Fraa Honnes (Sætisdalen).


Honnes Vinstre- elder Samtaleforeining hadde Møte paa Garden Ulebør Torsdagen den 30te april seinst. Der var blant andre Samtaleemni ogso uppstelt Maalsaki.

Det var nokre, som heldt paa, at det dansk-norske var billigast og best aa hava no daa me hev brukt det solengje, at det hev vunnet Hevdsrett som norsk Maal. Dei andre heldt paa det, at me hadde lengje nok nytta oss av laant Maal, og trudde det, at det norsk-norske Maalstræv hadde full Rett.

Daa me hadde ordkastast eit Bil, var det liksom dei dansk-norske reint tagnad. Dei ynskte daa helst, at Saki blei utsett til eit seinare Møte, for at dei kunne faa tenkt seg um. Dei blei daa sett til Avstemning, anten ho skulle setjast ut til eit seinare Møte, hell avgjerast med det same. Mot 2 Røyster blei Utsetjingi avgjord.

Ei Totalavhaldsforeining hev me i desse Dagar fenget istand her i Honnes. Ho tele umlag 110 Medlemar.

O.