Huglyndet.


Det Huglynde eit Menneskje hev, er det, som gjev Liten paa det, som er utanum honom.

Aldri kann ein setja seg utor seg sjølv og verta ei Fotografgreide, so han kann faa eit Bilæte av det han ser, soleis som det er i seg sjølv. Hev ein eit myrkt Huglynde, so legg den myrke Fargen seg og paa det ein ser, kor ljost det enn er i seg sjølv. Ein annen med eit ljost Huglynde kann sjaa Ljos der andre mest ser berre Myrke. Tvo kann sjaa det same, men det er likevæl ikkje det same for deim, og skal dei baae gjeva fraa seg Inntrykki sine um det same, som dei hadde set den same Gongen, so kann ein ofte ikkje skyne, at det er den same tingen, som det handlast um. Naar me høyrer Spel, so legg me oss sjølv inn i og finn fram vaart eiget Hugdrag, vaare eigne Draumar og Kjenslur. Me ser, at ein Fatikmann ofta kann vera gladare enn en Storkakse, som kann vera grønsur og ilsk, likevæl han ikkje skulde synest aa ha noko aa grine for. Dette er det og, som gjer, at ikkje alle Folk er einige, men at der er mange Meiningar um dei ymse Ting. Alle Hausar er ikkje laga paa same Maaten, der kann vera eit litet Hak uppi ein Heile og ei lita Bule uppi ein annan, som kann gjera dei usamde som Hund og Katt, det skal ikkje somykje til.

Det er væl, at det er so, for var alle Hausar likt laga, var alle samde i Verdi, so gjekk me alleihop og gapte og gjeipa i alle Verdsens Luter, fraa Pol til Pol; usams lyt Folk vera, mange motstridande Meiningar lyt her vera i Verdi, skal Lufti verta rein, og skal Folk ha noko aa røyna seg paa.

Men sæl er likevæl den, som hev det ljose Synet yver livet: det skaffar baade ein sjølv og andre Glede.


A. H.