pengeutlegg til alle
Verdsens Slag som det var fyrr?
Me
trur, at det er ikkje verdt aa byrja anka fortidlegt; ein maa tenkja
seg væl etter, korleids her er lagat, fyrr ein feller ein streng
Dom.
Fyrst
maa me hugsa paa, at i dei seinare Aari hev Stortinget brukat
Pengenegtingar for aa gjera Statsraadarne so uskadelege som mogelegt;
men paa den Maaten maatte mangt eit Krav setjast til Side, som i
vanlege Tider ingen vilde hava negtat. Og no kjem daa mange av dei
Kravi des sterkare igjen, og det kann vera vandt um aa halda dei
burte lenger.
For
det andre skal me tenkja paa, at um og dei nye Menn kann vera hugad
paa aa føra
eit
sparsamare Hushald med Riksens Midlar, so er det ikkje gjort med ein
Gong aa faa ei Vending paa dette, for det eine heng soleids ihop med
det andre, at det er ikkje nok berre aa bruka Kniven og skjera burt
det ein ikkje likar; det er einaste Stortinget, som kann gjera det,
Regjeringi maa hava alt med, som gjer Arbeidet fullstendigt, og so
kann det daa forhandlast med Tinget, um kvat som er naudsynlegt av
dette og kvat som kann sparast, utan at det vert til Mein for
Framgangen i Landet.
Statsminstar
Sverdrup hev det so, at han vil taka alt fraa Grunnen av; han bryr
seg ikkje um aa gjera seg populær ved aa gjera nokre Sparingar
og Umbøter her og der i ei Snarvending. Men han vil byggja heile
vaart Stell paa stødare og laglegare Grunnlag all Vegen, og til det
krevst det Tid og Umtanke og gode Arbeidsfolk til aa hjelpa seg. So
det hev nok ingen Faare, um Utgifterne ruver noko stort iaar, gjev me
Tol, so fær me nok sjaa, at det jamnar seg utrulegt.
Um
det ellest er nokon, som hev trutt, at Sverdrups Ministerium skulde
verta eit
Spareministerium,
som vilde reikna seg til Ros kvar Kruna, som dei fekk knipa inn
_
so meiner me, at han fer galet.
Nei,
men det vil vera eit
Arbeidsministerium,
og det er so mykje betre, for det er det som me treng no.
Den
Tid me hadde ei landsskadeleg Regjering, daa var Sparepolitikken hans
Jaabæk paa sin rette Plass. Men no er det anleids, no hev me Tillit
til Regjeringi, og no er ikkje Kunsti den aa knipa og spara ihop
berre og leggja Pengarne paa Kistebotnen; men det gjeldst aa bruka
dei Midlar, som me hev paa gagnlegste Maaten for Landet. Ved aa spara
vert ingen rik, men ved at han
brukar
Pengarne soleids, at dei kjem att med Rentur
.
Her finst so mykje daudt her i Landet, baade daud Kapital og daud
Arbeidskraft; det gjeldst difor aa faa Tak i Kapitalen, faa honom
laus, so han kann gjerast um i nyttelege Tiltak, so at
Arbeidskrefterne vaare fær noko aa verka med; daa vil det skapast
Vælstand i Landet.
Men
me kjem ingen Stad, vil me taka alt paa Plunder; alt maa skipast i
Samhøve med kvartannat, og i Former, som er tenlege for Folket og
laglege etter Landsens Kaar i det heile.
Den
Tiltru hev me til Sverdrups Ministerium, at det med Samarbeid fraa
Stortinget vil kunna føra vaar økonomiske Utvikling inn paa betre
og stødare Vegjer.
Publisert