[Tidender.] Sudan.


Det er no komet greidare Meldingar fraa Sudan. Den fyrste, som fekk Greide paa, at Kartum var teken, var Oberst Wilson. Han tok upp etter Nilen mot Kartum paa tvo Eimbaatar, men daa han kom eit Stykkje paa Veg støytte det eine paa Grunn, daa Elvi var grunn og faarleg aa sigla paa. Wilson reiste daa paa det andre uppetter, og daa han kom so langt som til Kartum, saag han, at Flaget inkje var heist paa det Huset Gordon hadde brukt. Fraa baade Sidur av Elvi og fraa ei Øy midt ut i skaut dei hardt paa Eimbaaten, og dette var Merkje gode nok paa, at Mahdien hadde teket baade Kartum og Landet ikring. Wilson fekk ingi Greide paa, kor det hadde gjenget Gordon, det var ingi onnor Raad for honom, enn aa sjaa til aa koma ned til det engelske Legre att; men paa Nedreisa støytte den Eimbaaten paa Grunn og, men dei var daa truleg komne so langt, at Krigsfolket aat Mahdien inkje saag dei. Det vart daa sendt Bod til det engelske Legret etter Hjelp, og ein Eimbaat vart send iveg for aa berga Wilson, og dei han hadde med seg. Folk, som hev rymt fraa Kartum fortel, at Gordon vart ihelstungen med ein Dolk, daa Kartum vart teken. Han vilde ganga ut or Regjeringsbygnaden og samla um seg dei, som endaa var trufaste, daa Folken raakad honon. Alle, som inkje vilde halda med Mahdien vart drepne, og Blodbadet stod paa i fleira Ti-mar. Som me fyrr hev nemnt, so vart Byen teken med Svik. Tvo ægyptiske Generalar, som ein Gong hadde fenget Refsing av Gordon hadde Komandoen, og daa det var myrkt, førde dei Krigsfolket aat Mahdien paa ein Eimbaat yver aat Festningi og slepte dei inn.

Det skal no sendast Krigsfolk baade fraa England og India til Sudan. Italia skal stydja til med 3000 Mann.

Høgre i heile Europa lastar hardt paa Gladstone for det som hendt er i Sudan. Og no etterpaa hev dei lett for aa snakke. Aftenposten og Morgenbl. hev no soleids alt dømt Gladstones Ministerium av med Livet.

Ein Flokk av dei Engelskmennerne, som skulde av og hjelpa Gordon, skal nyleg hava haldet eit stort Slag med Krigsfolket aat Mahdien. Engelskmennerne vann og tok Legret aat Fienden.