Professorposten i Norsk.

 
No er det tvo Framlegg um denne Saki. Fyrst er det Regjeringsinnstellingi, som gjeng ut paa, at det skal verta ein fast Professorpost i Norsk. Og so hev det komet eit Framlegg fraa Stortingsmann Berner um, at det skal verta ein ekstraordinær Professorpost for Moltke Moe i Tradisjonar og Norskt Folkemaal.

I 1881 gjorde Stortinget Vedtak um Løn aat Hans Ross som ekstraordinær Professor i Norsk, men Styringi bægde imot og meinkad det burt, so det aldri vart noko av det. No er Ross den Mannen, at naar han hev vortet meinkad eit Aar, so gjeng han ikkje paa eit anna. No vil han ikkje hava nokon Professorpost meir, men berre vera i den Stelling som han hev.

Kven munde det so vera, som kunde vilja søkja Posten? Her skulde væl ikkje heiltupp vanta høvelege Menn til dette millom Maalmennerne; men aa taka ein sodan Post straks det er det ingen, som hev noko større Mot paa.

Den Mannen, som det hev voret ordat mest um til detta, det er Moltke Moe.

Det er ein Ungdom endaa aa kalla, men emneleg Gut og hev oversleg gode Grunnar i Vitenskaparne, som han hev granskat i mange Aar.

Det som er Hovudemnet hans er noko, som kallast Tradisjonar. Far hans, Bispen Jørgen Moe var ogso ein glup Mann i dette; han var den fyrste, som dreiv den Vitenskapen her i Landet.

Denne Vitenskapen held seg til alle Slag gamle Segner og Sogur og Æventyr, gamle Visur, gamal Sed og Tru, Gaatur og Leikar og alle sovorne gamle Minne fraa Fyrndeheimen. Alt dette granskar han ut, korleis det lyder paa ymse Stader og paa ymse Maal, han leitar utyver alle Land til aa finna korleis Grunndragi i det greiner og grivlar seg ut og krøkjer seg i einannan.

So stig han attgjenom Tiderne so langt som Soga veit aa nemna og endaa lenger og vil finna Røterne til alt, han grev i gamall Heidendom, han granskar Mannens Huglynde, han skygner etter korleis Maali hev ovrat seg og kløyvt seg ut, han fylgjer Religionarne og søkjer etter korleis dei hev lagat seg og innverkat paa kvarandre.

Det er ein Vitenskap vid og breid som Jordi, og han vil læra Menneskja mange forvitnelege Ting, men det er ikkje faae Menns Verk aa føra honom til nokon Endskap.

Det er denne store Vitenskapen, som Moltke Moe hev hogt seg inni; han hev daa fyrst teket fat i den Enden, som laag honom nærmast. Han hev granskat alt det som finst samlat av sovorne Ætteminne hjaa oss, han hev og faret mykje ikring sjølv i Bygderne og skrivet upp gamle Visur og Sogur og han hev gjort seg væl kjend med den gamallnorske Bokheimen. Og han hev fylgt med og leset det som er skrivet i dei fleste evropæiske Maal um slike Emne.

Denne Vitenskapen krev baade vid og djup Maalkunnskap, og Moltke Moe hev daa ogso lagt seg til baade eit Grunnlag i aalmenn Maalvitenskap og serskilt hev han maatt setja seg inn i dei Norske Bygdemaali, allvist daa dei, som er rikast paa sovorne Tradisjonar elder Ætteminne.
 
Maalvitenskapen er ein mangslungen Vitenskap. Han som alt anna fylgjer med Straumdraget i Tidi og er mangfeld, likesom Tiderne er mangfelde.

Her ei Tid gaumad dei mest etter Samanhenget millom dei ymse Maali og leitad etter Einskapen Tiderne attigjenom og Landi imillom, det var daa Ordrøterne, som var det, dei saag mest etter (det etymologiske Prinsip). Ivar Aasen er ein Maalgranskar av det Slaget.

