[Tidender.] Ny Maalsak i Tinget.


Laurdags Eftan tok dei for seg Søknaden um at Regjeringi skulde godkjenna Norsk som offisielt Maal. _ Bonnevie tok Ordet og sagde, at han tykte ikkje det var verdt aa gjera noko Motmæle mot denne Saki no, daa ho hadde voret dryft i 3 Dagar her nyleg. _ Steen meinte ogso, at dette ikkje høvde. _ L. Smitt meinte ikkje, at det var avtalat endaa; han heldt eit langt Fyredrag imot denne Søknaden, som gjekk ut paa aa innføra fleire offisielle Maal i Landet. Denne her freistanden kom berre av Miskjenning av Høve millom eit Skriftmaal og Dialekterne; det hadde vortet vridet soleis um her i landet, at med Sprog meinte ein berre paa det, som Far og Mor talad. Men det var daa ikkje noko framandt Maal dette Skriftmaalet vaart, det hadde han sjølv røynt, daa han var uppalen i ei Fjellbygd. Og so var det den Folkeupplysningi, som no var komi for langt, Bygdemaalet vart for fatikt. Kvar likad sitt Heimemaal best, det vart snart Uppløysning, jamvæl Piperviksmaalet maatte faa retten sin daa. Det gjekk umogelegt an aa faa Bygdemaali inn i Rettsprotokollarne, der maa det vera eit visst Maal; det som er i Lovarne. Han tenkte, at naar det vert Spursmaal um aa røra med Maali, so vilde det komme en Partistrid, hvortil vort Land aldrig nogensinde havde været Vidne før .

I det heile kunne han ikkje skyna denne saare Kjensla for Nasjonaliteten vaar. I 1814 kunne det hava sin Grunn, men ikkje no, for Sjølvguding er ei stor nasjonal Ulukke. Me kom til aa verta sitjande i ei Bakevje, og Kulturstraumarne kom til aa renna framum oss, det vart berre Bakstræv med oss. Sæter og Advokat Bugge og Steen sagde nokre Ord. Endeleg kom Juelmed Framlegg um at Saki skulde setjast ut til eit seinare Møte, daa Statsraadarne ikkje var til Stades. _ I dag gjorde Motzfeldt ein lang tale og kom upp att med alle gamle Grunnar med Smaaoddar hit og dit, at mange av desse Maalmennerne var slike Farisearar (Framifraakarar som han kallad dei etter Høyems Umsetjing) og so det at Statsministaren vilde reint tyna burt den danske Tunga her i Landet o. s. v. Han heldt paa so lenge og attrad paa det same, at etter den Talen sagde Steen, at her var det ikkje Trong um Motmæle meir. Han berre sagde nokre Ord til Smitt, at det er nettupp paa den Maaten, at eit Folk er med i Kulturstraumen, at det fær gjeva det Sersvipen sin og merkja Tankarne med sitt eiget Merkje. Det var daa einast at ein Nasjon kann reisa seg upp att, naar han lyfter Almuesproget sit op til Kultursprog. So vilde han berre spyrja Kyrkjestyraren, um han vilde godkjenna denne Uppmaningi og gjenomføra Saki soleis som det maatad etter Tilhøvi. _ Ja skulde det vera slik ei Tilmaating etter Høvi, so fann helder ikkje Stang, at det var fullt so umogelegt som fyrr. Men han hevdad daa, at alle skulde ikkje hava Rett aa tala soleis som dei sjølv vilde, dei skulde daa tenkja meir paa den, som høyrer paa (likesom det ikkje nett er dette, som Maalmennerne krev av Skulemeistrar og Embættesmenn). Ellest so hadde han ikkje so mykje imot, at Presten preikad paa Bygdemaalet, naar det var eit stort Fleirtal av Folket, som vilde det. _ Statsraad Blix svarad det, at Regjeringi vilde taka seg av Saki, ikkje paa den Maaten, som Motzfeldt meinte, at dei vilde føra Krig imot Dansken, men soleis, at baae Maali fekk Likestelling i Prinsipet, og at det daa berre galt ettersom Tidhøvi kravde det aa gjenomføra dette Stig for 
Stig. Det hadde alt gjenget under den gamle Regjeringi, at dei hadde brukat Norskt Maal baade til Preike og Song, utan at nokon hadde aukad paa det. Motzfeldt hadde undrad seg paa det, um ein daa ikkje skulde hava Lov til aa vera glad i Morsmaalet sitt, den som talad Dansk. Jau det skulde dei faa vera, det vilde ingen taka fraa dei. Men nett denne Retten var det, som Maalmennerne ogso vilde hava for sitt Morsmaal _ Motzfeldtog Smitt og Stangvreid endaa paa det nokre Gong. Endeleg vart det Røysting Kl. 12. 78 Mann var med paa Innstellingi. 31 (Høgre og Diedrichsen og Huser) var imot.