So er det den Læra, at ein skal berre ganga etter Ljoen, ein skal faa Tak paa, korleis kvart Ord lyder, so grant som mogelegt. Daa er det ikkje Einskapen ein søkjer men nettupp Skilnaden millom Maali, kvart einaste Bygdemaal er daa noko so heilslegt og avi seg sjølv, at det kann ikkje renna i hop med noko anna Maal, (det fonetiske Prinsip). Professor Johan Storm hev det paa denne Gjerdi i Maalgranskingi si.

Ein kann og taka det paa den Maaten, at ein visar, korleis Maali veks og jamnar seg i hop elder brigder seg utigjenom Tiderne. Elder ein kann granska Maalet som eit Klæde for Tanken, so at det hev sitt fornæmste Verde etter det Innhald, som det hev, som Berar for Folks Kultur, som Form for det aandelege Livet, som rører seg i Landet og som ei Framsyning av sjølve dei Menneskje, som brukar Maalet; Samanlikning millom korleis Maalet fell i Talen og korleis det vert brukat paa Skrift o. s. v.

Denne siste Sida av Maalvitenskapen (den historiske Syni) hev endaa ikkje fenget sin Mann her i Norig. Men det kunne vistnok vera baade forvitnelegt for Vitenskapen og av stort Verde i fleire andre Maatar ogso, um me fekk ein, som serskilt kunne taka det paa den Gjerdi.

Eit Maal hev sitt store Verde i seg sjølv, baade naar ein tek det etter Ljoen og etter Ættemerki, men alle maa daa medgjeva, at for dei fleste, er det Innhaldet som er utformad i Maalet som er det gjævaste.

Um ein daa for fram etter dette Prinsipet i Norsk Maalvitenskap, so vilde baade dei gamle og dei nyare Folkevisurne, Segnerne og Sogurne faa ein hæv Plass, likesom helder ikkje dei nyare Landsmaalsformer vilde vera undantekne Granskningi. I det heile vilde alt det, som det Norske Folket hev funnet eit fastare uttrykk for Aandslivet sitt i enn nettupp Kvardagsordi koma til sin Rett.

Og um ein serleg vilde sjaa paa den Innverknad som dette vilde hava paa Studentarne til aa dei kunne verta førde paa ei meir folkeleg Leid, elder paa den Vinning som sovoren Kjennskap vilde vera for Skriftmaalet vaart i Framtidi, so vilde dette vera mykje verdt.

Etter det me fyrr hev nemnt, vil ein kunna skyna, at Moltke Moe maa hava gode Vilkaar til aa framføra Norsk Vitenskap paa ein slik Maate. Og me skulde difor gjerne sjaa honom som den fyrste Mannen paa Lærestolen i Norsk ved Universitetet.

Moe skal ikkje hava nokon sers Hug til aa vilja søkja paa den Professorposten i Norskt Folkemaal, med di han er ottesam for, at han daa ikkje skulde kunna faa driva dei andre Granskningarne med full Kraft.

Berner hev difor komet med Framlegget sitt, som baade set honom til Norsklærar ved Universitetet, samstundes med at det gjev honom frie Hender til aa driva sine andre Vitenskapar attaat.

Paa den eine Sida krev Landsens Vyrdnad likesom, at det vert gjort ein fast Professorpost i Norsk, som skal standa til alle Tider. Paa den andre Sida var det ogso ille, um Moe, ved aa taka denne Posten, skulde verta nøydd til aa gjeva dei hine Syslurne ifraa seg. Me for vaar Del tykkjest likevæl tru, at det kunne ikkje vera so stor ein Faare med di, daa ein Professor, allvist ein, som ikkje fær noko mykje Eksamensarbeid, allstøtt fær god Tid utanum Embættesarbeidet sitt, iser um Kyrkjedepartementet kunne taka Avsyn paa det og gjeva honom noko meir fritt Velde, um han ogso vilde lesa yver Ting, som meir vedkom Tradisjonsvitenskapen enn Maalvitenskapen.

Ein Maate, som var tenkjeleg var ogso den, at Tinget vedtok baade Framleggi, soleis at Moe vart utnemnd som ekstraordinær Professor, men at han vart paalagd aa styra den ordinære Professorposten i Norsk utan nokor serskild Løn.

Ellest vonar me trygt, at naar Regjering og Ting møtest til Raadlegging og Avgjerdsla av Saki, vil dei greida det paa høvelegste Maaten.